Hopp til innhald

Fagstoff

Tvangssterilisering

I mellomkrigstida vart det utarbeidd ein sosialpolitikk som skulle kontrollere reproduksjonen blant såkalla «lågareståande individ». Dette meinte ein var taterar, sigøynarar, prostituerte, seksualforbrytarar, psykisk utviklingshemma, sinnssjuke og moralsk lågareståande menneske, som einslege mødrer.
Melding om tilbakestående barn fra direktøren for døve-, blinde- og åndssvakeskolene. Foto av kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lågareståande individ

Rasehygiene og utveljing var ikkje berre noko ein drev med i det nasjonalsosialistiske Tyskland på 1930-talet. Tanken om å reinske samfunnet for det som vart rekna som lite verdifulle samfunnsborgarar, var vanleg sosialpolitikk i den vestlege verda på den tida. Noreg var ikkje noko unnatak. Alt tidleg på 1900-talet hadde ein diskutert ei eiga steriliseringslov. I dei første diskusjonane om lova var det seksualforbrytarane ein ønskte å kontrollere.

Å hindre dårleg arvemateriale

Første side i et hefte om norsk rasehygiene fra 1932. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spørsmålet var korleis ein skulle hindre dårleg arvemateriale i å spreie seg. Helsevesenet hadde fleire alternativ å vurdere:

  1. Sterilisering (kutting av høvesvis eggleiarar og sædleiarar)
  2. Kastrering (fjerning av høvesvis eggstokkar og testiklar)
  3. Åtskiljing frå foreldre, plassering på institusjon
  4. Ei streng ekteskapslovgiving
  5. Prevensjonsrettleiing

Alle desse verkemidla vart til dels brukte i Noreg i mellomkrigstida.

Forakta for dei svake

Sterke grupper i og utanfor det offentlege hjelpeapparatet ønskte å reinske ut dei lågareståande individa som skjemde samfunnet og var til sjenanse for den veltilpassa borgeren. I eit Noreg som var prega av krisetid utover 1930-talet, vart tiltak som kunne spare dei offentlege budsjetta, tekne i mot med takk. Forkjemparane for ei steriliseringslov meinte at personar som sjølv ikkje kunne oppdra barna sine, burde hindrast i å få barn. Elles kunne desse barna falle samfunnet til byrde og spreie arvematerialet sitt til nye generasjonar.

Internasjonale tankar

At liknade argument og lovgiving var å finne i fleire vestlege land, styrkte forkjemparane for steriliseringslova. Det var også ei lik oppfatning av steriliseringsspørsmålet blant legane i USA, Sveits, Tyskland, England og i dei nordiske landa.

Legen Ingeborg Aas

Portrett av legen Ingeborg Aas som drev privatklinik i Trondheim. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingeborg Aas var lege i Trondheim frå 1905, der ho dreiv privatpraksis. Frå 1913 leidde ho ein nyoppretta poliklinikk for veneriske sjukdommar i same by. Ho var ein aktiv pådrivar for ei steriliseringslov. Mange av dei oppmodingane som vart sende Storting og regjering, kom i stand på hennar initiativ.

I ein artikkel i tidsskriftet Sosialt Arbeid, skreiv ho dette om taterane: «De nyere undersøkelser viser, at en meget stor prosent av omstreiferne er defekte og psykiske undermålere, og de sosiale hensyn ligger tydelig i dagen».

Den norske misjon blant hjemløse

Også kristne grupper ivra for ei steriliseringslov. Det var særleg omstreifarar misjonen ønskte å kontrollere. Dei såg på omstreifarane som parasittar, og levemåten deira stod i sterk kontrast til livsforma og levesettet til dei fastbuande. Omstreifarane eller taterane vart sedde på som ein trugsel mot den sosiale, kulturelle og moralske ordenen i samfunnet. Misjonen hadde også eigne verkemiddel i kampen mot omstreifarane, dei etablerte barneheimar for omstreifarbarna. Her vart barna plasserte med eller utan velsigning frå foreldra. Ofte hadde verjeråda gripe inn for å ta frå taterar foreldreretten til barna sine.

Kamp mot valdtektsmenn

Kvinner med ulik politisk bakgrunn engasjerte seg i kampen mot sedskapsforbrytarar. Norske Kvinners Nasjonalråd skreiv i ein resolusjon til Justisdepartementet i 1929 at sikringsføresegnene i straffelova måtte handhevast strengare for å verne samfunnet mot seksualforbrytarar. Samtidig burde det innførast reglar for tvangskastrering av farlege sedskapsforbrytarar.

Befolkninga var for sterilisering

Det var sterke grupper som ivra for ei steriliseringslov utover 1920–30-talet. Store delar av befolkninga var positive til ei lov som kunne frårøve forplantingsevna hos menneske som låg samfunnet til byrde.

Artikkelen vart opprinneleg publisert på kildenett.no

Relatert innhald

Korleis kunne ein fram til slutten på 1960-talet tvangssterilisere friske jenter med samtykke frå styresmaktene?

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper