Hopp til innhald
Fagartikkel

Bergkunst

Bergkunst er figurar og teikn som er rissa, hogde eller måla på fjell eller på store steinar. Korleis kan denne kunsten fortelje oss noko om livet i forhistorisk tid?

Vi kan bli betre kjende med verdsarven vår gjennom eit besøk til Alta og Nord-Europas største samling av bergkunst. Helleristningane og hellemåleria vi finn her, blei laga av jeger- og fangstfolk for mellom 7000 og 2000 år sidan. I filmen under får du studere motiva og sjå landskapet kunsten er ein del av (1 min 32 s).

Video: Norges Verdensarv / CC BY-NC-SA 4.0

Helleristningar

Helleristningar er eit fellesnamn på bilete som er skorne eller hogde inn i berg. Slik bergkunst kan vi finne mange stader i landet vårt. Dei eldste stammar frå steinalderen (cirka 5000 år f.Kr.).

Motiv

Figurane i helleristningane var stiliserte og enkle, men likevel uttrykksfulle og lett gjenkjennelege. Fleire er forenkla teikningar av dyr, fiskar, menneske og båtar.

Veideristningar

Veide betyr å drive jakt og fangst på noko. Motiva frå steinalderen kan fortelje oss om det nære forholdet menneska hadde til naturen. Helleristningane som er knytte til jegerkulturen i steinalderen, blir kalla for veideristningar. Vi finn òg figurar som kan seie oss noko om ritual og forhold mellom menneske (Hagen, 2024).

Jordbruksristningar

I bronsealderen (som byrjar omtrent 1800 år f.Kr.) blei menneska bufaste og starta med gardsdrift. Bileta som blei skapte i denne tida, har òg husdyr som motiv. Det vanlegaste motivet er likevel skipet, gjerne utstyrt med strekar som forestilte mannskapet på båten. Skipet stod òg sentralt i mytar og ritual (Melmheim, 2015).

I tillegg var sirklar og spiralar – såkalla solteikn – vanlege symbol. Desse kan representere sola og korleis ho beveger seg. Arkeologiske funn frå bronsealderen viser at sola blei sett på som ei guddommeleg kraft, ei kjelde til liv og fruktbarheit. Vi kallar helleristningane som har bakgrunn i kulturen og religionsforma til bonden i bronsealderen, for jordbruksristningar (Hagen, 2024).

Arven frå fortidas biletspråk

Samiske trommer

Samiske trommer, ofte kalla runebommer, var eit verktøy for å kommunisere med andeverda og for å søke rettleiing og innsikt. I moderne tid blir trommene òg brukte som musikkinstrument (Kraft et al., 2023). Trommeskinnet blei dekorert med kjende symbol frå samisk kultur. Fleire figurar og teikn kan minne oss om biletspråket i helleristningane.

I den samiske religionen eksisterte fleire parallelle verder. I tillegg til den "vanlege" verda fanst det mellom anna eit rike for dei døde, eit paradis, eit dyrerike, eit himmelrike og ei underverd. Teikningane på samiske trommer symboliserte gjerne det samiske verdsbiletet (Løøv, 2022).

Tenk over og diskuter

Samanlikn formuttrykket på den nordsamiske og den sørsamiske tromma.

  • Kva likskapar og forskjellar finn de i nord- og sørsamiske formuttrykk?

  • Finn de spor av biletspråket til bergkunsten?

Piktogram

Eit biletteikn som symboliserer eit ord eller eit omgrep kallar vi i dag eit piktogram. Det er vanlegvis ein enkel, stilisert figur som kan forståast av alle, uavhengig av språk eller kultur.

Piktogramma til OL på Lillehammer i 1994

Til dei olympiske vinterleikane på Lillehammer i februar 1994 laga designaren Sarah Rosenbaum piktogram for dei ulike sportsgreinene. Ho let seg inspirere av dei fleire tusen år gamle helleristingane og vidareutvikla uttrykket (Håberg, 1994).

Piktogramma ho designa var enkle, men likevel tydelege og informative. Under ser de piktogramma ho utvikla til alpint og ishockey.

Tenk over og diskuter

Sjå oversikt over piktogramma som blei brukte under vinter-OL på Lillehammer i 1994, på DigitaltMuseum.

  • Korleis synest de piktogramma fungerer?

  • Korleis formidlar uttrykket noko om norsk kulturarv?

Kjelder

Hagen, A. (2024, 19. september). Helleristninger. I Store norske leksikon. https://snl.no/helleristninger

Håberg, R. H. (1994). Kunst og kulturhistorie. Yrkesopplæring ans.

Kraft, S. E., Fonneland, T., Knudsen, J. S. & Berg-Nordlie, M. (2023, 8. november). Runebomme – samiske trommer. I Store norske leksikon. https://snl.no/runebomme_-_samiske_trommer

Løøv, M. (2022, 26. august). Samisk religion. NDLA. https://ndla.no/article/37003

Melheim, L. (2023, 8. desember). Bergkunst i Norge. Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/bronsealder/0314-bondens-bilder.html

Norges verdensarv (u.å.) Bergkunsten i Alta. Henta 17. september 2024 frå https://www.norgesverdensarv.no/nb/bergkunsten-i-alta

Relatert innhald

Fagstoff
Stilisering – kva er det?

Stilisering er når vi framstiller noko mykje meir forenkla enn det er i verkelegheita. Stiliseringa må ha nok likskap til at vi kan kjenne att kva det er.