Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nasjonale minoritetar

Her skal du jobbe med dei nasjonale minoritetane og drøfte korleis det norske samfunnet har påverka deira identitet og kultur.
Portrett av ei eldre kvinne. Ho har skaut, øyredobbar og stor sølje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kva for nasjonale minoritetar har vi i Noreg?
  2. Kva betyr det å ha status som nasjonal minoritet?

Oppgåve 2

Vel deg to av dei nasjonale minoritetane som du ønsker å lære meir om. Skriv litt om minoritetsgruppene – historia deira, bakgrunnen deira og korleis situasjonen er i dag.

Drøft deretter korleis det norske samfunnet har behandla dei to minoritetane du har valt, og korleis dette har påverka identiteten og kulturen deira. Er det forskjell på politikken til myndigheitene og haldningane til storsamfunnet?

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2022

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper