Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presenter ein konspirasjonsteori

I denne gruppeoppgåva skal de ta utgangspunkt i ein konspirasjonsteori og presentere han for resten av klassen.
Oversiktsbilete over Holocaust-monumentet i Berlin. Tunge, firkanta minnesteinar i betong på rekke og rad fordelte over ein stor plass. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1: Førebuing

Les desse artiklane før de startar:

Del 2: Oppgåve

Ta utgangspunkt i ein valfri konspirasjonsteori. Bruk gjerne ein som blir presentert i artikkelen "Kjende konspirasjonsteoriar", men de kan velje ein annan òg.

I presentasjonen skal de gi svar på desse spørsmåla:

  1. Kva går teorien går ut på?

  2. Prøver teorien å framstille eit fiendebilete eller ei skjult makt som "eigentleg" bestemmer det som skjer?

  3. Kva er det som gjer dette til ein konspirasjonsteori? Kjenner de igjen nokon typiske trekk? Her kan de ta utgangspunkt i punkta i artikkelen "Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?".

  4. Finst det alternative versjonar av konspirasjonsteorien? Kva er den "offisielle" historia?

  5. Kva punkt i teorien er det lett å hevde må vere feil eller oppdikta?

  6. Kva er truverdig ved teorien, og kva er ikkje truverdig?

Del 3: Plenum

Alle gruppene presenterer konspirasjonsteorien sin for resten av klassen, og deler kva de har funne ut. Til slutt skal de diskutere desse spørsmåla:

  1. Kva likskapstrekk er det i teoriane som har blitt presenterte?

  2. Er det nokon teoriar som er så truverdige at de kunne trudd på dei?

  3. Er desse teoriane underhaldning, eller kan dei vere farlege for samfunnet?

  4. Kva kan kvar av oss som enkeltindivid og samfunnet generelt gjere for å hindre spreiing av konspirasjonsteoriar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Oppskrift på ein konspirasjonsteori