Presenter ein konspirasjonsteori
Les desse artiklane før de startar:
Ta utgangspunkt i ein valfri konspirasjonsteori. Bruk gjerne ein som blir presentert i artikkelen "Kjende konspirasjonsteoriar", men de kan velje ein annan òg.
I presentasjonen skal de gi svar på desse spørsmåla:
Kva går teorien går ut på?
Prøver teorien å framstille eit fiendebilete eller ei skjult makt som "eigentleg" bestemmer det som skjer?
Kva er det som gjer dette til ein konspirasjonsteori? Kjenner de igjen nokon typiske trekk? Her kan de ta utgangspunkt i punkta i artikkelen "Korleis avsløre ein konspirasjonsteori?".
Finst det alternative versjonar av konspirasjonsteorien? Kva er den "offisielle" historia?
Kva punkt i teorien er det lett å hevde må vere feil eller oppdikta?
Kva er truverdig ved teorien, og kva er ikkje truverdig?
Alle gruppene presenterer konspirasjonsteorien sin for resten av klassen, og deler kva de har funne ut. Til slutt skal de diskutere desse spørsmåla:
Kva likskapstrekk er det i teoriane som har blitt presenterte?
Er det nokon teoriar som er så truverdige at de kunne trudd på dei?
Er desse teoriane underhaldning, eller kan dei vere farlege for samfunnet?
Kva kan kvar av oss som enkeltindivid og samfunnet generelt gjere for å hindre spreiing av konspirasjonsteoriar?
Relatert innhald
Lær meir om nokre av dei mest kjende konspirasjonsteoriane i verda.