Oversikt: Myndiggjering og frigjering
Myndiggjering handlar om ein prosess der menneske oppnår større kontroll over avgjerder og handlingar som påverkar liva deira. I denne samanhengen snakkar vi om ulike grupper i norsk og samisk historie, men det er like aktuelt i verdshistoria. Ofte gjeld det ulike minoritetsgrupper i samfunnet, som den kampen samane har ført for råderett over eigne område, men det kan også handle om store grupper som ikkje har hatt nok rettar, som arbeidarar etter industrialiseringa, eller kvinners kamp for stemmerett for å kunne delta i samfunnet på lik linje med menn.
Ofte handlar det om ulike minoritetar når vi snakkar om det å kjempe for myndiggjering og frigjering.
I Noreg er det i stor grad snakk om urfolk, altså samar, og dei fem nasjonale minoritetane jødar, kvener, rom, romanifolk og skogfinnar. Dei har fått statusen sin fordi dei har hatt lang tilknyting til Noreg. Samtidig har desse ulike gruppene hatt ulike utfordringar og vorte kontrollerte i ulik grad av norske styresmakter og storsamfunnet.
I løpet av historia har dei nasjonale minoritetane i ulik grad vore offer for fornorsking, overgrep og andre store inngrep i levemåtar og kultur. Dei siste åra er det lagt meir vekt på å fortelje historia deira, og at folk skal få større forståing for kulturen til dei ulike gruppene.
Samane har hatt sin kamp for myndiggjering etter fornorskingsprosessane norske styresmakter gjennomførte frå midten av 1800-talet og i lang tid framover. Det har handla om råderett over eigne område, religionsfridom og rettar knytte til dei som urbefolkning.
Alt dette kan du lese meir om under emnet denne artikkelen er ein introduksjon til.
Interesseorganisasjonar
Mange av minoritetsgruppene, men også kvinner og arbeidarar som ikkje hadde like rettar som dei som eigde produksjonsmidla og rike menn, oppretta interesseorganisasjonar som skulle hjelpe til med å snakke deira sak. Både for å få merksemd om saka og for å få hjelp med å påverke styresmaktene til å endre politikk.
Døme på slike interesseorganisasjonar er alt frå fagforbund, der arbeidarar organiserte seg, til kvinnesaksorganisasjonar som Norsk kvinnesaksforening. For dei nasjonale minoritetane ser vi døme i Norske Kveners Forbund og i Landsorganisasjonen for Romanifolket.
I det samiske tilfellet har det vore fleire ulike organisasjonar og parti, mellom anna Norske Samers Riksforbund og Samenes Landsforbund. I 1989 vart Sametinget oppretta. Sametinget, som er eit folkevalt organ, skal snakke for samesaka, styrke den politiske stillinga til samane og fremme dei samiske interessene i Noreg. Dei skal også arbeide for å legge forholda til rette for at samane skal kunne sikre og utvikle eigne språk, eigen kultur og sitt eige samfunnsliv.
At fleire personar og grupper blir inkluderte i storsamfunnet, får stemmerett, får råderett over eigne område og eige liv, er viktig for den demokratiske prosessen i landet vårt. Det handlar om å kjenne seg velkommen, inkludert og ha høve til å delta i demokratiet. Jo fleire som engasjerer seg, jo større påverknad får folk over eigne liv og sine eigne rettar.
Tenk over
Det er sagt at kvaliteten på eit demokrati best kan målast ut frå korleis demokratiet behandlar minoritetane sine.
Basert på denne setninga, korleis meiner du statusen er for demokratiet i Noreg?