Hopp til innhald

Fagstoff

Fornorskingspolitikken overfor samane

I ein periode på nesten 100 år førte norske styresmakter ein aktiv fornorskingspolitikk overfor samane og kvenane. Denne politikken blir òg kalla assimilering og hadde utgangspunkt i eit ønske om at samar og kvenar skulle smelte saman med det norske samfunnet.
Mange samiske skulebarn og nokre vaksne framfor ein trebygning. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skal fokusere på samane i denne fagartikkelen, sjølv om vi òg vil omtale noko av politikken overfor kvenane. Du kan lese meir i artikkelen om kvenane.

Fornorskingspolitikken

Fornorskingspolitikken starta allereie frå 1850, men spesielt frå 1870-talet og utover var dette gjeldande minoritetspolitikk frå norske myndigheiter.

Tanken var at ein kunne hjelpe samane på best mogleg måte om dei gav slepp på sitt eige språk, religionen og klesstilen sin, som signaliserte kva minoritet dei høyrde til.

Det var ei generell nedvurdering av samar og samisk kultur, og fornorskinga blei presentert som om ho var til deira eige beste. Det var likevel gjennom tvang dette blei gjennomført. Det har blitt sagt at det ikkje var mykje motstand blant samar og kvenar, men i seinare tid har det komme fram at det var ei sterk avmaktskjensle. Inntrykket var at dei som satt med makta, bestemte, men utan interesse for kva dei som vart utsette for denne politikken, meinte om saka.

Fornorskingspolitikken er berre eit anna namn på assimileringspolitikk. Assimilering tyder "å gjere lik". Assimilering blir gjerne beskriven som ein politikk som ein stat eller ei regjering fører overfor ein språkleg og kulturell minoritet for å gjere den mest mogleg lik fleirtalet i befolkninga.

Assimilering av minoritetar var vanleg i fleire land enn Noreg, men i alle landa som gjennomførte assimileringspolitikk, var denne politikken nær knytt til framveksten av nasjonalstaten. Noreg skilde seg ut med at denne politikken var målbevisst og langvarig.

Språket og skulen

Ein gut i samisk kufte står framfor ei tavle med tekst skriven på norsk. Han peikar på tavla med ein peikestokk. Andre barn sit ved pultane og ser på. Ei kvinne står til høgre for tavla. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å ta vare på minoritetskultur og -språk er det avgjerande at dei nasjonale institusjonane vernar om og legg til rette for utøving av kulturen og bruk av språket. Dersom det motsette skjer, blir minoritetsgruppa endå meir sårbar. Med fornorskingspolitikken vart dei nasjonale institusjonane brukte til å undertrykke det samiske språket og kulturen. Skulen, og etter kvart internata, vart viktige institusjonar for denne fornorskingspolitikken.

Sjølv om denne politikken handla om mykje meir enn språk, så var språket det temaet som kom i fokus. Og det var i skulen det norske språket skulle undervisast.

I 1851 oppretta Stortinget "Finnefondet", som skulle fremme undervisning av norsk og sørge for såkalla opplysning av det samiske folket. Dette var løyvingar på til dels store summar som gjekk til fornorskingstiltak både i den samiske og kvenske befolkninga.

I 1898 kom den såkalla Wexelsenplakaten. Dette var ein språkinstruks til skulen utforma av kyrkjeminister Wilhelm Andreas Wexelsen. Wexelsenplakaten sa at bruk av kvensk og samisk som hjelpespråk i undervisninga skulle strammast kraftig inn. Dette gjorde at norsk i realiteten blei det einaste opplæringsspråket òg i samiske område. Skuleinstruksen sa òg at lærarane skulle passe på at samiske og kvenske elevar ikkje brukte morsmålet sitt i friminutta. Det blei òg utarbeida det ein kan kalle eit premieringssystem for dei lærarane som klarte å fornorske mest.

I tillegg til fokuset på norsk som opplæringsspråk blei det òg bygd ei rekke internatskular i Finnmark på byrjinga av 1900-talet, drive fram av skuledirektør Bernt Thomassen. Finnmark var faktisk det første fylket som fekk eigen skuledirektør, nettopp for å intensivere fornorskingsarbeidet. Ketil Zachariassen skriv at skuleinternata blei ein viktig institusjon for å fremme norsk språk og kultur. Internatskulane var skular der barna budde på skulen i løpet av skuleåret, og mange barn vart skilde frå foreldra sine mesteparten av året.

Følger av fornorskingspolitikken

Fornorskingspolitikken hadde innverknad på heile befolkninga i Finnmark på grunn av det store omfanget, og ikkje minst varigheita. Fornorskinga fortsette til omtrent midt på 1900-talet, men den har hatt følger heilt fram til i dag. Formelt stod skuleinstruksen frå 1898 heilt fram til 1963 då den såkalla Samekomiteens innstilling blei behandla i Stortinget.

Samekomiteen heitte eigentleg Komiteen til å utrede samespørsmål. Komiteen gjekk inn for at samane skulle integrerast, ikkje assimilerast, med sikte på å oppnå likeverd i fellesskapet. Komiteen si innstilling fekk støtte i Stortinget.

Med Alta-saka frå slutten av 1970-talet fekk ein ei større bevisstgjering om samane sin situasjon i den norske befolkninga, og òg større bevisstgjering blant samane sjølve.

Det skal understrekast at mange heilt fram til i dag har vore sterkt påverka av den fornorskingspolitikken som vart ført. Folk mista språket og identiteten sin som kulturell minoritet, og ein hadde òg tidlegare vore gjenstand for misjonsverksemd som gjorde at den samiske religionen nærmast var forsvunnen. Ein del heldt òg den samiske identiteten sin skjult for etterkommarane sine, då det å vere same var blitt sett på som noko negativt gjennom så mange år.

Kong Harald ba om tilgjeving for fornorskingspolitikken frå den norske staten då han opna Sametinget i 1997. På den samiske nasjonaldagen i 2017, som også var 100-årsmarkeringa for det første samiske landsmøtet, uttalte dåverande statsminister Erna Solberg at fornorskingspolitikken var eit svart kapittel i norsk historie fordi han tvang samar til å legge bort kulturen sin og språka sine. Solberg la til at dette heldigvis ikkje er norsk politikk i dag.

I 2023 publiserte Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport som mellom anna viste til at fleire former for fornorsking framleis skjer i dag. Dette gjeld mellom anna språktap og fornorsking av namn. Mange, både samar og kvenar, gjekk over til å snakke norsk blant anna på grunn av mindreverdskjensla som marginalisering og stigmatisering av kvensk og samiske språk har ført til. På grunn av fornorskinga vart samiske personar oppfordra til å endre dei samiske namna sine til norske namn. På grunn av dette gjekk betydninga til dei samiske namna tapt. Dette er konsekvensar vi lever med den dag i dag.

Kjelder

Gaski, H. (2021, 5. januar). Samenes historie. I Store norske leksikon. https://snl.no/samenes_historie

Minde, H. (2005). Fornorskinga av samene – hvorfor, hvordan og hvilke følger. Gáldu čála, tidsskrift for urfolks rettigheter, nr. 3/2005.

Samisk skolehistorie. (u.å.). http://skuvla.info/index-n.htm

Zachariassen, K. (2022, 8. august). Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar. Norgehistorie.no. https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1554-fornorskingspolitikken-overfor-samar-og-kvenar.html

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper