Formelement
Same kva du gir form til, må du kjenne til dei grunnleggande formelementa. Du må kunne bruke og kombinere dei for å skape eit formuttrykk. Dei grunnleggande elementa er:
- punkt
- linje
- flate
- form
Punkt
Punktet er det enklaste formelementet. Du kan oppleve det som ein liten prikk etter teiknereiskapen din på arket.
Set vi fleire punkt saman, vil det dukke opp usynlege lenker som gjer at vi kan sjå mønster.
Vi kan sjå for oss eit midtpunkt sjølv om det ikkje er synleg, til dømes senteret i ein sirkel eller i ein komposisjon.
Linje
Ei linje kan vi teikne, men vi kan òg sjå ei linje som vi synest oppstår mellom andre former. Til dømes vil fleire punkt kunne danne ei linje.
Linjer kan ha ulik karakter. Geometriske linjer er rette eller stramt bua, slik vi kan konstruere dei ved hjelp av ein linjal eller passar. Organiske linjer er mjuke og uregelmessige, slik vi kan møte dei i naturen.
Ein strek er alltid teikna, han er konkret med ei byrjing og ein slutt. Her har vi brukt geometriske og organiske strekar i to komposisjonar. Hugs at ei linje kan vere det same som ein strek, men at linjer òg kan oppstå i mellomromma.
Flate
Når vi snakkar om flate, snakkar vi gjerne om overflata på noko. Ei flate er avgrensa. Flata er todimensjonal, men ho kan vere bøygd og følge ei form.
Form
Gjenstandar er tredimensjonale. Ein gjenstand kan du sjå frå alle sider. Forma på ein gjenstand har eit rominnhald, og dette kallar vi volum. Forma kan vere massiv eller hol. Ein gjenstand kan òg vere sett saman av fleire former.
Relatert innhald
Mandala er ei god øving i konsentrasjon og i å teikne ulike formelement. Lag ein mandala ved å gjenta same formelement rundt eit senter.