Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Introduksjon til konspirasjonsteoriar

I denne oppgåva blir du introdusert for konspirasjonsteoriar. Sjå filmen, som presenterer tre kjende konspirasjonsteoriar, og svar deretter på spørsmåla om temaet.

Oppgåve 1. Individuelt arbeid

Sjå filmen og svar på spørsmåla individuelt:

  1. Kva konspirasjonsteoriar viser filmen?

  2. Kvifor trur du det er nettopp desse konspirasjonsteoriane som er dei tre mest kjende?

  3. Kva for andre konspirasjonsteoriar kjenner du til?

  4. Kvifor trur så mange på konspirasjonsteoriar?

Oppgåve 2. Plenum

Diskuter i klassen:

  1. Kva er eigentleg ein konspirasjonsteori?

  2. Finst det nokon kjenneteikn på konspirasjonsteoriar?

  3. Er konspirasjonsteoriar berre tull og fjas, eller kan slike teoriar vere farlege?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2021

Læringsressursar

Kva er konspirasjonsteoriar?