Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stilisering og sjablongar

I denne oppgåva skal du utforske eit tema og bruke stilisering til å lage dine eigne sjablongar. La deg inspirere av korleis Kaja stiliserte formar frå havet og laga eit mønster. Leik med ulike idéar og vel ut eit motiv du vil forenkle og bruke i eit tekstiltrykk.
Blyantteikningar farga med akvarellmåling som viser havskjelpadder, sjøstjerner, skater, reker og vatn. Illustrasjon.

Sjablong

Du kan lage ein sjablong ved å skjere ut eit motiv og fjerne det frå til dømes plastfolie eller ei papplate. Når du legg sjablongen på det underlaget du ønsker, får du fram motivet ved å spraye eller måle farge i hola.

Du kan bruke sjablongar når du effektivt vil gjenta ei form. Eit døme kan vere eit mønster med stiliserte element slik du kan prøve ut i denne oppgåva. Først skal du få sjå korleis Kaja stiliserte formar og brukte sjablong til å dekorere tekstil.

Idémyldring

Oppgåva Kaja fekk, var å utvikle eit mønster med inspirasjon frå livet i havet. Som vanleg sette ho seg inn i temaet og starta med ei idémyldring. Ho valde ut noko av det som finst i havet, og eksperimenterte med former og fargar som moglege element ho ville gå vidare med. Biletet over viser spor frå denne delen av prosessen.

Mønsterbygging

Kaja fann ut at ei skate ville fungere fint i eit mønster. Ho har ei klar, gjenkjenneleg form og er eit fint utgangspunkt for stilisering. Forma er ikkje er for komplisert, og det er ein fordel når ein lagar sjablongar.

For å skape rørsle i mønsteret plasserte Kaja skatene slik at dei svømmer i motsett retning i annakvar rekke. Når rekke nummer to og fire er skyvde litt mot høgre, tangerer vengetuppane til skatene kvarandre. Effekten av dette er ei vertikal, bølgande linje. I mellomromma har ho plassert ei bølgeform som skal førestille vatn. Desse verkemidla gjer at det visuelle språket og temaet heng godt i hop.

Beskrive i teksten og biletteksten. Illustrasjon.

Sjablongen blir skoren ut

Etter å ha planlagt nøyaktig korleis dei ulike delane i mønsteret skal vere i forhold til kvarandre, blir det neste å lage sjølv sjablongen. Sjablongen blir brukt for å gjenta dei same formene på heile flata som skal dekkast av mønsteret.

Når du først lagar ein sjablong, kan det lønne seg å bruke eit materiale som held seg stabilt, og som ikkje blir øydelagt når det er i bruk. Det kjem sjølvsagt an på prosjektet og om han skal kunne gjenbrukast seinare. Det er òg mogleg å lage sjablongar i materiale du berre bruker i eit prosjekt. Då kan du til dømes bruke kartong frå emballasje. Kaja har brukt tynne ark av plast. Dei toler mykje.

Ein skarp papirkniv kuttar lett gjennom både plastark og kartong. Ver forsiktig så du ikkje skjer deg.

Teikning av to stiliserte skater til venstre og ferdig utskoren sjablong  til høgre. Foto.

Tekstiltrykk ved hjelp av sjablong

Då Kaja hadde laga ein ferdig sjablong, stod det att å teste ut om han fungerte. Utprøvingar undervegs leidde henne mot dei teknikkane og reiskapane som fungerte best i dette prosjektet.

Det er forskjell på om du skal bruke sjablong på tekstil, papir eller på ein vegg. Små testrundar er nødvendige før du er heilt i mål, men det er det som gjer det så spennande. Biletet under viser korleis Kaja kunne skape ulike uttrykk ved å variere fargane, men i heile prosessen brukte ho same sjablong.

Tre tekstil dekorerte med skater og bølger sette saman i eit mønster. Kvart tekstil har eigne fargekombinasjonar. Foto.

Utstyr

  • Skissebok, blyant, viskeler

  • Akvarellmåling, fargeblyantar eller noko anna å fargelegge med

  • Skjerekniv

  • Kartong eller plastark du skal lage sjablongen av

  • Tekstil i bomull / lerretsstoff

  • Tekstilmåling (eller anna måling som passar til formålet)

  • Pensel eller svampbit til å påføre måling med

Oppgåve

  • Førebuing: Les Stilisering – kva er det?

  • Trill ein terning og bruk temaet med tilsvarande nummer frå lista under:

    1. Livet i havet

    2. I skogen

    3. På bondegarden

    4. Fjell og hei

    5. I byen

    6. Oppe i eit tre

    Ut frå temaet skal du stilisere noko det passar å lage sjablong av. Du skal starte med å utforske temaet med tankekart og idémyldring. Hugs utprøvingar undervegs.

  • Lag ein sjablong som du bruker til å dekorere tekstila.

  • Dokumenter prosessen din.

Relatert innhald

Vi kan lage mønster ved å gjenta ei form eller eit mønsterelement. Gjentaking, dreiing og spegelvending kan skape spennande mønster.

CC BY-SASkrive av Elin Drougge.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2024

Læringsressursar

Forenkling, stilisering og abstrahering