Hopp til innhald

Fagstoff

Positiv og negativ form

Legg du merke til formene som oppstår i mellomromma når du teiknar noko? Sjølve gjenstanden du teiknar, er ei positiv form. Dei tomme områda som er rundt han eller i mellomromma, blir kalla negative former. Viss du lærer deg å sjå og bruke dei negative formene, vil du utvikle deg som teiknar.
Skulptur av menneskekroppar som dannar ein sirkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Positiv og negativ form

Når vi snakkar om positiv form, meiner vi sjølve forma på ein gjenstand eller ein figur, mens negativ form er området rundt ei positiv form – eller mellomromma som oppstår.

Sjå på figuren under. Kva ser du? Ein vase? Sjå nøye på det negative rommet rundt vasen.


Biletet er beskrive i teksten. Illustrasjon.

Du ser nok at området utanfor vasen dannar to ansiktsprofilar som ser mot kvarandre. I dette tilfellet er både den blå vasen og ansiktsprofilane positive flater og negative flater. Det kjem an på kva du bestemmer at skal vere hovudobjektet. Viss det er profilane du fokuserer på, vil den blå flata vere ei negativ flate, ein blå bakgrunn for ansiktsprofilane. Dette blir omvendt viss du fokuserer på vasen.

Bruker du dei negative flatene mens du teiknar noko, blir det lettare å få proporsjonar, kurver og vinklar riktige. Du kan jo prøve å teikne vasen over. Det er lettare enn å fokusere på ansiktsprofilane. Ansikt er så velkjende for oss, derfor har vi ein tendens til å teikne det vi trur vi ser. Negative flater kan motverke dette.

Flate og form

Sekskant fylt med gulgrøn farge. Illustrasjon.
Ei flate

er eit avgrensa område i ei teikning eller i eit måleri. Vi kan avgrense ei flate med linjer, strekar eller andre flater som støyter opp mot henne. Ei flate er ei todimensjonal form. Det betyr at ho er flat, og at ho berre har breidd og høgd, men ikkje djupn.

Ei form

har volum. Det betyr at ho er eit tredimensjonalt objekt med breidd og høgd og djupn. I teikning bruker vi ulike valørar som skal gi inntrykk av lys og skugge for å beskrive volumet til objektet. Viss vi teiknar eit objekt med ein slagskugge, fortel det også noko om korleis det er plassert i rommet.

Ein kube, ein sylinder, ei kjegle og ei kule. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Negative flater i teikning

Observasjonsteikning vil seie at du skal teikne det du ser. Då er det like viktig å fokusere på dei negative som på dei positive formene. Studer dei negative formene som oppstår i mellomromma på gjenstanden du vil teikne. Konsentrer deg om omrisset på éi negativ form om gongen, og gjengi henne som ei flate på tegnearket ditt. Får du dei negative flatene på plass, blir også forma på gjenstanden du teiknar, rett. Når du har lært å bruke mellomromma når du teiknar, har du komme eit langt steg vidare i teiknekunsten.

Same stol blir vist i tre versjonar. Den første er realistisk, den andre er ei skravert form av stolen og den tredje viser tomme flater der stolen ville ha vore. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein søkar

Ein søkar er praktisk å bruke for å finne ein god komposisjon til teikninga. Han gjer det også lettare å sjå kva som blir dei negative flatene utanfor det objektet du skal teikne. I det tilfellet som er vist på fotografiet, blir dette det området som er utanfor stolen, men innanfor opninga i søkaren.

Ein søkar lagar du lett ved å skjere ut eit rektangel frå midten av eit ark med litt tjukt papir. Bruk eventuelt kartong.

Ofte er det papiret som dannar rammene for formatet, men du kan også lage di eiga ramme på arket som dei ytre grensene for teikninga. Søkaren bør du bruke slik at han passar til formatet på teikninga. Viss teikninga di skal vere i ståande format, bruker du også søkaren ståande.

Ei svart ramme blir halden opp mot ein stol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komposisjon

I teikning komponerer kunstnaren korleis flater og former skal vere i forhold til kvarandre. Med komposisjon siktar ein altså til korleis dei enkelte elementa er sette saman. Her blir dei negative formene like viktige som dei positive. I dømet på biletet under har kunstnaren gjort eit poeng av å framheve dei negative flatene.

Geometriske flater er skraverte med blyant. Illustrasjon.

Relatert innhald

Teikn ein stol ved å studere dei positive formene på stolen og å teikne dei. Etterpå teiknar du han ut frå dei negative formene som oppstår i mellomromma.

CC BY-SASkrive av Bjørn-Ole Schjølberg, Annlaug Auestad og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2024

Læringsressursar

Formuttrykk