Hopp til innhald

Fagstoff

Bahá'í

Bahá'í er ein ung religion som har spreidd seg til meir enn 200 land. Bahá'íar meiner at alle religionar eigenleg inneheld same åndelege sanningar.
Kvitt bygg forma som ein lotus-blom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bahá'í-trua er ein monoteistisk openberringsreligion som oppstod i Persia (dagens Iran) i siste halvdel av 1800-talet. Religionen har vakse mykje, spesielt sidan 1960-talet og kan i dag ha noko slikt som 8 millionar tilhengarar. Bahá'í er utbreidd i heile verda, men dei fleste bur i India, Iran og Nord-Amerika. I Noreg bur det rundt 1200 bahá'íar.

Det høgaste etiske og religiøse målet for bahá'íar er å skape eining og fred blant medmenneska sine. Ved å følge bahá'í sine prinsipp og reglar prøver bahá'í-samfunnet å realisere trua på verdsfred og avskaffing av krig.

Historisk bakgrunn

Ifølge bahá'íar sjølv kan religionen sporast tilbake til 1844. Då offentleggjorde den persiske profeten Siyyid Ali-Muhammed (1819–1850) fleire av openberringane sine og begynte å kalle seg Báb (arabisk: "port"). Han hadde bakgrunn i ein sjiamuslimsk kultur, men forkynte at snart ville det komme ein ny universal bodbringar frå Gud, som dei fleste religionar har skrive om. Han fekk mange tilhengarar, men blei òg sett på som ein vantru muslim av styresmaktene og religiøse leiarar. Mange av tilhengarane hans blei forfølgde og drepne, og han sjølv blei avretta i 1850.

Ein av Báb sine mest populære tilhengarar, som blei forfølgd, var den persiske adelsmannen og mystikaren Mirza Husayn-Ali (1817–1892). Etter å ha opplevd fleire openberringar blei han overtydd om at han var "Guds utvalde" som Báb hadde profetert om nokre år tidlegare. Han stod fram offentleg 21. april 1863 som Bahá'u'lláh ("Guds herlegdom"). Bahá'íar feirar 21. april 1863 som den offisielle starten på religionen, og Bahá'u'lláh blir rekna som religionen sin grunnleggar.

Organisering

Portrett av eldre mann med kvitt skjegg og turban. Svart/kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bahá'u'lláh etterlét seg eit testamente som sa at den eldste sonen hans, 'Abdu'l-Bahá ("Bahás Tjener"), skulle ta over leiarskapen. Dette hindra at det blei splitting eller store maktkampar blant bahá'íane. 'Abdu'l-Bahá (1844–1921) spreidde religionen vestover via fleire reiser til europeiske storbyar og i Nord-Amerika. Etterkommarane hans bidrog til å gjere bahá'í til ein verdsomspennande religion på 1900-talet. Han skreiv òg mange bøker. Skrifta til al-Báb, Bahá'u'lláh og 'Abdu'l-Bahá blir rekna som dei heilage skriftene i bahá'í.

I dag er bahá'í-religionen leia av Det Universelle Rettferdighetens Hus, eit råd som ligg ved Karmelfjellet i Haifa, Israel. Den 21. april 1963 blei dette rådet etablert, i samsvar med instruksjonar skrivne av Bahá'u'lláh og 'Abdu'l-Bahá. Oppgåvene i rådet skulle vere å ta vare på og fremme religionen, men òg utdanning, fred og global utvikling. Det Universelle Rettferdighetens Hus er bahá'í-trua sitt øvste valde og styrande organ. Det består av eit råd på ni personar valde frå heile verda, alltid menn, som blir vald kvart femte år. Rådet har autoritet til å lage lover og forordningar om situasjonar som ikkje er nemnde spesifikt i bahá'í-skriftene. Frå 1963 og fram til i dag har dette vore den viktigaste institusjonen i bahá'í.

Monumentalt kvitt bygg med søyler omgitt av ein rikt utsmykka hage. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst ikkje noko presteskap som utfører faste ritual i bahá'í. Det er derimot lokalt valde representantar i kvart land som tek på seg administrativt ansvar for å styrke bahá'í sin fellesskap. Dette betyr i praksis at dei skaffar eit lokalt bahá'í-senter (forsamlingshus) som fungerer som ein møteplass, organisering av bahá'í-arrangement, og der det blir gitt rådgiving og hjelp som gjeld giftarmål og gravferder, utdanningsmogelegheiter for barn og vaksne og så vidare.

Murhus med hage rundt. Statue av ørn i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk og lære – Einingstanken

Einingstanken er sentral i bahá'í-trua. Eininga til Gud og religionane handlar ifølge bahá'í om at det berre finst éin gud, og at alle religionar stammar frå den same kjelda. Gud har alltid vore den same, som profetar og andre religionsstiftarar har beskrive med ulike namn i tidlegare religionar. Alle store religionar blir rekna som sanne, tilpassa tida og kulturen dei oppstod i. Dette forklarer kvifor nokre kjenneteikn, slik som den gylne regelen (kjend som gjensidighetsprinsippet), finst i alle religionar.

