Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rask handskrift

Øv deg på å skrive handskrift raskt og utan å stoppe opp!

Formål

Målet med denne øvinga er at du skal klare å skrive omtrent like raskt for hand som du tenker. For å få til det må du trene på å bevege handa og pennen raskt over papiret.

Du bruker rask handskrift når du skriv for deg sjølv. Det er ikkje viktig her at du skriv heilt rett norsk, eller at andre skal klare å lese det du skriv. Det er likevel viktig at du klarer å lese di eiga handskrift.

Utstyr

Du treng ei skrivebok eller liknande, og ein penn eller blyant.

Slik gjer du det

Start med å leike

Du skal starte med å skrive "tulleskrift". Då kan du bokstavar og ord:

  • Teikn former som liknar bokstavar. Strekane du lagar, skal bevege seg på linja, over linja og under linja.

  • Del opp det som ser ut som ulike ord.

  • Skriv slik over heile arket, slik at det ser ut som ein heil tekst.

  • Gjenta på fleire ark.

Du kan ikkje gjere noko gale, så leik deg! Hald pennen laust i handa og beveg ho lett over arket. Skriv på den måten til du kjenner at du kan skrive slik utan at du må tenke så mykje.

Skriv ut vedlegget og øv!

Filer

Form bokstavar og ord

Når du har øvd så mykje at handa og pennen bevegar seg over arket utan at du må tenke, skal du gå over til å skrive ordentlege bokstavar og ord. Hugs at det ikkje er så viktig om det blir heilt rett. Det viktigaste er at du forstår kva som står.

Skriv!

Skriv ein tekst der du fortel om kva du har gjort i dag. Prøv å skrive utan å stoppe. La handa og pennen gli over arket så raskt du kan.

Kjem du ikkje på kva du skal skrive, eller finn du ikkje orda, kan du skrive nettopp dette, til dømes: "No kjem eg ikkje på noko å skrive om, så eg skriv berre litt tull." Du kan òg bruke ord frå andre språk du kan, viss det hjelper deg.

Les!

Klarer du å forstå kva du har skrive? Les teksten høgt for deg sjølv eller ein annan elev.

Bruk handskrifta!

For å få til det å skrive raskt for hand må du gjere det ofte. Du kan til dømes raskt skrive ned

  • det læraren underviser om

  • tankar og spørsmål du får når du lyttar til nokon som snakkar

  • ei oppsummering av det du har lese, til dømes når du har lese til ein prøve

Skrivinga hjelper deg å hugse. Viss du øver deg på å alltid notere og skrive ned det du lyttar til, og tankar du får undervegs, er det stor sjanse for at du lærer meir.

Relatert innhald

Kva er handskrift, og kvifor bør du lære deg å skrive for hand?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy