Hopp til innhald
Oppgåve

Korleis redusere konspirasjonstenking?

I denne oppgåva skal du drøfte ulike strategiar og prinsipp for å redusere konspirasjonstenking i samfunnet.

Korleis kan vi redusere konspirasjonstenking?

Den ungarske forskaren Peter Kreko tek for seg nokre prinsipp som kan førebygge og redusere konspirasjonstenking i eit samfunn.

  1. Immunisering: Opptrening i kritisk tenking kan forbetre dei logiske og analytiske ferdigheitene til folk som blir utsette for konspirasjonsteoriar. Under dette kjem òg medieforståing.

  2. Førebygging: Ein kan forhindre spreiing av skadeleg innhald på sosiale plattformer. Dette kan innebere ei form for mjuk sensurering der stoff som er faktasjekka som 'feil', blir stempla med ei åtvaring.

  3. Helsebot: Dersom nokon allereie er påverka av konspirasjonsteoriar, er det mogleg å minimere dei negative effektane ved å argumentere mot teoriane. Ofte er det betre med nokre få, gode rasjonelle argument enn mange svake.

  4. Tilbakevising: Ein måte å forhindre at konspirasjonsteoriar spreier seg på, er å fjerne dei underliggande årsakene i samfunnet, til dømes ved å redusere ei kjensle av uvisse, mistillit eller maktesløyse.

Oppgåve 1

Peter Kreko deler desse strategiane inn i før og etter spreiing av konspirasjonsteoriar (KT). Vidare deler han dei inn i individnivå og samfunnsnivå.

  1. Plasser strategiane på rett stad. Kva strategiar skal på individ- og samfunnsnivå før og etter at ein konspirasjonsteori er spreidd?

  2. Forklar kvifor du meiner at strategiane høyrer heime akkurat der.

  3. Finn døme på konkrete tiltak innanfor dei enkelte strategiane.

Oppgåve 2

  1. Ranger strategiane i tabellen nedanfor. Plasser strategien du meiner fungerer best, øvst.

  2. Drøft kva for nokre av strategiane som fungerer best for å redusere konspirasjonstenking.

  3. Er det nokon andre strategiar som du trur kan fungere for å redusere konspirasjonstenking?

Kilde

Krekó, P. (2020). Countering conspiracy theories and misinformation. I Butter, M. & Knight, P. Routledge.

Relatert innhald