Hopp til innhald

Fagstoff

Venus frå Willendorf

Korleis ser du for deg Venus, kjærleiksgudinna? Og korleis stemmer biletet ditt av henne med fotoa av Venus frå Willendorf? Denne skulpturen er frå forhistorisk tid. Kan den vesle figuren fortelje oss noko om historia til menneska?
Skulptur av frodig kvinneskikkelse i sandstein. Foto.
Skulptur av frodig kvinneskikkelse i sandstein. Foto.

Venus frå Willendorf

Venus frå Willendorf er ein liten kvinnefigur på elleve centimeter, som vart funnen i Austerrike i 1908. Skulpturen er cirka 29 000 år gammal og er sannsynlegvis eit av dei tidlegaste døma på "kunst" som er funne i Europa. Den vesle figuren er skoren ut i kalkstein og måla med raud oker. Skulpturen er den mest kjende av fleire liknande kvinnefigurar frå forhistorisk tid. Du finn han utstilt i Naturhistorisk Museum i Wien i Austerrike.

Rolla til kvinnene

Vi veit ikkje heilt kva venusfigurane betydde for folk i forhistorisk tid. Skulpturane kan tyde på at kvinnene hadde ei viktig rolle i samfunnet. Forskarane diskuterer om kjønna kan ha vore meir likestilte, det vil seie at det eine kjønnet ikkje dominerte det andre.

Stilisert kvinnefigur. Fyldig bryst og hofteparti. Foto.

Moder Jord

Moder Jord blei sett på som den høgaste guddommen og grunnlaget for alt liv.

Brysta, magen og hoftene til venusfigurane er sterkt overdimensjonerte. Dette kan symbolisere kvinnas evne til å bere fram og føde barn. Skulpturane kan derfor vere eit symbol på fruktbarheit og liv. Formene kan òg ha vore eit ideal for kvinnekroppen.

Kvinnefigurar i kunsten

Vi finn døme på sterke morsfigurar i kunst frå heile verda. Her ser vi òg ofte bruk av overdrivne former og symbolikk for å uttrykke fruktbarheit og liv. I Louvre står det utstilt ein afrikansk dogonskulptur frå 16–1700-talet. Picasso let seg inspirere av afrikansk kunst.

Fem kvinner måla i kubistisk stil. Illustrasjon.

Tenk over og diskuter

Sjå på likskapar og forskjellar mellom venusskulpturane frå forhistorisk tid og Picassos måleri Pikene frå Avignon.

Korleis kan skulpturane hjelpe oss med å forstå ulike sider av menneskeleg erfaring og kultur?

Kjelder

Andersen, Ø. (2023, 24. januar). Oldtiden. I Store norske leksikon. https://snl.no/oldtiden

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rygg, M. L. R. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Graeber, D. & Wengrow, D. (2022). Begynnelsen til alt. En ny fortelling om mennesket. Cappelen Damm.

Kjørstad, E. (2022, 14. mars). 29.000 år gammel Venus-figur kom fra Italia, ifølge ny studie. Forskning.no https://www.forskning.no/arkeologi-geologi-steinalder/29000-ar-gammel-venus-figur-kom-fra-italia-ifolge-ny-studie/1994850

Modiano, L. (30. april 2022). How Much Does Picasso Owe to African Art?. TheCollector. https://www.thecollector.com/picasso-and-african-art/

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du undersøke kva betydning venusfigurane hadde. Du skal øve på å gjengi formene til skulpturen og skape djupn i ei studieteikning.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Forhistorisk tid