Hopp til innhald

Fagstoff

Romanifolket/taterane i Noreg

Taterane, eller dei reisande, er ei grein av romanifolket i Noreg og Sverige. Både styresmaktene og samfunnet har behandla taterane svært dårleg. Livsforma deira er ikkje vorten akseptert, og dei har vorte møtte med skepsis og tvang. I dag er romanifolket/taterane ein av våre nasjonale minoritetar.
Ein familie med fleire generasjonar sit ved eit kaffibord ute på tunet framfor eit hus. Den eine mannen held ein hest. Ein sveivegrammofon står ved sida av bordet. Ein hund er også med på biletet. Bak huset er det skog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvar kom dei frå?

Ein går ut frå at romanifolket utvandra frå India rundt år 1000 e.Kr. Språkleg har dei slektskap med det gamle indiske språket sanskrit. Romanifolket vandra inn i Europa på 1300-talet. Til Skandinavia kom dei på byrjinga av 1500-talet. Romaniane vart raskt stempla som syndebukkar i samfunna dei var i. Både kyrkja og styresmaktene forfølgde dei med forbod og straff, og dei hadde ikkje den same rettstryggleiken som andre borgarar.

Omstreifarar

Før 1860 var det passtvang i Noreg. Dei som skulle reise, måtte få utferda pass av styresmaktene. Med slike restriksjonar var det vanskeleg for romanifolket, der reising var ein vesentleg del av kulturen. Sjølv når det vart lempa på passtvangen overfor befolkninga, gjaldt dette ikkje romanifolket. Dei vart forfølgde heilt til siste halvdel av førre hundreåret.

Kulturberarar

Det er storfamilien og deretter slekta som er dei viktigaste institusjonane i livet og kulturen til romanifolket. Taterane har tradisjonelt vore viktige berarar av norsk folkemusikkultur. Mange var dyktige spelemenn som tok vare på og spreidde folkemusikken utover landet. Sentralt i romani-/taterkulturen står også deira eigen musikk, som ofte har vore eigne versjonar av tradisjonell norsk folkemusikk. Mange kjende kulturpersonar er av romanislekt, til dømes musikarane Åge Aleksandersen og Elias Akselsen.

Undervisningsfilm

Sjå film om romanifolket/taterane. Her får du møte både dei som sjølv kallar seg taterar, og ein som jobbar på Glomdalsmuseet. Glomdalsmuseet har utstillinga Latjo drom, som viser kulturen og historia til romanifolket/taterane i Noreg. Vi besøker også Nasjonalmuseet.

Grov behandling av dei reisande

Til langt ut i etterkrigstida vart taterane og romanifolket grovt behandla av styresmaktene. Med heimel i lovverket forsøkte ein å avgrense livsførselen deira og utslette kulturen. Tradisjonelt har omstreifarar og lausgjengarar vore utsette for tvangstiltak, som internering og isolasjon. I arkiva frå tukthusa ser vi at mange personar av taterslekt vart innesperra på grunn av lausgjengeri.

I mellomkrigstida var dei fleste vestlege land opptekne av menneske som låg samfunnet til byrde. Legar og andre hevda at dette ikkje nødvendigvis var knytt til rase, men var retta mot personar med "mindreverdige" arveanlegg. Bak dette stod både samfunnsøkonomar, legar, politikarar og kristne organisasjonar. Lausgjengarlova av 1900 og steriliseringslova av 1934 var mellom anna resultat av denne tankegangen.

Rehabilitering og erstatning

Frå slutten av 1990-åra tok styresmaktene eit oppgjer med behandlinga si av romanifolket/taterane. I 2005 vedtok regjeringa Bondevik å opprette eit fond som skulle nyttast av romanifolket. Dette var ei kollektiv oppreising for dei overgrepa romaniane/taterane var utsette for gjennom historia.

I 2015 kom ei utgreiing om den norske politikken overfor romanifolket/taterane frå 1850 og fram til då. Den utgreiinga viste at folkegruppa på 1900-talet vart utsett for hardhendt assimileringspolitikk frå norske styresmakter. Dei viktigaste tiltaka var omsorgsovertaking av barn og busetjing, delvis med tvang. Det vart òg gjennomført tvangssterilisering av reisande.

Revitalisering

I dag opplever ein ei gryande revitalisering av romani- og taterkulturen. Trass i dette ser ein at gruppa framleis blir utsett for mistankar og førehandsdømming.

Kjelder

Minken, A. (4. april 2022). Romanifolk. I Store norske leksikon. https://snl.no/romanifolk

NOU 2015:7: Assimilering og motstand - Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Kommunal og distriktsdepartementet. Hentet fra https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-7/id2414316/

Relatert innhald

Korleis kunne ein fram til slutten på 1960-talet tvangssterilisere friske jenter med samtykke frå styresmaktene?

CC BY-NC-SASkrive av Hans Nissen. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 30.09.2022

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper