Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stiliseringsoppgåve

Korleis kan du forenkle eit insekt og skape ulike uttrykk? I denne oppgåva skal du prøve deg på ulike stiliseringar. Etter at du er ferdig med alle stiliseringane, skal du montere dei på eit eige ark. Øv deg på å arbeide nøyaktig i alle trinn av oppgåva. Då får du det beste resultatet.
Beskrive i biletteksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • Teiknepapir

  • Blyantar og viskeler

  • Svart tusjpenn

  • Tapetkniv og saks

  • Stållinjal

  • Skjerematte

  • Limstift

  • Farga kartong i liggande A3-format (42 x 29,7 cm) til å montere på

Del 1: Vel eit insekt

I PDF-fila under er det fleire insekt. Vel eit du vil bruke som utgangspunkt for stiliseringane dine. Det kan vere lurt å skrive ut den sida som har det insektet du valde. Då kan du sjå detaljar og bruke det som referanse gjennom teikneprosessen.

Filer

Del 2: Teikn insektet naturalistisk

Finn fram teiknepapir og blyantar. Mål opp ei flate på 12 x 12 cm på arket. På denne flata skal du teikne insektet du valde, i ein naturalistisk stil. Naturalistisk betyr at noko ser ut slik som det er i naturleg tilstand. Det er ei realistisk framstilling, men blir likevel ein forenkla versjon av det som finst i verkelegheita.

Legg merke til detaljar, former, valørar, linjer og mønster. Denne forma for teikning gjer deg kjend med korleis insektet faktisk er, men du har kanskje ikkje lagt merke til alt ved første augnekast.

Den naturalistiske teikninga skal vere den første av seks teikningar du skal montere på eige ark i denne oppgåva.

Del 3: Teikn stiliseringane

No skal du teikne stiliseringane av insektet du har valt. Det blir til saman seks ulike teikningar av insektet. Kvar versjon av insektet skal fylle det meste av ei kvadratisk flate innanfor 12 x 12 cm.

  1. Naturalistisk: Dette er versjonen som du nettopp har teikna i del 2 av oppgåva.

  2. Fylte flater: Prøv å teikne insektet du har valt, berre ved hjelp av flater som du fyller med svart. Desse treng ikkje å henge saman. Du kan fritt eksperimentere med korleis du set saman flatene, men vi må kjenne att at det er det insektet du har valt.

  3. Organiske konturlinjer: Teikn insektet i organiske linjer. Desse kan du også eksperimentere med. Er det ei samanhengande linje eller er det fleire som står saman? Du bestemmer.

  4. Geometrisk former: Prøv deg fram med geometriske flater som du set saman. Det er lov å ha mange ulike former eller mange ulike storleikar av ei form.

  5. Forenkla: Her skal du prøve å bruke så få linjer eller flater som mogleg, men insektet skal vere til å kjenne att.

  6. Fylt med fantasiformer: Her skal du lage din eigen stil. Du kan bruke det du vil av dekorative linjer og flater. Du kan la deg inspirere av versjonane du allereie har teikna, men legg til noko ekstra. Korleis vil til dømes ein mandala-inspirert versjon sjå ut?

Fem stiliserte haiar: geometrisk stil, berre strek, berre punkt, berre konturen og beståande av flater. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 4: Monter stiliseringane

  1. Skjer ut kvadrata med stiliseringane. Bruk tapetkniv og stållinjal. Vern bordplata med skjerematte. Kvart kvadrat skal ha måla 12 x 12 cm. Ha alle kvadrata ferdig skorne ut før du limer dei på kartongen.

  2. Bruk linjal til å måle både toppmarg og venstre marg på 20 mm. Teikn hjelpelinjer med lette strekar. Her er plasseringa til den første stiliseringa. Mellomrommet mellom kvadrata skal vere 10 mm.

  3. No skal du lime stiliseringane på kartongen. Limet skal påførast jamt og tynt på baksida av stiliseringane. Monter ei stilisering av gongen. Tre stiliseringar skal plasserast etter kvarandre på første rad og dei tre siste i rad nummer to.

  4. Skriv namnet ditt og dato i høgre hjørne nedst på kartongen. Heng gjerne dei ferdige arbeida opp på veggen.

Relatert innhald

Når du skal gi noko ei form, må du ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei god form. Då bør du kjenne til dei grunnleggande formelementa.

Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2024

Læringsressursar

Forenkling, stilisering og abstrahering