Hopp til innhald

Fagstoff

Stilisering – kva er det?

Ein strekmann er ei forenkla teikning som skal førestille eit menneske. Ein liknande figur kan du sjå på skilt som fortel oss kvar nødutgangen er. Det er ei stilisering. Kunstnarisk kan stilisering vere mykje meir. Du kan forenkle, men òg legge til, når målet ikkje er ei realistisk teikning.
Teikningar av sauer i ulike stiliserte utrykk. Forenkla stilar: ein med krusedullar, ein teikna med ein samanhengande strek, ein beståande av firkantar, ein kanta og geometrisk ein og ein med berre ei flate. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stilisering

Å forenkle vil seie å fjerne detaljar og framheve det som er typisk for forma. Når du forenklar eit uttrykk og forandrar det slik at det passar inn i ein bestemd stil, kallar vi det stilisering.

Døme på kjende stiliseringar

Illustrasjonen er beskriven i teksten. Illustrasjon.

Kjenner du logoen til WWF Verdas naturfond? Det er ein stilisert panda. Vi kjenner igjen dyret, men det er ingen detaljar av den mjuke pelsen eller dei brune auga ein panda har. Logoen består faktisk berre av svarte flater sette saman på ein slik måte at vi ser at det er ein panda.

Noregs riksvåpen. Løve i gull på raud bakgrunn. Løva held ei øks og har krone på hovudet. Det er òg ei krone øvst på riksvåpenet. Illustrasjon.

Eit anna døme på eit stilisert dyr er løva i det norske riksvåpenet. Her står løva med ei øks i hendene, ho har overdrive lange klør og kongekrone på hovudet. Det er altså ikkje ei vanleg løve som vi kan sjå i naturprogram. Kva synest du løva i riksvåpenet uttrykker?

Bruksområde

Stilisering er eit visuelt verkemiddel som blir brukt til å framstille noko på ein forenkla måte. Det kan vere lettare å oppfatte, slik som pandaen i WWF-logoen. Vi kan stilisere slik at noko får eit bestemt uttrykk. Stiliseringa kan til dømes gi inntrykk av noko søtt eller av noko skummelt i eit anna univers. Sjå for deg karakterane i teiknefilmar. Vi veit at karakterane skal vere menneske eller dyr, men dei er framstilte i ein eigen stil, som passar akkurat den verda dei skal vere ein del av.

Stilisering blir brukt overalt. Du kan finne døme på stilisering i kunst og design, i informasjon, i marknadsføring og i underhaldning. Av og til vil ein stilisert versjon vere meir interessant i form og uttrykk enn verkelegheita. I alle fall i enkelte samanhengar der han blir brukt.

Utforsk

Legg merke til dekoren rundt omkring i kvardagslivet ditt. Det kan vere alt frå dekorative blad og blomstrar til søte hundar og strenge kattar.

  • Kva slags stiliseringar finn du?

  • Beskriv kva slags uttrykk stiliseringane har.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du teikne eit insekt og prøve deg på ulike stiliseringar. Når du har teikna alle stiliseringane, skal du montere dei på eit eige ark.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2024

Læringsressursar

Forenkling, stilisering og abstrahering