Hopp til innhald

Fagstoff

Religion i Kina

Kina har grunnlovsfesta religionsfridom, men i praksis finst det berre fem statlege godkjende religionar. Kinesisk religion blir kjenneteikna av religionsblanding (synkretisme), og dei mest kjende kinesiske religionstradisjonane er daoisme og konfutsianisme. Buddhismen har òg vore viktig i Kina.
Yin yang-symbol med dyrefigurar rundt støypt i bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk utvikling

For å forstå religionssituasjonen i Kina er det nødvendig med litt historisk bakgrunn.

Synkretisme og multiritualisme

Kina har ein over to tusen år lang tradisjon for openheit og toleranse for ulike religionar og filosofiar. Denne historiske openheita har ført til at dei tre store religionstradisjonane i Kina – daoisme, konfutsianisme og buddhisme – har påverka kvarandre gjensidig og blanda seg over lang tid fram til våre dagar. Slik samanblanding av religion blir kalla synkretisme. Dette kan forklare kvifor dei fleste kinesarar i dag utøver ritual i templa til ulike religionar, såkalla multiritualisme.

Endringar på 1900-talet

Enorme endringar har skjedd i Kina i løpet av 1900-talet og fram til i dag. Kinesiske elitar og styresmakter har prøvd å minke eller heilt fjerne religion frå samfunnet ved fleire høve. Det mest kjende dømet er kulturrevolusjonen (1966–76) under kommunistdiktatoren Mao Zedong, der all religion blei forboden, og fleire titusen religiøse bygg blei øydelagde eller konfiskerte av staten. Men religion blei aldri heilt borte.

Frå kulturrevolusjonen til i dag har Kina opna seg meir økonomisk, religiøst og kulturelt og er i dag det største landet i verda med omsyn til produksjon, eksport og folketal. Sidan 1982 har styresmaktene tillate religionsutøving, men med klare atterhald. Kommunistpartiet har sete med makta sidan 1949, og alle medlemmer av partiet må vere ateistar.

Kina i dag

Kina er i dag offisielt eit ateistisk land og har fem tillatne eller lovlege religionar: buddhisme, daoisme, islam, katolsk kristendom og protestantisk kristendom. I verkelegheita finst det mange fleire religionar, men berre desse fem blir anerkjende av staten.

Dette bakteppet forklarer tre sentrale trekk:

  • Kinesiske styresmakter – altså det kinesiske kommunistpartiet – prøver å kontrollere religionsutøvinga i landet.

  • Kina er multireligiøst og synkretistisk.

  • Befolkninga er multirituell.

Bileta under viser høvesvis eit daoistisk, eit konfutsiansk og eit buddhistisk tempel i Kina.

Mange kinesarar ber i ulike tempel for ulike formål og kjenner ikkje nødvendigvis nokon tilhøyrsel til templa sin religion. Éin og same person kan til dømes be om velsigning for fruktbarheit i eit buddhisttempel, hjelp til utdanning i eit konfutsiansk tempel og så be om lykke i forretningslivet eller eit nytt år i eit daoist-tempel. Det å utøve ritual i institusjonane til ulike religionar er døme på multiritualisme.

Religion og statleg kontroll

Grunnlova i Kina vernar religionsfridom så lenge religionen fremmer sosial stabilitet og respekterer styresmaktene i Kina. Dette betyr at all mogleg kritikk av styresmaktene er ulovleg. Grunnlova framhevar òg folkets fridom frå religion, som betyr at det er ulovleg å misjonere for ein religion i offentlegheita utanfor religionen sine eigne institusjonar.

Sidan 2000-talet har reglane for religiøse grupper blitt strengare. Styresmaktene er redde for utanlandsk innverknad via religionar, og derfor må globale religionar påvise at dei ikkje er under kontroll av framande makter.

