Kvinnekamp gjennom 1900-talet
Tidslinje
Bruk tidslinja (gjerne i fullskjermmodus) for å gjere deg kjend med den kampen kvinnene har ført for likeverd og rettar i Noreg gjennom 1900-talet.
1913 var året då kvinner i Noreg vart politisk likestilte og myndiggjorde som veljarar ved stortingsval. På andre område i samfunnet var kvinnekamp framleis aktuelt. Etter unionsoppløysinga vart sosiale og økonomiske spørsmål meir framståande i norsk politikk.
Ei sak kvinnerørsla var særleg oppteken av, var mødrers og barns rettar og levekår. Unge kvinner som "fall i ulykka" og fødde barn utanfor ekteskap, gjekk ei usikker økonomisk framtid i møte. Mange unge kvinner arbeidde som tenestejenter og kunne lett bli offer for begjæret til husbonden. Denne problemstillinga var sentral under utviklinga av barnelovene, som vart vedtekne av Stortinget i 1915. Lovene gav "uekte" barn rett til farsarv og mødrene økonomisk støtte frå fødselen av.
Katti Anker Møller (1868–1945) kjempa heile livet for betre leveforhold og rettar for mor og barn og var sentral i etableringa av barnelovene. Saman med Arbeiderpartiets Kvindeforbund spelte ho ei viktig rolle ved mødrehygienekontoret i Oslo frå 1924. Kontoret gav konkret hjelp med prevensjon og dreiv opplysningsverksemd for å støtte kvinners og barns levekår.
Sjølv om alle kvinner ønskte å styrke likestilling med menn i det norske samfunnet, vart politikken i mellomkrigstida også trekt inn i kvinnekampen. Mens borgarlege kvinner kjempa for politiske rettar likestilt med menn, oppmoda leiande kvinner i arbeidarrørsla om at kvinnekampen skulle vere ein del av klassekampen.
Grunngivinga var at motsetningane gjekk mellom klassar, mellom borgarskapen og arbeidarklassen, ikkje mellom menn og kvinner. Arbeidarpartikvinnene kritiserte dei borgarlege kvinnesakskvinnene for å rette kampen mot mannen og ikkje mot det beståande kapitalistiske samfunnssystemet. Då den internasjonale kvinnedagen 8. mars vart markert i Noreg for første gong i 1915, var det Arbeiderpartiets Kvindeforbund som stod for arrangementet.
Kvinnene i arbeidslivet hadde vist at dei kunne gjere same arbeid som menn. Dette var også ei utfordring for stoltheita til mennene som forsørgarar for familien.
Mellomkrigstida vart prega av økonomiske kriser med konkursar og arbeidsløyse. I perioden 1925–1937 var LOs uttalte politikk at mannen skulle prioriterast i arbeidslivet. Oppmodinga var at i krisetid måtte dei gifte kvinnene vise solidaritet, det vil seie vike plassen for ein arbeidslaus mann eller ei ugift kvinne. Dette fekk også støtte blant arbeidarkvinnene.
Etter kvart som tidene vart betre i andre del av 1930-talet, kom spørsmålet om gifte kvinners rett til lønnsarbeid opp igjen.
Under andre verdskrigen gjorde mange kvinner ein innsats for fedrelandet. Dei dreiv etterretning, var grenselosar, formidla informasjon og produserte illegale aviser med meir.
Enkelte kvinner var også med i motstandsgrupper i Milorg eller blant kommunistane. Mange overtok mot slutten av krigen leiande oppgåver og hadde ansvar for ulike militære einingar. Men då freden kom i 1945, vart bidraget til kvinnene fort gløymt i helteforteljingane om motstandskampen. Eit godt døme er ho som gjekk under dekknamnet "Jacob", som eigentleg heitte Eva (Jørgensen) Kløvstad (1921–2014). Ho spelte ei sentral rolle i Milorg på Hamar mot slutten av krigen. Under Milorgs parade gjennom Hamar 17. mai gjekk ho blant dei fremste i opptoget. Under frigjeringsmarkeringa i Oslo nokre veker seinare var kvinnene plasserte på sidelinja. At kvinner ikkje hadde noko der å gjere, var haldninga hos dei som skulle definere historia om krigen for ettertida.
Dei første tiåra etter andre verdskrigen var gullalderen for kjernefamilien. Arbeidarpartiet hadde fleirtal på Stortinget og la planmessig forholda til rette for nye bustader og ve og vel for familiane. Draumen for dei fleste var tre rom og kjøkken, innlagt vatn og elektrisitet, ei heimeverande husmor som heldt orden på hus og barn, og ein mann med fast inntekt.
For å lykkast var husmorskular viktige for å lære kvinner hushaldfag og husarbeid. Toppunktet var i 1957 då det fanst 64 husmorskular i Noreg. Kunnskapar om hushald og hygiene vart rekna som viktig for å få bukt med folkesjukdommar og for å forbetre levekåra til familiane i by og bygd, blant både fattige og rike. Etter kvart som kvinnene kom meir ut i arbeidslivet, vart utdanninga ved husmorskulane dreidd mot lønt arbeid til dømes på sjukeheimar, gamleheimar og i barnehagar. I 1976 vart dei siste husmorskulane avvikla.
På 1970-talet tok fleire kvinner utdanning, og fleire gjekk ut i arbeidslivet så snart barna var store nok. Det vart samtidig meir vanleg med barnehagar til barna. Gradvis skifta samfunnet haldningar så ei gift husmor med barn heilt eller delvis kunne gå ut i arbeidslivet ‑ gjerne i yrke innanfor omsorg for barn, sjuke og eldre, noko som også tidlegare hadde vore ansvaret til kvinnene i familien.
I overgangen til 1970-talet starta ei massiv mobilisering for likestilling for kvinnene på alle nivå i samfunnet. Kvinner stod på barrikadane og kravde retten sin til å bli behandla likt med menn.
Perioden innleidde eit sterkt politisk engasjement og høgt aktivitetsnivå blant diverse feministiske grupper. Kvinnekampen bidrog til at mange kjønnsdiskriminerande haldningar stod for fall i tida som følgde. Konkrete mål for aksjonane var tilgang til prevensjon og abort, tiltak mot seksuell vald og trakassering, rett til skilsmisse, likestilling i ekteskapet, utbygging av barnehagar, kvotering av kvinner der dei var underrepresenterte, og like rettar i arbeidslivet.
Høgdepunktet for kvinnerørsla var 1975, FNs internasjonale kvinneår, då likestilling vart sett på dagsordenen både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei fleste kvinnegruppene på 1970-talet høyrde til på venstresida i norsk politikk og kravde samfunnsendringar. Nyfeministane gjekk til fleire aksjonar mot den kvinneundertrykkinga som både kom frå ein mannsdominert elite og frå dei stereotypiske kjønnsrollene i samfunnet. Også menn deltok i kvinnekampen.
Feminismen på 1970-talet delte kvinneorganisasjonane etter politisk orientering. Dei politiske skiljelinjene mellom "raudstrømper" på venstresida og "borgarlege" kvinner til høgre er framleis aktuell blant feministane.
Sjå filmklippet om kvinnekamp på 1970- og 80-talet for å sjå kva saker kvinnerørsla kjempa for på den tida.
Allereie i 1915 lanserte Katti Anker Møller idéen om "det frivillige moderskap" og avskaffing av fengselsstraff for "fosterfordriving". Stor motstand i samtida gjorde at saka først 50 år seinare vart fremma på nytt.
Den nye kvinnerørsla på 1970-talet gjorde abortspørsmålet til ei av hovudsakene sine og slost for ei ny abortlov der sjølvråderetten til kvinnene var sikra. Dei ville ha vekk nemndene og la den enkelte kvinna avgjere i abortspørsmål. Raskt kom det ein folkeaksjon mot abort frå kristne organisasjonar. Men tida var moden for endring av lovverket. Etter fleire rundar i Stortinget vart lova om sjølvbestemd abort vedteken i 1978.
Kvinnekampen gav politiske resultat med likestillingslova i 1978. Lova forbaud diskriminering på grunnlag av kjønn og stilte krav om aktivt arbeid for likestilling. Ho gav også reglar om handheving av lova, og om rettslege reaksjonar dersom lova vart broten. I 2017 vart lova erstatta av likestillings- og diskrimineringslova. Ho har til formål å fremme likestilling og hindre diskriminering i alle delar av samfunnet. I 1979 kom likestillingsombodet på plass og skulle sørge for at lova vart gjennomført i praksis.
Noreg vart eit føregangsland i verda når det gjaldt kvinnelege politikarar. I Gro Harlem Brundtlands regjering frå 1985 var nesten halvparten av statsrådane kvinner. Etter stortingsvalet same år var 34 % av stortingsrepresentantane kvinner. Trass i likestillingslova gjekk utviklinga noko tregare for talet på kvinnelege leiarar på andre område i samfunnet. Sidan 1980-talet har feministiske grupper kjempa vidare for likestilling mellom kjønna. Kampen er framleis like aktuell i dag.
Relatert innhald
Kampen for kvinners likestilling vart viktig i andre halvdel av 1800-talet.