Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Beskriv og teikn venusfiguren

I denne oppgåva skal du reflektere over kva betydning venusfigurane kan ha hatt. Du skal øve på å gjengi formene til skulpturen og skape djupn i ei studieteikning.
Skulptur av frodig kvinneskikkelse i sandstein. Foto.
Skulptur av frodig kvinneskikkelse i sandstein. Foto.

Del 1: Beskriv og forklar

  1. Studer venusfiguren frå Willendorf i bileta over. Beskriv skulpturen og legg vekt på form, storleik, materiale og tekstur.

  2. Kva betydning kan venusfigurane ha hatt?

Del 2: Diskuter

Diskuter med ein medelev:

  • Korleis kan venusskulpturen vise at
    mennesket alltid har hatt behov for å uttrykke seg?

  • Venusskulpturen kan fortelje oss noko om stillinga til kvinna i samfunnet. Historikarane har ulike teoriar. Kva tenker du?

Diskuter desse punkta saman med klassen etterpå.

Del 3: Teikn ein studie av venusfiguren

Utstyr og teknikk

Foreslåtte reiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit

Teiknepapir: A3- format

Teknikk: skravering

Kva er særeige med venusfiguren?

Du skal teikne ein studie av venusfiguren. Start med å sjå nøye på fotografiet. Studer tekstur og materiale. Det er viktig å legge merke til bakgrunnen og lyssetjinga i biletet. Dette kan hjelpe deg til å lage ein god komposisjon og til å få fram djupn i teikninga di.

  1. Jobb med å finne ei god plassering på arket. Finn fram til proporsjonar mellom hovud, kropp, bein og armar. Teikn desse med ei lett oppteikning.

  2. Bruk skravering for å skape valørar som viser volum, tekstur og skuggespel.

Relatert innhald

Venus frå Willendorf er ein liten kvinnefigur frå forhistorisk tid. Kan den vesle figuren fortelje oss noko om historia til menneska?

Tekstur er overflateverknaden eller stofflegheita til eit materiale. Vi ser på skiljet mellom taktil og visuell tekstur.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2023

Læringsressursar

Forhistorisk tid