Staten regulerer òg religiøse institusjonar og leiarskap. Via registreringsplikt og statleg utnemning av religiøse leiarar prøver styresmaktene å kontrollere religionane i Kina. Derfor er det berre fem tillatne religionar. Mange religiøse grupper godtek ikkje den politiske kontrollen frå styresmaktene, og staten slår hardt ned på grupper som ikkje tilpassar seg lovverket. Mens organiserte religionar blir strengt regulerte, let styresmaktene uorganiserte religionsformer stort sett vere i fred.

Kinesisk folkereligiøsitet

Folkereligiøsitet er religiøse førestillingar, handlingar og ritual som ikkje er ein del av ein organisert religion, og som er særleg knytte til hendingar i dagleglivet.

Kinesisk folkereligiøsitet er den desidert mest populære religionsforma i dagens Kina. Ekspertar reknar med at over 80 % av befolkninga, som betyr over éin milliard menneske, jamleg praktiserer ei form for folkereligiøsitet. Kinesisk folkereligiøsitet har ingen sentral organisasjon eller nokon leiarskap, men snarare tallause lokale variasjonar over heile Kina. Dette forklarer dei overraskande tala frå religionsstatistikk i Kina: 70–80 % av befolkninga tilhøyrer ikkje nokon organisert religion, men over 80 % utfører ritual.

Den vanlegaste forma for folkereligionsutøving i Kina er fedredyrking – det vil seie tilbeding av forfedrar. Då ber folk om hjelp, viser forfedrane respekt og ærar minnet deira. Dette kan skje både heime ved eit eige slektsalter eller i eigne slektstempel.

Andre sentrale kjenneteikn er tilbeding av gudar, udødelege heltar frå historia eller åndene til forfedrar, utøving av ritual som skal fjerne demoniske krefter og trua på at ritual kan påverke harmonien i naturen og verda.

Qingmingfesten

Qingmingfesten, "forfedrane sin dag", er ein fest for dei døde. På denne dagen er det vanleg å stelle grava til slektningar, legge gjenstandar dei sette pris på i livet ved grava og utføre ritual som å brenne røykelsesstavar og røykelsespapir, slik det blir vist i videoen under.

Den store variasjonen innan kinesisk folkereligiøsitet kjem av påverknaden frå og blandinga med dei tre store religions- og filosofitradisjonane i Kina i over 2000 år – nemleg daoismen, konfutsianismen og buddhismen.

Daoisme

Yin og Yang. Illustrasjon.

Daoismen er ein av Kinas eldste filosofiske tradisjonar og er basert mellom anna på verka tilskriven to av Kinas viktigaste filosofar frå 400- og 300-talet fvt., Laozi og Zhuangzi. To daoistiske hovudskrifter – Daodejing og Zhuangzi – beskriv daoismen som ein mystisk filosofi. "Mystisk" i denne samanhengen inneber ei kjensle av eining med alt som finnst. Viss vi lærer å leve i harmoni og balanse med naturen og blir eitt med det ytste prinsippet i universet, Dao, kan vi bli lykkelege og udødelege, ifølge daoismen. Dao er noko som må opplevast, ei mystisk erfaring, ikkje noko som kan kommuniserast med språk.

Frå desse skriftene og daoistisk tradisjon har det oppstått mange treningsmetodar for å oppnå lykke, livsmeistring og udødelegheit. Sjølvutvikling via trening er sentralt. Dei mest kjende treningsmetodane er pusteteknikkar, eteforskrifter, meditasjon og alkymi.

Daoismen kan òg kallast ein religion, sidan det finst eigne kloster og eit presteskap som utfører ritual som har oppstått i møtet med andre religionar.

Konfutsianisme

Statue av Konfutse. Foto.

Konfutsianisme er namnet på tradisjonar som kan sporast tilbake til filosofen Konfutse (551–479 fvt.). Det sentrale hos Konfutse er at vi oppnår eit harmonisk samfunn når alle kjenner plassen sin. Og heilt sentralt er respekt for foreldre og forfedrar, eller dyden xiao. Men ifølge konfutsianismen er det ikkje slik at vi berre skal ha respekt for autoritetar. Autoritetane må gjere seg fortent til den respekten ved sjølv å respektere dei under seg.

Konfutsianisme kan dermed beskrivast som ein filosofi særleg oppteken av harmoni og gjensidigheit, moral, statstenking, mellommenneskelege relasjonar og rituala si betydning for individet, samfunnet og kulturen. Det kan òg kallast ein religion på grunn av rituala som blir utførte i konfutsianske tempel.

Respekt for autoritetar, hierarki og fedredyrking er spesielt viktig. Under kulturrevolusjonen slo styresmaktene hardt ned på konfutsianismen, mellom anna fordi han blei verdsett som gammaldags. Men dei siste tiåra har konfutsianisme hatt ei blomstring og blir i dag brukt av dei same styresmaktene til å fremme respekt for autoritetar og sosial harmoni. Konfutsianismen er ikkje ein av dei fem tillatne religionane, og kinesiske styresmakter ser i dag på konfutsianisme som ein filosofi og ein viktig del av Kinas kulturelle tradisjon – ikkje ein religion.

Buddhisme

Buddhismen kom frå India til Kina for cirka 2000 år sidan. Møtet og blandinga med daoismen førte til framkomsten av nye former for buddhisme, særleg chanbuddhisme, som set meditasjon i sentrum. Chanbuddhismen spreidde seg seinare til Korea og Japan og er betre kjend som zenbuddhisme.

Dalai Lama, fredsprisvinnar 1989. Foto.

Tibetansk buddhisme er òg viktig. Dalai Lama er ein av dei viktigaste leiarane av tibetansk buddhisme. Kina reknar han som ein fiende av staten. Historisk var Dalai Lama ei blanding av religiøs og politisk leiar av Tibet og blir rekna som ein levande Buddha av mange millionar tibetanarar. Kinesiske styresmakter fryktar at han kan påverke fridomsrørsla i Tibet til å slåst om sjølvstende, sidan landet blei okkupert av Kina i 1959, og Dalai Lama måtte flykte til India. Derfor har kinesiske styresmakter fengsla Panchen Lama – buddhistleiaren som skal finne den neste Dalai Lama – og i staden laga sin eigen Panchen Lama for å kontrollere kven som blir den neste Dalai Lama.

Buddhisme er den største institusjonelle religionen i Kina, med godt over 200 millionar tilhengarar. Den statleg godkjende forma for buddhisme blir administrert gjennom Kinas Buddhistforening, som fungerer som ei bru mellom dei mange buddhistretningane og staten. Visepresidenten av foreininga er Gyancain Norbu (f. 1990), som blir rekna som den 11. Panchen Lama av kinesiske styresmakter, men ikkje av det store fleirtalet tibetanske buddhistar.

Stort bygningskompleks i kvitt og raudt. Ligg på ei høgd. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kristendom

Dei første kristne misjonærane i Kina kom på 600-talet, og kristendommen har sidan då vore ein minoritetsreligion. Det finst ingen nøyaktige tal, men talet på kristne er truleg mellom 2–4 % av befolkninga. Det er cirka fire gonger så mange protestantar som katolikkar.

Då Mao Zedong innførte kommunisme i Kina i 1949, erklærte dåverande pave at kinesiske katolikkar ikkje skulle samarbeide med den ateistiske kommunistregjeringa i Kina. Dermed gjekk den katolske kyrkja under jorda. I 1957 blei Den kinesiske patriotiske katolske forening grunnlagd, som framleis er den einaste statlege godkjende forma for katolsk kristendom i Kina. Biskopar i denne kyrkja blir utnemnde av kommunistpartiet, ikkje av paven eller Vatikanet. Dermed eksisterer det to parallelle katolske kyrkjer i Kina – ei offentleg og lovleg – og ei uoffisiell og ulovleg. Dei siste åra har styresmaktene prøvd å sameine desse parallelle kyrkjene, mellom anna ved ein avtale mellom Vatikanet og styresmaktene om at paven kan nedsetje veto og anbefale nye kinesiske biskopar. Denne avtalen starta i 2018 og blei fornya i 2020.

Bygning i kinesisk arkitektur med kross på taket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Protestantisk kristendom er meir utbreidd enn katolsk og blir administrert via den statleg godkjende kyrkja Den protestantiske tre-selv patriotiske bevegelse og paraplyorganisasjonen Kinas kristne råd. Det store fleirtalet kinesiske protestantar tilhøyrer likevel dei uoffisielle husforsamlingane, som ikkje blir styrte av staten. Desse forsamlingane ser på den statleg godkjende kyrkja som ubibelsk og leiarskapen der som lojale tenarar for kinesiske styresmakter.

Islam

Islam kom til Kina på 600-talet. Religionen utgjer litt under 3 % av befolkninga i dag og er ein minoritetsreligion. Staten regulerer islamske organisasjonar via Kinas islamske forening. Fleire etniske minoritetsgrupper i Kina er muslimske, og blant dei største gruppene er muslimske uigurar.

Styresmaktene slår hardt ned på muslimske uigurar, som blir sette på som ein trussel mot kinesisk eining. Uigurane i Kina er ein muslimsk minoritet på cirka 12 millionar menneske med eige språk, eigen kultur og eigne skikkar, som hovudsakleg held til i Xinjiangprovinsen, heilt nordvest i landet. Diskriminering og systematisk undertrykking frå staten av uigurane i denne provinsen har gått føre seg i fleire tiår. Somme uigurske islamistgrupper har som reaksjon utført terrorangrep andre stader i Kina. Styresmaktene har brukt dette til å legitimere bruken av endå tøffare middel mot uigurar mistenkte for terror.

Sidan 2014 og fram til no har undertrykkinga frå staten auka. Det går føre seg massiv overvaking av heile befolkninga i området. Vidare er det oppretta eigne omskoleringsfengsel – som uigurane og andre land kallar konsentrasjonsleirar – der uigurar skal avlære islamsk kultur og lære å bli "ekte" kinesarar. I desse fengsla er det avdekt grove tilfelle av fysisk, psykisk og seksuell mishandling. Over 1,6 millionar uigurar har sete i desse fengsla i løpet av det siste tiåret.

USA kallar behandlinga av uigurane i Xinjiang for eit folkemord. Kinesiske styresmakter nektar for dette, kallar behandlinga nødvendig for å verne landet mot terrorisme og nektar journalistar og menneskerettsorganisasjonar innsyn i heile provinsen.

Kart som viser Xing-jiang-provinsen nordaust i Kina. Grafikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Arthur, S. (2019). Contemporary Religions in China. Routledge, London and New York.

Fossen, M. (2021, 26. oktober). Uigur i Norge overlevde Kinas skrekkfengsel: – Noen er bare psykopater. ABC Nyheter. https://www.abcnyheter.no/nyheter/verden/2021/10/23/195795818/uighur-i-norge-overlevde-kinas-skrekkfengsel-noen-er-bare-psykopater

Poceski, M. (2009). Introducing Chinese Religions. Routledge, London and New York.

Kværne, P. (2018, 4. juli). Religion i Kina. I Store norske leksikon. https://snl.no/religion_i_kina

Kværne, P. & Jacobsen, K. (2020, 28. juli). Taoisme. II Store norske leksikon. https://snl.no/taoisme

Kværne, P. & Jacobsen, K. (2022, 30. mai). Konfutsianisme. II Store norske leksikon. https://snl.no/konfutsianisme

Groth, B. & Romarheim, A. (2020, 10. januar). Folkereligiøsitet. I Store norske leksikon. https://snl.no/folkereligi38sitet

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2022

Læringsressursar

Andre religionar