Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk monument frå forhistorisk tid og teikn ein studie av Stonehenge

I denne oppgåva skal du finne ut meir om eit monument frå forhistorisk tid og diskutere funksjonen det kan ha hatt. Etterpå skal du studere eit foto av Stonehenge, øve på å teikne formene og gjengi lys- og skuggeverknader.
Store steinblokker står på høgkant med nokre liggande steinblokker oppå. Himmelen er dramatisk med  sterkt lys og rødlege skyer. Foto.

Del 1: Lær om Stonehenge og andre monument frå forhistorisk tid


Finn meir kunnskap i artikkelen om Stonehenge.

  1. Beskriv steinformasjonen Stonehenge.

  2. Forklar kvifor monumentet kan ha hatt religiøs betydning.

  3. Bruk relasjonane nedst på sida og les meir om liknande monument i Europa. Søk gjerne etter andre steinmonument på nettet viss du vil undersøke breiare. Vel eit monument, beskriv dette og ta med kvar det ligg.

Del 2: Diskuter

Samarbeid med ein medelev og samanlikn monumenta de har funne fram til. Diskuter kva slags funksjon de trur monumenta kan ha hatt.

Store steinblokker står på høgkant med nokre liggande steinblokker oppå. Foto.

Del 3: Teikn ein studie, legg vekt på form, lys og skugge

Utstyr og teknikk

Foreslåtte teiknereiskapar: gråblyant, kol eller fargekrit

Teiknepapir: A3-format

Teknikk: tung/lett strek og skravering

Viktige stikkord: komposisjon, tekstur og volum

  1. Studer eit eller fleire foto av Stonehenge. Legg merke til korleis skuggane er med på å understreke materialet og forma på steinane. Skuggane er òg med på å få fram storleiken og tyngda til steinen.

  2. Studer bakgrunnen og mellomromma når du skal plassere motivet på arket ditt. Tenk komposisjon og riss lett opp forma på steinane. Varier bruken av strek når du gjengir formene. Prøv ut korleis lett og tung strek kan få fram djupneverknad i biletet ditt.

  3. Studer overflata på steinane og bruk skravering for å skape ulike gråtonar. Valørane kan understreke volum og få fram tekstur. Slagskuggen blir òg viktig for komposisjonen.

Ståande og liggande steinblokker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2024

Læringsressursar

Forhistorisk tid