Hopp til innhald
Oppgåve

Fornorskingspolitikken

Fornorskingspolitikken som norske styresmakter førte mot samane og andre grupper i det norske samfunnet gjekk føre seg i ein periode på hundre år. Her skal du jobbe med fornorskingspolitikken og dei fordommane som framleis eksisterer mot samar og minoritetar.

Oppgåve

  1. Kva tid starta norske styresmakter med fornorskingspolitikk, og kva var bakgrunnen for denne politikken?

  2. Kjenner du til fordommar mot samane?

  3. Korleis trur du desse fordommane har oppstått?

  4. Drøft korleis fornorskingspolitikken har øydelagd for samane sin identitet og kultur.