Kva er konspirasjonsteoriar?
I den tverrfaglege læringsstien "Utforsk konspirasjonsteoriar" skal du setje deg inn i kva som ligg i konspirasjonsteoriar, og korleis du kan kjenne dei igjen. Sentrale spørsmål i læringsstien er å kunne gjere greie for kjenneteikn for ein konspirasjonsteori og reflektere over kvifor desse teoriane kan vere farlege for individet, samfunnet – og ikkje minst demokratiet.
Konspirasjonsteoriar er eit viktig og sentralt tema som inngår i læreplanane i ulike fag. Temaet eignar seg derfor godt som utgangspunkt for eit tverrfagleg prosjekt, og det er mange moglegheiter for å tilnærme seg temaet frå ulike vinklar, i ulike fag.
Det finst fire opplegg på NDLA som tek for seg konspirasjonsteoriar frå ulike innfallsvinklar. Desse kan kombinerast og til dømes blir brukte til gruppearbeid i eit tverrfagleg prosjekt:
Kva er konspirasjonsteoriar?
Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, engelsk, historie, religion og etikk, mediesamfunnet 1, mediesamfunnet 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap, sosiologi og sosialantropologi