Hopp til innhald

Fagstoff

Holemåleri

Tenk om du var i ei hole og oppdaga måleri som vart laga for fleire tusen år sidan. Korleis ville du ha reagert? Kva trur du kan vere meininga bak holemåleria, og korleis kan desse bileta inspirere oss i dag?

Kvar er det holemåleri?

Holemåleria finst i grotter med stor geografisk spreiing. Du finn dei i alle verdsdelar unntatt Antarktis.

Ein bison måla på ein holevegg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Holemåleria i Altamira blir oppdaga

Åtte år gamle Maria de Sautuola var den første som kikka opp i taket. Heile familien var på oppdagingsferd i ei hole på eigedommen deira ved Altamira heilt nord i Spania i 1879. I lyset frå lykta såg dei no flokkar med livaktige bisonar, bøflar, hestar og andre dyr måla med raude, gule og svarte fargar rett på fjellveggen.

Marias oppdaging blir rekna som eit av dei største arkeologiske funna i moderne tid. Nyare undersøkingar anslår at holemåleria er omkring 15 000 år gamle.

Lascaux-hola

Lascaux-hola, som ligg i Dordogne sørvest i Frankrike, har holemåleri frå cirka 11 500 år f.Kr. I filmen under får du ei virtuell omvising der, og du får oppleve bilete av oksar, hestar og andre dyr. Måleria var i god stand då fire tenåringar oppdaga dei i 1940.

Grotta blei opna for publikum i 1948. Men alt besøket og kunstig belysning gjorde at fargane bleikna, og det blei vekst av algar, bakteriar og krystallar på grotteveggene.

I dag kan vi besøke ein replika, det vil seie ein godt laga kopi av hola, mens dei opphavlege måleria blir verna. Holemåleria er ein kulturarv vi må bevare for framtida. Derfor står dei på UNESCOs verdsarvliste.

Måleri av ein hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motiv

Med få unntak er det dyr og ikkje menneske som er avbilda i holemåleria. Dette er ikkje primitiv kunst, bileta er meisterlege skildringar. Det trengst handverksmessig kunnskap og ferdigheiter for å lage dei. Sjølv med enkle middel klarte kunstnarane å få variasjon i streken. Fleire stader har dei utnytta at fjellveggen er ujamn og brukt dette til å gi motivet tredimensjonal verknad.

Fargar

Fargane har halde seg strålande gjennom tusenår utan at nokon har klart å finne ut heilt sikkert kva målinga inneheld. Arkeologar har identifisert raude og svarte pigment. Dei raude blei laga med jernoksid (hematitt), mens mangandioksid og trekol blei brukt til dei svarte. Framleis bruker vi oksid til å dekorere leire.

Tenk over

Kva trur du formålet med holemåleria var?

Betydninga av holemåleria

Mennesket har alltid hatt behov for å uttrykke seg, og vi kan seie at kunsthistoria begynner med holemåleria. Ingen kan vite sikkert kva bileta betydde, men det finst fleire teoriar. Nokre meiner at vi kan knyte dei til utviklinga av språk, og det at menneska blei klar over seg sjølve og sine eigne aktivitetar. Andre meiner at måleria skulle fange krafta og magien til dyra.

Det er ei vanleg oppfatning at holemåleria var knytte til magi, og at dei kunne ha ein symbolsk eller religiøs funksjon. Nokre ekspertar trur måleria kan ha blitt skapte innan sjamanistisk tru og praksis. Ein sjaman er ein religiøs leiar som skal fungere som eit bindeledd mellom menneska og andeverda. Ein slik praksis kunne vere å gå inn i ei djup hole og halde ein seremoni der sjamanen gjekk i transe for å få kontakt med åndene og prøve å oppnå velviljen deira (Clottes, 2024).

Menneske og dyr måla på ein holevegg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pablo Picasso og holemåleri

Oksar og andre dyr måla på ein holevegg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pablo Picasso blei fascinert av den høge kvaliteten i dei beste holemåleria. Han skal ha sagt: "Vi har ikkje funne opp noko nytt sidan Lascaux" då han besøkte Lascaux-hola i Frankrike (Bojsen, 2023). I videoen under målar han ein okse.

Kjelder

Bojsen, B. A. (2023, 19. juli). De skjulte fortellingene i steinalderens hulemalerier. Historie.
https://historienet.no/steinalder/de-skjulte-fortellingene-i-steinalderens-hulemalerier

Clottes, J. (2024, 22. februar). Cave art. I Encyclopaedia Britannica. https://www.britannica.com/art/cave-art

Dahl, T. E., Bakka, E. & Rønneberg, M. L. R. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Endsjø, D. Ø. & Løøv, M. (2023, 3. februar). Sjamanisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/sjamanisme

Hulemalerier. (2020, 7. september). I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1241848

Lascaux-hulen. (23. januar 2023). I Store norske leksikon. https://snl.no/.versionview/1769029

Relatert innhald

Undersøk kva betydning holemåleria kan ha hatt, og eksperimenter med strek. Prøv ut korleis ulik bruk av streken kan skape ein djupneverknad.

CC BY-SASkrive av Lizann Mikkelsen Tapper, Inger Gilje Sporaland og Øyvind Høie.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2024

Læringsressursar

Forhistorisk tid