Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er romar?

Når vi snakkar om den nasjonale minoriteten romar, meiner vi romske familiar med langvarig tilknyting til Noreg. Gruppa består av rundt 1000 personar som bur meir eller mindre permanent i Noreg.
Far og dotter dansar saman i eit bryllaup. Bruda har langt slør og kvit langerma kjole, far er i dress med bakoverkjemma hår og blomster i knappholet. Foto.

Nemning

Romar blei tidlegare kalla sigøynarar, men sidan 2010 er den offisielle nemninga romar. Mange romar synest at ordet "sigøynar" er nedsetjande, og dei knyter det til rasisme og undertrykking – på liknande vis som n-ordet ikkje er gangbart fordi det er rasistisk. Ordet rom betyr "mann" på romanes. Ordet for kvinne er romni.

Opphav

Vi veit ikkje mykje om den tidlege historia til romar, men språket, romanes, har opphavet sitt i India. Språk reiser med folk, og språket blir rekna som beviset for romanes indiske opphav. Det er cirka 1500 år sidan forfedrane til dagens romar vandra ut frå Nord-India. Dei kom til Balkan via Midtausten mellom år 1000 og 1300. På 1300-talet spreidde dei seg vidare utover resten av Europa. På denne tida kan vi begynne å snakke om språket som romanes. Derfor er det naturleg å forstå romar som europeiske folk.

Romar blei haldne som slavar i nesten 500 år i Valakia og Moldova, to fyrstedømme som låg i dagens Romania og Moldova. Romar blei fødde som slavar, og dei kunne kjøpast og seljast. Ein slave hadde ingen rettar og levde under veldig vanskelege, ofte forferdelege, forhold. I andre delar av Europa fekk romar leve meir fritt, men dei fekk gjerne ikkje slå seg ned på éin stad over lengre tid.

Ulike skriftlege kjelder viser at romar har reist i Skandinavia sidan 1500-talet. Nokre romar slo seg også ned i Skandinavia og blei opphavet til den minoriteten vi i dag kallar romani eller taterar. I fleire land, til dømes i Sverige, høyrer romani/taterar til den nasjonale minoriteten romar, men i Noreg er romani/taterar og romar definerte som to ulike nasjonale minoritetar.

Romar i Noreg

Det er verd å merke seg at romar ikkje er ei einsarta gruppe. Det finst veldig mange ulike grupper som snakkar ulike dialekter og har ulike tradisjonar, levereglar og normer. Sidan norske romar har anar frå Valakia, blir dei kalla valakiske romar.

Då romane kom til Noreg, var det ikkje så strenge innvandringslover i landet. Men dette forandra seg etter kvart. Frå 1921 begynte norske styresmakter å forme ut ein "sigøynarpolitikk" som enkelt sagt gjekk ut på å kvitte seg med romane. Politikken i andre europeiske land gjekk i same retning, så romar blei jaga nesten overalt. I framandlova av 1927 stod det at "sigøynarar og andre utanlandske omstreifarar" ikkje hadde tilgang til Noreg. Etter 1927 blei livssituasjonen for romar i Noreg heilt umogeleg. Lova blei også "kalla "sigøynarparagrafen". Den blei først oppheva i 1956.

Styresmaktene registrerte alle romane for å få oversikt over dei. Dei tok passa til folk og strauk over "norsk" på sida der nasjonalitet stod oppgitt, og skreiv i staden "ingen". Dermed blei romane gjorde statslause, og tidleg på 1930-talet hadde styresmaktene klart å få så godt som alle romane ut av landet. Dei hamna i Tyskland, Belgia og Frankrike og andre land på kontinentet. Då Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, var romar blant dei første som hamna i konsentrasjonsleirar. På lik linje med jødane blei romane freista utrydda som folk.

Internering under krigen

Mange vaksne og barn med ulik bagasje står framfor ein mur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei større gruppe norske romar oppheldt seg i Belgia då det nazistiske Tyskland angrep landet i mai 1940. I perioden frå november 1943 til slutten av januar 1944 deporterte nazistiske styresmakter 66 norske romar frå det okkuperte Belgia til utryddingsleiren Auschwitz II-Birkenau. Til liks med deporterte romar frå andre europeiske land blei dei innesperra i ein eigen seksjon av leiren, den såkalla Zigeunerlager, eller "Sigøynarleiren". Berre fire av dei 66 deporterte overlevde fangenskapet. Dei andre døydde av svolt, smittsame sjukdommar, vilkårleg vald eller blei myrda i gasskammera. Ei mindre gruppe norske romar var i Frankrike under krigen. Der sat mange av dei internerte i nazistiske arbeids- og konsentrasjonsleirar i perioden 1940–44.

