Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk religion

Samisk religion er ei samlenemning for mytar, trusførestillingar og rituell praksis blant den samiske befolkninga i Skandinavia, Finland og Russland.
To ovale former med ulike symbolske framstillingar av menneske og naturmotiv. Teikning.

På grunn av intens misjonsaktivitet blei tradisjonell samisk religion langt på veg utrydda i løpet av 1700-talet. Enkelte element har likevel overlevd fram til våre dagar – i mange tilfelle parallelt med kristne livssyn. Det går òg føre seg forsøk på å nytolke samisk før-kristen religion i nyåndelege miljø.

Verdsbilete

Samane trudde på fleire parallelle verder. I tillegg til den "vanlege" verda fanst det mellom anna eit rike for dei døde (Jábmiid áibmu), eit paradis (Sáivu), eit dyrerike, eit himmelrike og ei underverd.

Stilisert sol med kors i midten. Symbol.

Solguden var ei sentral kraft blant dei samiske gudane. Solguden blei kalla Beaivi, som også er det samiske ordet for sol. Ifølge samisk mytologi kom reinen vandrande til jorda langs solstrålane. Ein annan viktig gud var tordenguden Horagállis, også kalla Dearpmis, som rådde over alt frå lyn, tore, vind og vêr til livet og døden til menneska. Samane vende seg gjerne til han for velstand og lykke. Andre sentrale guddommar var vinden og stormen sin gud, Bieggolmmái, jakta sin gud, Leaibolmmái og Storjunkeren, som rådde over ville dyr, fuglar og fiskar.

Samane trudde òg på ei rekke kvinnelege gudar. Ei viktig gudinne var Máttaráhkká, som var den som skapte kroppen til menneska. Ho var òg stammor til tre andre gudinner: Sáráhkká, Juksáhkká og Uksáhkká. Desse var særleg viktige i samband med skaping, fødsel og livet i heimen. Sáráhkká førte barna inn i morslivet etter at Máttaráhkká hadde skapt dei, og hjelpte til når barn blei fødde. Juksáhkká kunne gripe inn i mora sitt liv og forandre kjønn på fosteret. Uksáhkká hadde tilhaldet sitt ved inngangen til gammen. Ho vakta bustaden mot vonde krefter og passa på små barn.

Samisk religion var animistisk, det vil seie at ting i naturen blei oppfatta som besjela av ånder eller gudar. Desse kunne vere usynlege, eller kunne ha teke bustad i naturobjekt som fjell, steinar, tre og liknande. Ein kjenner òg til menneskelaga gude- eller åndefigurar. Ifølge tradisjonell tru hadde menneska hjelpeånder. Desse kunne sjå ut som små menneske og vere kledde i fargerike samiske klede. Dei kunne òg ha dyreform. Hjelpeåndene kunne gå i arv, bli selde eller gitt i medgift.

Mytar

Mange samiske mytar, eventyr og segn har overlevd fram til våre dagar, anten som del av ein framleis levande munnleg forteljartradisjon eller i skriftleg form. Desse er ei uvurderleg kjelde til den religiøse førestillingsverda til samane. Dyr er eit sentralt motiv i mange samiske mytar, som fortel om dyras til dels overnaturlege evner, tilbliing og eigenskapar. Andre forteljingar handlar om mytiske vesen og samiske gudar. Det finst òg historiske mytar, som gjerne handlar om dei samiske møta med andre folkeslag.

Fleire forteljingar om skapinga av verda og mennesket finst i den samiske mytologien. Mytane varierer mellom ulike grupper av samar og synest i stor grad å vere påverka av natur og leveforhold. Som oftast handlar forteljingane om gudar eller andre makter si omforming av verda snarare enn skaping ut av ingenting.

Ritual og kult

Sjamanisme var eit sentralt element i samisk religion. Sjamanisme er ei religionsform som bygger på ei førestilling om at det finst fleire verkelegheitssfærar. Sjamanen, som er ein åndeleg ekspert med spesielle evner, kan gjennomføre reiser til til dømes gude- og åndeverda. Den rituelle og religiøse eksperten til samane blei kalla noaidi. Med bistand frå hjelpeåndene sine kunne noaiden gjennomføre sjelereiser til paradis (Sáivu), til dødsriket (Jábmiid áibmu) eller til kva stad som helst på jorda for å søke råd og rettleiing av gudane eller avdøde. På grunn av den spesielle kontakten sin med ånder og gudar kunne noaiden òg bidra til å heile sjuke.

Noaiden brukte sjamantromma for å komme i transe, slik at sjela hans kunne reise mens kroppen låg urørleg tilbake. Han hadde òg inngåande kunnskapar om tromma og symbolikken til dei religiøse figurane og brukte tromma for å spå. Ein la då ein ring av metall eller ein beinfigur på tromma og slo på tromma med ein hammar av reinhorn. Ut frå kvar ringen eller figuren bevegde seg, fekk ein svar på ulike spørsmål.

Samisk tromme i monter. Foto.

Ofring var ei viktig rituell handling i den samiske kulturen. I det daglege ofra ein gjerne heime eller ute i naturen, utan bistand frå ein noaide. Offeret blei tilpassa kva ein ofra for, og kven ein ofra til. Vanlege offer var tran, fiskerestar, kjøtt, blod eller metall og myntar. I spesielle situasjonar ofra ein meir verdifulle ting, som reinsdyr eller hestar, og offerseremonien blei leia av ein noaide.

Materielle og estetiske uttrykk

Sjamantromma er kanskje det mest kjende og karakteristiske materielle uttrykket for samisk religion. I det sentral- og nordsamiske området blei tromma laga av ein uthola treknoll, overspent med eit reinsdyrskinn. Denne trommetypen blir kalla skåltromme. Sørsamiske trommer er såkalla rammetrommer. Her blei botnen laga av eit langt, tynt trestykke som er bøygd i ein sirkel, og med to trepinnar i kryss på baksida. Også denne har reinsdyrskinn spent over stammen, der det er måla figurar som mellom anna symboliserer ulike gudar, dyr, hus og menneske. Sjamantromma blei tradisjonelt brukt av noaiden for å komme i transe eller for å spå.

I tråd med dei animistiske verdsbileta til samane blei mange ting i naturen oppfatta som besjela. Fjell, steinformasjonar, steinar, sprekk i fjellsida, kjelder og sjøar kunne bli tilskrivne ei åndeleg kraft. Heilage naturformasjonar kunne både bli gjorde til gjenstand for tilbeding og bli brukte som offerplass. Det finst òg menneskeskapte offerplassar, som til dømes steinsirklar.

Samisk religion i dag

På 1700-talet blei det sett i gong systematiske forsøk på å kristne samane. Misjonen førte til at tradisjonell samisk religionsutøving i stor grad forsvann, og mange samar vil i dag identifisere seg med eit kristent eller sekulært livssyn.

Enkelte idéar og skikkar har likevel overlevd fram til våre dagar. Samiske trusførestillingar har dessutan sett sitt preg på folkeleg religiøsitet blant den etnisk norske befolkninga, særleg i Nord-Noreg, der tru på magi og overnaturlege vesen i stor grad synest å vere kommen inn som følge av påverknad frå samisk religiøsitet.

Alternativrørsla har òg vigd urfolk sin spiritualitet stor merksemd, og det går føre seg ei nytolking av mellom anna sjamanisme, magi, tru på kraftdyr og bruk av moderne sjamantrommer i alternativmiljøet.

I videoen under fortel artist Ella Marie Hætta Isaksen mellom anna om kva rolle samisk religion speler for den samiske identiteten hennar, og korleis det hjelper henne og inspirerer henne både i musikken, engasjementet for naturvern og i livet elles. Ho bruker den tradisjonelle samiske songforma joik i musikken sin. Joiken er eit samisk kulturuttrykk som har overlevd fornorskinga. Joik blei mellom anna brukt i religiøse ritual og har framleis ei åndeleg betydning for mange samar.

Artikkelen er ein omarbeidd versjon av artikkelen "Samisk religion" på Religioner.no.

Kjelder
  • Christensen, C. (2005). Urfolk på det nyreligiøse markedet: en analyse av Alternativt nettverk [Masteroppgave]. Universitetet i Tromsø.

  • Friis, J. A. (1871). Lappisk Mythologi. Cammermeyer.

  • Friis, J. A. (1871). Lappiske Eventyr og Folkesagn. Cammermeyer.

  • Hultkrantz, Å. (1987). Non-Shamanic Guardian Spirits. I T. Ahlbäck (Red.), Saami Religion. (s. 110–123). Donner Institute.

  • Kristiansen, R. (2005). Samisk religion og læstadianisme. Bergen: Fagbokforlaget.

  • Kroik, Å. V. (2005). Djuren – beskyddare, budbärare och vänner. I Å. V. Kroik (Red.), Efter förfädernas sed – Om samisk religion. (s. 14-25). Boska.

  • Pollan, B. (2007). For Djevelen er alt mulig – Kristne historier om samene. Høgskuleforlaget.

  • Rydving, H. (2010). Tracing Sami traditions : in search of the indigenous religion among the Western Sami during the 17th and 18th centuries. Instituttet for sammmenlignende kulturforskning, Serie B, Skrifter 135. Novus forlag.

  • Vorren, Ø. (1987). Sacrificial Sites, Types and Function. I T. Ahlbäck (Red.), Saami Religion. (s. 94–109). Donner Institute.

  • Westman, A. (2005). Den heliga trumman. I Å. V. Kroik (Red.) Etter förfädernas sed - Om samisk religion. (s. 58–73). Boska.

CC BY-SASkrive av Margrethe Løøv.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2022

Læringsressursar

Andre religionar