Hopp til innhald

Fagstoff

Religion i Japan

Shinto og buddhisme er dei største religionane i Japan. Dei fleste japanarar praktiserer ritual frå begge religionar, samtidig som dei reknar seg sjølv som ikkje-religiøse.
Trekonstruksjon med bogna tak som står i vatnet utanfor ei strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

To store tradisjonar: shinto og buddhismen

Japan har ei særeigen religionshistorie. To store religionstradisjonar dominerer, nemleg shinto og buddhismen. Dei fleste japanarar deltek i religiøse arrangement og storhendingar både i shinto-heilagdommar og i buddhisttempel – ofte i sosiale samanhengar.

I perioden 1868–1945 freista japanske styresmakter å fremme shinto som ein statsberande ideologi i staden for andre religionar. Etter krigen, frå 1946, tvinga amerikanske styresmakter religionsfridom på Japan. Fleire nye religionar har dukka opp, men desse er små samanlikna med utbreiinga av shinto og buddhismen.

Synkretisme og religion i dagens Japan

Synkretisme (religionsblanding) og multiritualisme er viktige omgrep for å forstå religion i Japan. I over tusen år har særleg shinto og buddhismen gjensidig påverka kvarandre og teke til seg rituala til kvarandre, åndevesen og idéar. Mange japanarar er multirituelle, som betyr at det er naturleg å delta i ritual i ulike religionar utan å nødvendigvis kjenne tilhøyrsel til religionane.

Religionsstatistikk viser at dei fleste japanarar deltek i ritual i fleire religionar. Samtidig seier 65–75 % av befolkninga at dei ikkje tilhøyrer ein bestemd religion, ifølge nyare spørjeundersøkingar. Dette viser at religion i Japan handlar meir om handlingar og ritual enn tru og religiøs tilhøyrsel. Multiritualismen forklarer òg det kjente ordtaket i Japan om at ein blir fødd inn i shinto, giftar seg kristen og døyr som buddhist.

Dei siste tiåra ser vi ein trend mot auka sekularisering – færre går i tempel, fleire bruker ikkje-religiøse tenester til til dømes gravferder (som er billegare enn tradisjonelle buddhistgravferder). Tempel og heilagdommar på landsbygda blir lagde ned fordi fleire flyttar til storbyane.

Treetasjes pagode-tempel med foss i bakgrunnen. Nokre personar står og ser på og beundrar tempelet. Ein person fotograferer tempelet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Shinto – Japans særeigne religion

Omgrepet shinto karakteriserer rituell praksis og bestemde religionsformer som er utbreidde i Japan.

Det finst inga einskapleg lære eller tru i shinto, ingen religionsstiftar eller nokon felles heilag tekst, og ingen øvste leiar. Shinto er altså ikkje eitt bestemt trussystem, men snarare ei samling av ritual, tradisjonar og haldningar frå ulike delar av Japan, som over tid fekk fellesnamnet shinto.

Shinto betyr "vegen til gudane". Omgrepet for gud på japansk, "kami", har ei brei betydning – og kan òg bety ånd, guddom, naturkrefter, heilage stader eller heilage krefter. Også åndene til forfedrar, heltar eller leiarar frå japansk historie kan dyrkast som kami, til dømes keisarfamilien. På grunn av den lause definisjonen av kva ein kami er, finst det tallause kamiar.

Ifølge ein del shintoistar har somme kamiar menneskeliknande trekk og kan vere både gode og vonde, slik som menneske. Kamiane kan delvis samanliknast med gudane frå norrøn eller gresk mytologi, ettersom dei blir knytte til minst to eller fleire funksjonar eller kvalitetar (fruktbarheit, helse, visdom og så vidare). Akkurat som naturen kan dei vere både farlege og livsviktige. Derfor er det sentralt å sikre kamiane sin gunst, be om vern og hindre at dei blir sinte. Dette blir gjort via ritual ved shinto-heilagdommar.

I Japan finst det rundt 100 000 shintoheilagdommar – stader der det ifølge shintoistar bur éin eller fleire kamiar, og der desse kan tilbedast. Desse kan vere alt frå små gravsteinar til store tempelkompleks. Dei fleste heilagdommane blir ikkje drivne av profesjonelle prestar, men blir varetekne av nabolaga til heilagdommen ved hjelp av dugnad. Nokre hundre av dei største og viktigaste heilagdommane blir varetekne av profesjonelle prestar, både menn og kvinner. Heilagdommane er opne for alle, også ikkje-shintoistar. Den viktigaste funksjonen til heilagdommane er å skape fellesskap, samhald og felles tradisjonar.

Dei fleste rituala som blir utførte ved shintoheilagdommar handlar om å be om praktisk hjelp frå ein kami til kvardagslege behov. Heilagdommane tilbyr ritual som markerer fleire livsstadium, slik som fødsel, ungdommar sin myndigalder, ekteskap eller nyttårsfeiring. Somme heilagdommar blir brukte til særeigne formål, slik som helsebot av bestemde sjukdommar, suksess på eksamen, tryggleik i trafikken eller før ei reise. Rituell reinsing av nykjøpt eigedom eller bil er òg ein svært vanleg praksis. Felles for rituala er at dei handlar om hjelp i dette livet og ikkje om kva som skjer etter døden.

Shinto kan òg reknast som ein animistisk naturreligion – det vil seie ein religion som ser naturen som heilag eller guddommeleg og alt i naturen som besjela og fullt av livskraft. Etter eit slikt syn er shinto ein særjapansk tradisjon som handlar om å leve i harmoni med naturen.

Buddhisme

Buddhismen kom til Japan frå Korea på 500-talet og seinare òg frå Kina. Fleire buddhist-sekter blei populære blant keisarfamilien og eliten, men først på 1100-talet slo den nye religionen an blant folk flest. Frå og med då til i dag er dei tre mest populære typane buddhisme i Japan Jodo-buddhisme (dei Rene Land-skulane), Nichiren-buddhisme og zen-buddhisme.

I dag finst det over 70 000 registrerte buddhisttempel i Japan. Over 20 000 av desse manglar ein residerande prest, som inneber at stadig fleire tempel må leggast ned. Dette skjer særleg på landsbygda. I 1970 fanst det over 96 000 registrerte tempel.

Buddhismen i Japan fekk over tid monopol på ritual som omhandlar døden, gravferder og etterlivet. Derfor er det framleis veldig vanleg at nesten alle gravferder og dødsrelaterte ritual skjer i buddhist-tempel. Desse rituala er den viktigaste inntektskjelda for buddhistprestar.

Kjelder

Andreasen, E. & Borup, J. (2013). Japansk religion. Forlaget univers.

Josephson, J.A. (2012). The Invention of Religion in Japan. The University of Chicago Press.

Swanson, P.L. & Chilson, C. (eid.) (2006). Nanzan Guide to Japanese Religions. University of Hawai'i Press.

Kværne, P. (2017, 6.desember). Religion i Japan. I Store norske leksikon. https://snl.no/religion_i_japan

Teeuwen, M. & Jacobsen, K. (2020, 15.juli). Shinto. I Store norske leksikon. https://snl.no/shinto

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2022

Læringsressursar

Andre religionar