Hopp til innhald
Fagartikkel

Alle er konspirasjonsteoretikarar

Det er ikkje uvanleg å tru litt på konspirasonsteoriar. Dei fleste av oss gjer det, men somme er mykje meir mistenksame enn andre. Kvifor er konspirasjonsteoriar så spennande? Kven trur mest på konspirasjonsteoriar?

Alle er konspirasjonsteoretikarar

Konspirasjonsteoriar er førestillingar om at nokon, gjerne ein skjult elite, deltek i ei samansverjing for å oppnå eigne mål. Målet er øydeleggande for samfunnet og blir derfor halde skjult. I mange tilfelle er konspirasjonsteoretikarar meir opptekne av å svekke offisielle forklaringar ved å spreie mistillit, enn å bevise eigne teoriar.

Til ei viss grad kan vi seie at alle menneske er konspirasjonsteoretikarar. Konspirasjonstenking er ikkje unormalt, men heller ein menneskeleg måte å tenke på. Forskjellen er at somme er i overkant mistenksame og opptekne av å sjå samanhengar som kanskje ikkje eksisterer.

For somme kan det vere eit element av spenning å få innblikk i noko som verkar skjult og hemmeleg. For desse kan slike teoriar vere spennande og ikkje minst underhaldande.

Kvifor trur vi på konspirasjonsteoriar?

Det finst mange årsaker til kvifor menneske trur på konspirasjonsteoriar. I forskinga deler vi dei inn i individuelle behov og forhold som tek utgangspunkt i samfunnet.

Individuelle behov

Kunnskapsmessige behov hos menneske gjer at vi leitar etter mønster og samanhengar, spesielt i tider med usikkerheit.

Vi har alle sosiale behov, og somme oppsøker gjerne kontakt med andre personar som deler den same konspiratoriske tankegangen.

Alle menneske har eksistensielle behov som gjer at vi ønsker meistring og tryggleik i kvardagen. Kjensle av maktesløyse og angst kan føre til ei jakt etter alternative forklaringar og nokon å legge skylda på.

Samfunnsforhold

Store samfunnsendringar og hendingar gjer at vi kan bli meir mottakelege for konspirasjonstenking. Mange opplever store kriser som uforståelege, og dette fører til usikkerheit. Desse kan vere lettare å handtere viss noko, eller nokon, kan peikast ut som syndebukk. Konspirasjonsteoriar gir folk enkle svar og hjelper med å handtere kriser.

I samfunn med korrupsjon og låg demokratisk tillit vil det vere vanskeleg å vite kven du kan stole på, og kva som er sant. Under slike forhold vil det vere større tilhug til å tru på alternative forklaringar, spesielt konspirasjonsteoriar som er makt- og autoritetskritiske.

Kva gjer konspirasjonsteoriar så forlokkande?

Konspirasjonsteoriar tilbyr forklaringar på det som skjer rundt oss, og ikkje minst på ting som kanskje ikkje kan forklarast. I ei kaotisk og uoversiktleg verd kan det vere freistande å setje kritisk sans til side og gi seg hen seg til enkle forklaringar. Alle menneske søker tryggleik, og denne lengselen heng ofte saman med avmakt. Når folk opplever avmakt eller maktesløyse, kan dette fort rettast mot autoritetar eller dei som styrer eit samfunn.

Forfattar og medieviter John Færseth forklarer kvifor så mange trur på konspirasjonsteoriar, og kven som er den typiske konspirasjonsteoretikaren.

Er konspirasjonsteoriar samfunnskritikk?

I dag er konspirasjonsteoriar meir tilgjengelege enn tidlegare på grunn av sosiale medium. Ungdom er opptekne av konspirasjonsteoriar, men ofte botnar dette i nysgjerrigheit og eit ønske om eller ein vilje til å grave djupare i eit tema som interesserer dei. Sjølv om desse teoriane er overalt på internett, finst det òg lett tilgjengelege motargument.

Korleis faktasjekke påstandar?

I tillegg til kritisk tenking og tips for å avsløre konspirasjonsteoriar finst ei rekke nettstader som er dedikerte til faktasjekking – eller "debunking" – som det ofte blir kalla.

I tillegg til artikkelen om konspirasjonsteoriar er Forskning.no og Skepsis to gode nettsider for faktasjekk av rykte, nyheiter eller tvilsame påstandar.

Artikkel: Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?

forskning.no

Skepsis

I eit demokrati skal det vere rom for å ytre seg skeptisk mot styresmakter eller autoritetspersonar. Slik sett er det positivt at ungdom og andre stiller kritiske spørsmål om det som skjer rundt oss. På ein måte kan konspirasjonsteoriar oppfattast som systemkritikk mot ei etablert sanning. Dette er noko vi ønsker å oppmode til. Det er derfor viktig å skilje mellom kritisk tenking og konspirasjonsteoriar. I artikkelen om kritisk tenking får du forklart kva kritisk tenking inneber. I verkelegheita er konspirasjonstankar det motsette av kritisk tenking, og i mange tilfelle kan slike tankar stå i vegen for legitim samfunnskritikk.

Konspirasjonsteoretikarar er ofte kritiske til den allment aksepterte versjonen av noko, men samtidig er dei ofte naive til all informasjon som støttar verkelegheitsoppfatninga deira. Dette blir kalla for monologiske trussystem, der ein konspirasjonsteoretikar lukkar seg for motargument i staden for å ta dei innover seg.

Les om korleis du kan snakke med ein konspirasjonsteoretikar i artikkelen "Slik snakker du med en som tror på konspirasjonsteorier" på NRK.

Kjelder

Dyrendal, A. & Emberland, T. (2019). Hva er konspirasjonsteorier? Universitetsforlaget.

Douglas, K., M. (2019). Understanding Conspiracy Theories. I Advances in Political Psychology, vol 40. Henta frå https://onlinelibrary.wiley.com/doi/full/10.1111/popes.12568

Færseth, J. (2017). KonspiraNorge. Humanist Forlag. Oslo.

Laingen, I. (2021, 29. januar). Slik snakker du med en konspirasjonsteoretiker. I NRK. Henta frå https://www.nrk.no/livsstil/slik-snakker-du-med-en-som-tror-pa-konspirasjonsteorier-1.15328854

Lewandowsky, S. & Cook, J. (2020). The Conspiracy Theory Handbook. I Center for climate change communication. Henta frå https://www.climatechangecommunication.org/conspiracy-theory-handbook/

Mesna, M. (2019, 6. mai) Konspirasjonsteorier er det stikk motsatte av kritisk tenkning. I ublogg. Henta frå https://ublogg.no/konspirasjonsteorier-er-det-stikk-motsatte-av-kritisk-tenkning/

Owe, J., R., (2020, juni). Konspirasjonsteorier. I 22.juli-senteret. Henta frå https://files.nettsteder.regjeringen.no/wpuploads01/blogs.dir/251/blir filte/2020/10/Konspirasjonsteorier_kjelder.PDF

Van Prooijen, J., W. (2018). The Psychology of Conspiracy Theories. Routledge. New York.