Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk Bildetema

Veit du at det finst bilete og innlesen lyd på mange språk i biletordboka Bildetema? Det kan vere til god hjelp for deg som treng å lære fleire ord og omgrep på norsk.
Framsida i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Ordbok
Ei ordbok er ei bok der alle ord i eit språk står. Orda står i .
Fysisk ordbok
Ei fysisk ordbok er ei bok som er i papirutgåve. Du blar i ho med hendene til du finn ordet du skal undersøke.
Digital ordbok
Ei digital ordbok er ei ordbok som du bruker på til dømes pc, nettbrett og mobil. Der kan du søke etter orda du vil undersøke.
Ordtilfang
Ordforrådet ditt er alle orda du kjenner og kan bruke rett i eit språk.

Kva kan Bildetema hjelpe deg med?

Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok som er delt inn etter mange ulike tema, som til dømes "menneske og kropp", "helse" og "kjensler og humør". Bildetema inneheld eit ordtilfang der dei fleste orda er substantiv og adjektiv. Bildetema gir deg i form av bilete og lyd til kvart enkelt ord. Dette kan vere til god hjelp for deg som har ordtilfang i norsk.

  • Det ligg bilete og lydar til kvart ord under kvart tema.

  • Det at det er bilete i tillegg til orda, kan hjelpe deg med å utvide ordforrådet ditt.

  • Språk vel du i menylinja øvst på nettsida.

  • I tillegg til bokmål, nynorsk og engelsk finn du mange av dei store innvandrarspråka.

  • Du kan få lese opp ordet på språket du har valt ved å klikke på .

  • Denne ordboka har ikkje bøying av orda.

  • Du kan skrive ut frå nettsida til Bildetema. Sjå etter ikonet Skriv ut.

Bilete som illustrerer ulike kjensler i biletboka "Bildetema". Skjermbilete.

Legg merke til

Du kan òg velje om du vil vise orda eller ikkje i tillegg til biletet. Marker Vis ord. Kanskje du kan bruke nokon av funksjonane når du øver deg på å lære nye ord?

Bruk av Bildetema på yrkesfag

For deg som går yrkesfag, er det mange nye fagord som er spesielle for yrkeslinja di. Viss du har eit litt dårleg ordforråd på norsk, kan det vere ekstra vanskeleg å lære seg alle desse fagorda. Då kan Bildetema hjelpe deg med å lære betydninga av litt fleire ord.

Bilete av medisinsk utstyr i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

I biletet over frå kategorien "Helse" og temaet "Medisin og medisinsk utstyr" i Bildetema er det fleire nyttige ord for elevar som går yrkeslinja Helse og oppvekst. Mange av orda er òg viktige å kunne for å ha eit godt nok ordforråd i kvardagsspråket i norsk.

Det same gjeld biletet under frå temaet "Framkomstmiddel" og "Bildelar og tilbehøyr". Her er det fleire nyttige ord for deg som skal jobbe på til dømes ein bilverkstad, men òg for deg som held på å ta førarkort på bil.

Bilete av bildelar og tilbehøyr i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

Opplesen lyd av orda i Bildetema

Tydeleg og rett uttale av ord er viktig. Det kan vere litt vanskeleg når du lærer eit nytt språk, spesielt viss det er ganske forskjellig frå førstespråket ditt, og det har andre lydar enn dei du er van med. Ved å trykke på lydikonet til kvart enkelt ord i Bildetema kan du lytte til rett uttale av orda både på norsk og andre språk. I språkveljaren endrar du til språket du vil ha ordet lese opp på. Då får du òg opp ordet skrive på språket du har valt.

Tenk over

Kan du mange norske ord allereie? Eller er det framleis mange ord som er ukjende? Kanskje er du meir trygg på nokon kategoriar i Bildetema enn andre?

Viss mange av orda i Bildetema er ukjende for deg, kan det vere lurt å bruke tid på å lære seg fleire ord ved å sjå på bilete, skrivemåte og lytte til rett uttale av ordet.

Bruk av Bildetema for å samanlikne språk

Bildetema har ord og innspelt lyd på mange ulike språk, mellom anna dei store innvandrarspråka i Noreg. Bildetema er derfor fin å bruke viss du skal likskapar og ulikskapar i enkeltord i ulike språk. Du kan sammelikne både uttale og skrivemåte.

Bilete innan kategorien "Leikeplass" på ukrainsk i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

Relatert innhald

Lær korleis du kan bruke digitale ordbøker til å utvide ordforrådet ditt og forbetre rettskrivinga.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2024

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy