Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

La deg inspirere av holemåleria

I denne oppgåva kan du lage ditt eige holemåleri og undersøke kva for betydning holemåleria kan ha hatt. Du skal leike med streken og utforske korleis du kan bruke han til å skape rørsle og djupneverknad.
Tre måleri der dyrefigurar er gjengitt i jordfargar. Foto.

Del 1: Førebuing

  1. Kva trur du formålet med holemåleria var?

  2. Les artikkelen om holemåleri.

  3. Korleis kan holemåleria ha blitt brukte til å formidle historier og idéar?

  4. Med få unntak er det dyr og ikkje menneske som er avbilda. Kva trur du årsaka til det kan vere?

Oksar og andre dyr måla på ein holevegg. Streken er markert med ulik tjukn i forgrunnen. Det er brukt jordfargar. Illustrasjon.

Del 2: Leik med streken

Utstyr

  • teiknerull

  • kol og/eller krit

Til læraren

Skriv gjerne ut nokre døme på holemåleri som elevane kan la seg inspirere av.

Holemåleri

Oppvarming

Heng opp ein teiknerull, eller rull ut papiret på eit stort bord eller på golvet.

  1. La dykk inspirere av dyra frå holemåleria og test ut kol og/eller krit. Prøv ut effekten av å bruke tung eller lett strek. Korleis påverkar strekane opplevinga av motivet?

  2. Etter fem minutt byter de plassar og startar på nye teikningar. Bli ikkje ståande og pirke på same teikning.

Kollasj av skisser til holemåleri og bilete av hender som jobbar med skisser og utprøving av akvarellmåling. Foto.

Del 3: Lag ein bakgrunn til holemåleriet ditt

Utstyr og teknikk

Papir: akvarellpapir i storleik A3

Reiskapar: pensel og akvarellmåling
Bruk jordfargar som til dømes oker, umbra og burnt sienna

Teknikk: vått i vått-teknikk

Holeveggen var som eit lerret for holemålarane. Prøv å attskape ein fjellvegg ved å la milde jordfargar flyte over i kvarandre. Bruk vått i vått-teknikk til å skape liv i bakgrunnen på biletet ditt. Lag minst to bakgrunnar. La arka tørke skikkeleg før du går i gang med å måle dyreskikkelsar på dei.

Mange akvarellark måla med jordfargar ligg på eit golv. Foto.

Del 4: Studer eit holemåleri du blir fascinert av

  1. Søk på nettet og vel eit holemåleri frå forhistorisk tid som du vil studere nærare. Gode søkeord kan vere: "cave painting", gjerne kombinert med: "Lascaux", "Altamira" eller "Chauvet".

  2. Sitt saman i grupper på to–tre og beskriv dei visuelle verkemidla i måleriet de har valt for kvarandre. Det vil seie at de skal studere korleis strek, form og fargar er brukte og sette saman. Legg òg merke til om det er brukt kontrastar i måleria, og om teksturen i huleveggen påverkar uttrykket.

Ein hest måla på ein holevegg. Illustrasjon.

Del 5: Utforsk betydninga av streken

Bruk holemåleriet du studerte i del 4. No skal du legge ekstra godt merke til kva streken betyr for å få fram djupn i holemåleriet.

  1. Prøv ut strek og penselstrok.
    Test ut penselstrok på eit eige ark og prøv ut effekten av å bruke tung eller lett strek. Leik med dyra du finn i holemåleriet du valde, og mål dei på ulike måtar. Korleis påverkar strekane opplevinga av motivet?

  2. Jobb med komposisjon.
    Studer bakgrunnen og lyssetjinga av holemåleriet du har valt. Dette kan hjelpe deg til å skape ein betre komposisjon og få fram djupn i biletet ditt. Lag små, raske skisser der du prøver ut korleis du vil plassere dyra på arket ditt. Bruk heile flata.

  3. Gjengi motivet og legg vekt på bruk av strek på akvarellarket.
    Mål eit eller fleire av dyra du har jobba med på bakgrunnen du laga på A3-arket. Ta med deg erfaringa du fekk frå å bruke tunge og lette strekar. Tenk over komposisjonen. Korleis påverkar streken den visuelle effekten i måleriet ditt?

  4. Forsterk djupneverknaden ved hjelp av valørar.
    Prøv ut korleis du kan få fram volum og tekstur ved hjelp av nye, tynne lag med akvarellmåling. Bruk erfaringane dine til å skape endå meir djupn i biletet ditt.

Fire måleri der dyrefigurar er gjengitt i jordfargar, ligg på eit tregolv. Foto.

Del 6: Mål eit valfritt motiv

Kva ville du ha måla på ein holevegg? Ta med deg erfaringane frå å måle dyr. Leik med tanken på magien til biletet og mål eit fritt valt motiv inspirert av holemåleria.

Del 7: Lag ei utstilling

Samarbeid med klassen din og lag ei utstilling av holemåleria de har laga. Bli samde om de også vil ta med nokre av utprøvingane.

Fleire akvarellar som likner holemåleri, er hangne opp på ein vegg. Motiva er dyr og jegerar. Foto.

Relatert innhald

Kunsthistoria til mennesket begynner med holemåleria. I denne artikkelen ser vi nærare på motiva og betydninga av dei.

Bli klar over mogelegheitene med ein strek. Du kan variere han med ulikt trykk, tempo og grep på blyanten. Lær òg meir om linjer og konturteikning.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2024

Læringsressursar

Forhistorisk tid