Basert på tanken om eininga til menneska har bahá'í-samfunnet formulert prinsipp som må gjennomførast for å skape ei betre verd. Desse inkluderer:

  • full likestilling mellom kjønna

  • å gjere slutt på alle fordommar, og på ekstrem fattigdom og rikdom

  • full religiøs toleranse

  • harmonisering mellom vitskap og religion

  • mennesket si uavhengige søken etter sanning

  • utdanning for alle menneske

  • ei universell lovgivande forsamling

  • eit universelt hjelpespråk og felles skriftsystem

Liknande prinsipp er i dag kjende via internasjonale organ som FN, men bahá'í-samfunnet fremma slike ideal allereie på 1800-talet.

Bahá'í-religionen sin etikk går ut på at alle menneske er like mykje verd, uansett bakgrunn. Ein bahá'í skal ikkje lyge, stele, drepe, ha sex før eller utanfor ekteskap, baksnakke, sladre, bruke rusmiddel eller gamble. Ideala bahá'íar skal jobbe for, er ærlegdom, vennlegheit, tenestevilligskap og handling framfor ord.

Ritual og religiøs praksis

Mange personar er samla i ei stove rundt eit bord. Somme held trykte hefte i hendene. Ein står opp og les noko frå eit hefte. Foto.

Bahá'íar fokuserer ikkje på ritual. Det er korleis ein lever som er det sentrale. Ifølge bahá'íar sjølv har dei berre to eigenlege ritual: setninga ein seier når ein giftar seg og bønna ein skal seie ved ei bahá'í-gravferd. Dei har òg andre faste religiøse handlingar, men desse handlingane inneheld inga heilag eller guddommeleg kraft. Hensikta med dei kan vere åndeleg utvikling, lovprising eller kommunikasjon med det guddommelege.

Blant slike faste religiøse handlingar er dei viktigaste bønn, faste under siste månad i året, meditasjon og feiring av høgtider. Det finst ikkje noko presteskap som held preike eller leier seremoniar. Derfor skal bønn og meditasjon bli utført privat, ikkje i store forsamlingar eller som gudsteneste. Ein skal helst utføre obligatoriske bønner dagleg og lese frå dei heilage tekstane jamleg.

Før obligatorisk bønn må ein vaske ansiktet og hendene, og formålet med bønna er å fremme audmjuke, sjølvdisiplin og truskap til Gud.

Fire personar sit ved sida av kvarandre og syng. Ein held ein mobiltelefon opp, slik at alle kan sjå teksten på mobiltelefonen. Ein speler gitar. Foto.

Bahá'í-kalenderen

Bahá'íane har ein eigen kalender, 19 månader med 19 dagar kvar, som gir 361 dagar i året. Dei resterande 4–5 dagane er innskutte dagar dei bruker til feiring, velgjerd, gåvegiving og gjestfridom i månadsskiftet i februar og mars.

Forfølging

Bahá'íar i Iran har sidan 1800-talet blitt forfølgde av staten og religiøse fundamentalistar. Dei blir kritiserte for å vere agentar for vestlege makter og blir systematisk forfølgde.

Vil du lære meir om Bahá'í?

Kjelder med eit innanfråperspektiv:

https://www.bahai.no/ Den offisielle nettsida til Bahá'í-samfunnet i Noreg.

https://www.bahai.no/nyheter-blogg/norskskolebok Norsk skulebok om Bahá'ítrua. Ei innføring for elevar og lærarar. Nedlastbar PDF-utgåve av bok laga av Bahá'í-samfunnet i Noreg.

https://bibliotek.bahai.no/ Bahá'í online bibliotek. Eit utval heilage skrifter og annan litteratur på norsk.

https://www.bahai.org/ Nettsidene til det globale bahá'í-samfunnet.

Kjelder med eit utanfråperspektiv

Artikkel: Bahá'í? på snl.no

geirwinje.no (PDF) Ein kort presentasjon av Bahá'í.

Kjelder

Hatcer, W.S. & Martin, J.D. (1984). The Baha’i Faith. The Emerging Global Religion. Harper and Row.

Ruste, A. (Red.). 2007. Bahá'í-troens skrifter. Bokklubben.

Stockman, R.H. (ed.) (2022). The World of the Baha’i Faith. Routledge.

Vogt, K. (2022, 29. april). Bahá’í. I Store norske leksikon. https://snl.no/bah%C3%A1%E2%80%99%C3%AD

Bahá’í-samfunnet i Noreg: www.bahai.no

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2022

Læringsressursar

Andre religionar