Hopp til innhald

Fagstoff

Stonehenge

Kjenner du til bautasteinar? I Noreg blei gjerne store steinar reiste til minne om ein person. Stonehenge er eit uløyst mysterium i England. For 5000 år sidan starta arbeidet med å plassere enorme steinar i ein sirkelformasjon. Vi trur monumentet kan ha hatt religiøs funksjon.
Store steinblokker står på høgkant i ein sirkelformasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiale

Stonehenge er ein av dei mest kjende og mystiske arkeologiske stadene i verda. Arbeidet på kjempemonumentet begynte for cirka 5000 år sidan, og det vart bygt i fleire fasar. Råmaterialet er enorme steinar som kan vege opp til 20 tonn. Nokre av dei kan ha blitt frakta 250 kilometer.

Bautasteinane er plasserte i to sirklar, nokre med ein stor stein liggande oppå. Begge sirklane er opne mot nordaust. I denne opninga ligg ein 4,6 meter lang alterstein. Her treffer solstrålane ved soloppgang på årets lengste dag, sommarsolkverv, den 21. juni.

Steinblokker reiste på høgkant ute i eit opent landskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Funksjon

Vi trur at Stonehenge har vore ein viktig heilagdom for eit større område. Her er det funne fleire rituelle stader frå same periode. Ein teori er at monumentet blei brukt som senter for religiøse seremoniar frå omkring 2500 f.Kr. Ein annan teori er at Stonehenge kan ha fungert som eit observatorium for å følge sol- og månerørsler.

Historie og mystikk

Ifølge historiske skrifter skal Stonehenge vere oppført av keltiske prestar (Teljing, 2018). Trekker vi ei midtlinje gjennom sirkelformasjonen, vil ho treffe punktet der sola står opp ved sommarsolkverv. Dette gjer at vi trur Stonehenge kan ha vore eit sentrum for soltilbeding.

Seinare utgravingar peiker mot at Stonehenge kan ha blitt brukt til helsebot igjennom religiøse seremoniar. Trua på at staden kan ha ei "heilande kraft", lever framleis.

Steinblokker som står på høgkant under ein dramatisk himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg Rønneberg, M. L. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Kristiansen, I. S. & Gunnarsjaa, A. (2023, 21. november). Stonehenge. I Store norske leksikon. https://snl.no\

Teljing L. (2018, 20. juli). Stonehenge avslører sine hemmeligheter. Historie. https://historienet.no/teknikk/byggverk[-avslorer-sine-hemmelegheiter

Relatert innhald

Nettside hos snl.no

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 28.03.2024

Læringsressursar

Forhistorisk tid