Etter slutten av krigen slo dei overlevande seg ned i Belgia, men søkte etter kvart om å få komme til Noreg. Det gjekk likevel lang tid før den første norske familien fekk lov til å bli i landet. Det skjedde ikkje før i 1956. Den siste familien fekk ikkje busetje seg her før i 1972. Først i 2015 beklaga den norske staten den rasistiske utestengingspolitikken i tiåra før og etter andre verdskrigen.

Etter krigen og i dag

Det viste seg å vere vanskeleg å etablere seg i Noreg igjen. Familiane var fattige og prega av det valdelege barbariet under krigen, og dei hadde mista det meste av det dei eigde. Dei opplevde også at det familiane tidlegare hadde levde av, til dømes hestehandel, ikkje lenger var aktuelle næringsvegar. Men frå 1970-talet og utover fekk dei fleste familiane tilgang på bustader og fekk gradvis betre levestandard. Likevel slit mange framleis med dårlege levekår samanlikna med andre nordmenn.

I Noreg, som i resten av verda, er dei fleste romane i dag bufaste. Inntil rundt 2015 hadde mange norske romar ei livsform der dei reiste i sommarhalvåret og tente til livsopphaldet gjennom sal av varer og ulike typar handeverk. Men ein del av reisinga var høgst ufrivillig, familiar blei ofte jagde frå stad til stad.

Norske romar har sterke familie- og vennskapsrelasjonar til valakiske romar på tvers av landegrensene. Det at dei held kontakten med venner og slektningar i andre land, bidreg til at dei har bevart språket sitt, dermed er romanes framleis eit levande språk.

Nasjonal minoritet

Eit raudt vognhjul over ein vertikaldelt blå og grøn bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norske romar fekk status som nasjonal minoritet i 1999. Dei fleste romar som høyrer til den nasjonale minoriteten, bur i Oslo-området. I tillegg bur det mange romar i heile Noreg som ikkje høyrer til dei familiane som vandra inn på 1800-talet, men som har flytta inn i seinare år.

Vi veit ikkje kor mange menneske det er snakk om, for i Noreg blir ikkje folk registrerte på grunnlag av etnisitet, og mange vel å skjule at dei er romar fordi dei er redde for diskminierting og hets. Den tidlegare forfølginga og utestenginga av romar frå den norske staten gjennom mange år, og det at nazistane prøvde å utrydde romane under andre verdskrigen, gjer at mange romar har vanskeleg for å stole på styresmakter og offentlege institusjonar.

Haldningsundersøkingar viser at romar er den minoriteten som det finst flest fordommar mot i Noreg.

Romsk motstand

Gjennom historia har romar ofte blitt forfølgde og diskriminerte. Men historia er også full av døme på romsk motstand. Eit kjent døme er då 600 romar den 16. mai 1944 barrikaderte seg i brakkene i Auschwitz-Birkenau væpna med treplankar, hamrar, øksar og spadar. Opprøret blei slått ned, men 16. mai blir framleis markert som Den romske motstandsdagen.

Trass i stadig undertrykking i Europa etter andre verdskrigen, vaks det fram ei stadig sterkare romsk rørsle. I Noreg var Frans Josef Czardas, overlevande etter andre verdskrigen, viktig i arbeidet for å få oppheva "sigøynarparagrafen". I Sverige var søstrene Katarina og Rosa Taikon på 1960- og 70-talet leiande i kampen for fulle rettar for romar, mellom anna for retten til å gå på skule på lik linje med andre svenske barn.

I dag er medvitet om, og kampen mot, antisigansime ei viktige sak for mange romar. Antisiganisme er ifølge Europarådet ein ein "ideologi basert på ideen om en rasemessig overlegenhet, en form for avhumanisering og institusjonell rasisme, næret av en historisk diskriminering".

Kjelder

Rosvoll, Maria (26.1.2023): "Antisiganisme" i Store norske leksikon. Henta frå: https://snl.no/antisiganisme

CC BY-SASkrive av Balder Hasvoll. Rettshavar: Romano Kher, romsk kultur- og ressurssenter
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

Myndiggjering og frigjering av ulike grupper