Hopp til innhald

Fagstoff

Kautokeino-opprøret i 1852

I løpet av heile perioden med fornorskingspolitikk utøvde aldri samane vald mot makthavarane, med eitt unntak: det som sidan har vorte kjent som Kautokeino-opprøret. Vi skal sjå på kva som skjedde, og bakgrunnen for opprøret.
Ei kvinne og eit barn kledde i samedrakt står framfor ein reinsdyrflokk på ei snødekt vidde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kautokeino-opprøret – kva skjedde?

Kautokeino-opprøret er nemninga på eit både religiøst og politisk opprør som fann stad i Kautokeino i 1852. Denne valdelege samanstøyten var resultatet av ein konflikt som hadde gått føre seg i fleire år. Konflikten var mellom ei gruppe samar som hadde tilhøyrsel til vekkingsrørsla læstadianismen, og den ikkje-samiske øvrigheita i Kautokeino, nemleg handelsmannen, presten og lensmannen. Den 8. november 1852 enda konflikten med at handelsmannen i bygda og lensmannen mista livet, og presten vart piska.

I rettsaken som følgde, vart mange av dei samiske opprørarane dømde til straffarbeid, mens to av leiarane, Mons Somby og Aslak Hætta, vart avretta to år seinare.

Kva var bakgrunnen for denne hendinga, og korleis kunne det ha seg at konflikten kunne eskalere som han gjorde?

Bakgrunnen for opprøret

Bakgrunnen for Kautokeino-opprøret er komplisert og samansett. Økonomiske, sosiale og religiøse faktorar spelte alle ei stor rolle. For å forstå kva som fekk dei involverte i Kautokeino-opprøret til å reagere så kraftig mot makthavarane, må vi gå tilbake til tida nokre år før opprøret.

Kautokeino-samane

Samane i området rundt Kautokeino var flyttsamar. Det vil seie at dei flytta etter reinen der denne beita til ulike tider på året. I vintermånadene flytta reinen seg til beiteområde i Finland og Nord-Sverige. I desse områda snakka befolkninga finsk. Dei fleste Kautokeino-samane kunne derfor òg snakke finsk i tillegg til sitt eige morsmål. Men norskkunnskapane stod det dårleg til med, og berre unntaksvis meistra dei språket til storsamfunnet. Det at dei norske samane jamleg hadde kontaktar over grensa, gjorde dei òg meir mottakelege for kulturpåverknader derfrå.

Alkoholmisbruk

Ein av dei avgjerande faktorane bak Kautokeino-opprøret var handelsmannen Carl Johan Ruth sitt handelsmonopol i Finnmark. Han styrte mellom anna brennevinshandelen i området. Mange samar vart avhengige av alkoholen og sette seg i djup gjeld. Den samiske økonomien var nært knytt til reindrifta. Når gjelda ikkje kunne betalast, vart reinsdyra konfiskerte og slakta. Dette skapte ein vond sirkel med fattigdom og alkoholmisbruk for familiane som vart ramma.

Læstadianismen

Altertavle som viser kuftekledde samar med eit reinsdyr framfor ei kyrkje. Til venstre i biletet er det ein mann som har drege proppen ut av ei tønne brennevin. Til høgre i biletet står ein svartkledd mann vend mot samane og strekker armane ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei redning for mange av desse familiane vart forkynninga til den læstadianske vekkingsrørsla blant samane. Læstadianismen fekk namnet sitt etter den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861) i svensk Lappland. Læstadius kombinerte bodskapen i kristendommen med gamle samiske førestillingar og nådde derfor lettare fram til den samiske delen av befolkninga enn kva den tradisjonelle kyrkja gjorde. I 1840-åra spreidde vekkinga seg til Finland og Nord-Noreg. Læstadius prøvde å få bukt med fattigdommen og alkoholmisbruket som rådde blant samane. Han gjekk hardt ut mot brennevinshandlarar som skodde seg på folk som drakk for mykje. Kyrkja, derimot, tukta dei og var i beste fall likegyldig i fråhaldssaka.

Fleire av dei omvende samane i Kautokeino vart religiøse fanatikarar ("dei åndelege") som avbraut gudstenester og elles oppførte seg truande mot dei som ikkje hadde late seg omvende. Sommaren 1851 avbraut nokre av desse konfirmasjonsgudstenesta i Skjervøy. Dette utnytta soknepresten og sørgde for at 22 kvinner og menn fekk bøter eller fengselsstraff etter denne hendinga. Straffa ruinerte familiane til fleire av dei sidan dei allereie hadde det økonomisk trongt. Igjen vart reinsdyr konfiskerte for at dei skulle kunne betale bøtene. I tillegg sat fleire lenge i fengsel før dei fekk endeleg dom. Avmakta samane sat igjen med, gjorde at det for alvor byrja å ulme.

Stengde grenser og etterfølgande krise

Ein konflikt mellom Russland og den svensk-norske unionen førte til at grensa mellom Noreg-Sverige og Finland vart stengd. Dermed mista samane òg tilgang til viktige beitemarker i Finland.

Menn og kvinner i peskar, luer og sjal sit rundt eit bål ute i mørket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1852 samla så fleire samar reinflokkane sine i ein stor-sida for å komme lettare gjennom krisa. Men i denne stor-sidaen vart stemninga stadig meir amper på grunn av dei rådande forholda. Det var dette miljøet som vart grobotnen for opprøret. I november reiste 35 vaksne og 22 barn mot Kautokeino. Dei nådde fram 8. november 1852.

Oppgjeret i etterkant

Høgsterett såg på opprøret i Kautokeino som ei undergraving av ro og orden og ein hatefull hemnaksjon retta mot det siviliserte samfunnet.

32 av dei som deltok i opprøret, vart stilte for retten i Alta seinare det same året. Dei var frå 14 til 30 år gamle og stort sett i slekt med kvarandre. Dommen fall i august 1853. Fire av dei vart frikjende, dei fleste vart dømde til alt frå fengsel i nokre dagar til livsvarig tvangsarbeid. Dei fem som vart rekna som leiarane av opprøret, vart dømde til døden. Blant desse var Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby.

Høgsterett innstilte tre av dei som fekk dødsdom i retten i Alta, for å bli benåda av kongen. Lars Hætta og Henrik Skum vart benåda fordi dei var unge (18 og 19 år), mens Ellen Skum vart benåda fordi ho var kvinne. For Hætta og Somby, derimot, gav ikkje Høgsterett etter for innspel om å gjere om dødsdommen til anna straff.

Hætta og Somby vart halshogne i Bossekop i Alta 14. oktober 1853. Kroppane vart gravlagde på skuggesida av Kåfjord kyrkje, mens hovudskallane vart sende til Anatomisk institutt i Oslo og skulle brukast i rasehygienisk forsking. Først i 1997 vart begge hovudskallane tilbakeførte til Kåfjord og gravlagde saman med leivningane av dei to mennene.

Klipp frå filmen Kautokeino-opprøret

NDLA har tilgang til tre klipp frå filmen Kautokeino-opprøret som viser noko av den historia du no har lese om. Filmen kom ut i 2007 og vart regissert av Nils Gaup.

CC BY-SASkrive av Patricia Haeck og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 16.09.2022

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper