Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk biblioteket!

Har du vore innom biblioteket der du bur? Det er viktig å lese mykje når du lærer deg eit nytt språk. På biblioteket kan du få tilgang til bøker på mange ulike språk. Du kan òg lese aviser eller andre magasin. Eller kanskje du berre treng ein stad å gjere skulearbeid i fred og ro?

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Nasjonalt lånekort
Eit nasjonalt lånekort er eit kort som gir deg anledning til å låne bøker og filmar på bibliotek over heile landet.
Meiropent bibliotek
Eit meiropent bibliotek er ein avtale som gjer at personar over 18 år kan få bruke biblioteket utanom opningstid.
Purring
Purring er ei påminning om noko du har gløymt å levere inn eller betale til rett tid. Ei purring kan etter kvart også innehalde krav om ekstra betaling.
Reservere
Å reservere betyr i denne samanhengen at biblioteket tek vare på ei bok for deg til du kjem for å låne ho.
Elev studerer i bibliotek. Han sit ved ein pult med pc, bøker og ei vassflaske. Foto.

Folkebiblioteket

Alle kommunar i Noreg har eit folkebibliotek. Biblioteket er viktig for å gi alle innbyggarar i landet tilgang til informasjon. På biblioteket kan du lese bøker, blad og aviser i tillegg til å låne bøker og filmar med deg heim. Du kan òg sitje på biblioteket for å jobbe med skulearbeid.

Mange stader er biblioteket opent kvar dag. Du må ha eit registrert lånekort for å låne bøker med deg heim frå folkebiblioteket. Eit nasjonalt lånekort gir deg tilgang til dei fleste bibliotek i heile Noreg. Spør på biblioteket der du bur for å få deg eit lånekort. Mange har lånekortet sitt som ein app.

Bibliotekappen Bibliofil

Bibliofil er ein app som gjer at du kan søke opp og reservere bøker hos biblioteket. Med Bibliofil har du lånekortet ditt digitalt i appen. Du loggar på ved å bruke lånenummeret som står på lånekortet ditt og ein personleg pinkode. Du kan bruke Bibliofil direkte i nettlesaren på internett, eller du kan laste ned appen på Google Play og App Store. Appen Bibliofil er gratis.

Meiropent bibliotek

Viss du er over 18 år, kan du mange stader be om å få bruke meiropent bibliotek. Det vil seie at du kan bruke biblioteket utanom .

Meir om meiropent bibliotek

Du kan spørje på det lokale biblioteket ditt om dei har tilbod om meiropent bibliotek. Du må vere over 18 år og ha med deg legitimasjon når du skal skaffe deg tilgang dit. På nokre bibliotek kan du få tilgangen digitalt.

Viss du vil ha tilgang til meiropent bibliotek, må du må skrive under ein kontrakt. Det kostar ikkje noko så lenge du har vanleg lånekort til folkebiblioteket. I kontrakten lover du å følge dei reglane som gjeld for meiropent bibliotek. Kontrakten inneheld som oftast punkt som liknar på punkta under:

  • Mellom kl. 07.00 og kl. 23.00 kvar dag kan du logge deg inn med bibliotekkort og PIN-kode.

  • Du må oppføre deg fint og rydde etter deg før du forlèt biblioteket.

  • For å kunne logge deg inn utom opningstid må du vere fylt 18 år.

  • Tilgangen er personleg, og du kan ikkje ta med venner eller sleppe andre inn.

  • Det er lov å ha med eigne barn under 18 år.

  • Det er ikkje lov å vere synleg påverka av alkohol eller bruke andre rusmiddel.

  • Biblioteket er .

  • Øydeleggingar kan bli melde til politiet, og du kan bli beden om å det som er øydelagt.

Tenk over

Kva fordelar har det at du kan bruke biblioteket?

Korleis finn eg fram på biblioteket?

På biblioteket er bøkene sette alfabetisk etter etternamn på forfattaren av boka. Ofte er biblioteket òg delt inn i eiga barneavdeling, ungdomsavdeling og vaksenavdeling. I tillegg kan bøkene vere delte inn etter ulike kategoriar, som til dømes , lettlesne bøker, bøker om språk og så vidare. Det kan derfor vere lurt å sjå seg litt rundt på biblioteket første gongen for å få ei oversikt over korleis bøkene er plasserte.

Viss du leitar etter ei bok, finn du ho som oftast ved å gå til rett avdeling. Så leitar du alfabetisk etter etternamn. Viss du til dømes leitar etter romanen Hør her'a! av Gulraiz Sharif, så kan du gå til ungdomsavdelinga og leite der det er merkt med ein stor S.

Men kva skal du gjere viss du ikkje finn boka du leitar etter? Då spør du ein av dei som jobbar på biblioteket. I tillegg er det på dei fleste bibliotek mogleg å søke opp boka digitalt for å finne ut kvar ho står.

Korleis får eg lånt boka med meg heim?

Du må ha eit lånekort for å låne bøker med deg heim frå folkebiblioteket. Lånetida er som oftast fire veker. Hugs å levere boka tilbake innan datoen du får som frist. Av og til kan lånet , slik at du kan ha boka endå lenger. Du kan sjå fristen og forlenge lånetida i appen Bibliofil. Du vil òg få melding på e-post når det nærmar seg fristen for innlevering.

På dei fleste bibliotek kan du no låne boka med heim ved å boka sjølv i ein . Mange bibliotek har òg ei mogelegheit for å levere bøker utanom opningstid. Spør dei som jobbar på biblioteket om dette, så viser dei deg.

Viss du ikkje leverer boka innan fristen, kan du få ei . Viss du får fleire purringar på same bok, kan du bli nøydd å betale eit lite beløp – det vi kallar eit purregebyr. Viss du framleis ikkje leverer inn boka, kan du til slutt måtte erstatte boka. Det vil seie at du må betale det boka kostar til biblioteket. Det er derfor viktig å få levert bøkene tilbake innan fristen.

Illustrasjon for Norsk digitalt bibliotek med noregskart på blå bakgrunn. Illustrasjon.

Bibliotekappen Bookbites

Du kan bruke appen Bookbites for å låne e-bøker og e-lydbøker gratis frå biblioteket. E-bøker og e-lydbøker er digitale bøker som du les eller lyttar til via til dømes mobil, nettbrett eller pc. Tilgang til Bookbites er gratis.

nettsida til appen finn du ei forklaring på korleis du kjem i gong og bruker han.

Verdensbiblioteket

Verdensbiblioteket er ei nettside som inneheld e-bøker og e-lydbøker på fleire språk. E-bøker og e-lydbøker vil seie at det er digitale bøker og lydbøker som du kan laste ned. Tilgang til Verdensbiblioteket er gratis.

Tenk over

Korleis kan tilbod som Verdensbiblioteket hjelpe deg med å ta vare på førstespråket ditt?

Skulebiblioteket

Dei fleste skular i Noreg har eit eige bibliotek. Det er mindre enn folkebiblioteket, men du kan stort sett gjere det same der. Tilbodet er tilpassa elevar, så derfor kan det vere lurt å leite og spørje om hjelp på skulebiblioteket før du prøver på andre bibliotek. I artikkelen "Bruk skulebiblioteket!" kan du lese meir om korleis du kan bruke biblioteket i skulearbeidet ditt.

Relatert innhald

Det er aldri feil å ta ein tur innom skulebiblioteket! Her finn du mykje godt lesestoff, og du får hjelp til å leite etter gode informasjonskilder.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning .
Sist fagleg oppdatert 21.09.2023

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy