Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Leseleg handskrift

Når du skal skrive noko for hand som andre skal lese, er det viktig å forme bokstavar og ord slik at dei er enkle å forstå.

Formål

Målet med denne øvinga er at du skal klare å skrive slik at andre kan lese det du har skrive. Det treng ikkje sjå veldig fint ut, men lesaren må kunne forstå og lese kva for bokstavar du har brukt.

Utstyr

Du treng ein penn eller blyant og noko å skrive på. Det er lurt å skrive på eit ark med linjer. Du kan òg lage linjer sjølv med ein linjal, eller du kan skrive ut vi har laga og skrive på dei.

Slik gjer du det

Lær deg å forme kvar bokstav

Hald laust i blyanten. Du treng ikkje å halde hardt når du skriv, for då blir du fort sliten i handa.

Start med å skrive tre linjer med bokstaven a. Etterpå gjer du det same med kvar bokstav i alfabetet:

  • Bruk dei små bokstavane.

  • Sjå på korleis bokstavane er plasserte på linja.

  • Prøv å lage kvar bokstav så lik som mogleg.

  • Prøv å teikne kvar bokstav utan å løfte blyanten frå arket.

Skriv ut vedlegga og øv!

Filer

Set bokstavar til ord

Når du har øvd på kvar enkelt bokstav, skal du gå vidare til å setje saman bokstavar til ord. Du kan binde saman bokstavane slik at du ikkje løfter blyanten mellom dei inne i eit ord. Det vil gå raskare enn om du skriv kvar bokstav for seg. Begge delar er greitt.

  • Start med å øve på å setje bokstavar saman til ord, utan å binde dei saman.

  • Du kan skrive kva du vil, eller du kan bruke vi har laga med setningar du kan bruke.

  • Pass på at bokstavane i eit ord står tett saman, utan at dei går inn i kvarandre.

Øv deg på å skrive slik i mange situasjonar. Du kan til dømes skrive beskjedar til venner og familie, skrive eit postkort og sende det til nokon, eller skrive opp eit dikt eller ein annan kort tekst du liker og henge det på ein vegg heime.

Vil du skrive både raskt og leseleg?

Det tek tid å teikne kvar einaste bokstav i ord etter ord. Viss du klarer å binde bokstavane saman utan å løfte blyanten så ofte, vil du kunne skrive litt raskare. Det er nyttig når du må skrive mykje tekst for hand.

Sjå videoen. Øv så på å binde bokstavane saman ved å orda i vedlegget. Jo meir du øver, jo fortare vil du klare å skrive.

Skriv ut vedlegga og øv!

Filer

Relatert innhald

Kva er handskrift, og kvifor bør du lære deg å skrive for hand?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy