Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk Bildetema

Øv deg på å slå opp og bruke biletordboka Bildetema for å lære rett skrivemåte og uttale på ein del grunnleggande norske ord.
Framsida i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

Oppgåve 1. Bli kjend med Bildetema

Jobb gjerne saman to og to.

Gå inn på biletordboka Bildetema.

  1. Under "Språk" i menyfeltet kan du velje kva språk orda i Bildetema skal visast på. Kor mange ulike språk finst Bildetema på?

  2. Kor mange ulike er Bildetema delt inn i? Forklar for ein klassekamerat kva du at desse kategoriane skal handle om:

    • framkomstmiddel

    • tid og kalender

    • kunst og handverk

    • helse og teknologi

    Gå inn på kategoriane. Var innhaldet slik du forventa?

  3. Vel ein kategori som du ser nærare på. Trykk på og sjå på tekst og bilete til kategorien du valde. Undersøk òg om det er nokon underkategoriar. Forklar korleis Bildetema kan vere til hjelp for personar som lærer seg eit nytt språk.

  4. Korleis kan du bruke Bildetema viss du vil samanlikne ord på ulike språk?

Oppgåve 2. Utforsk enkeltord på ulike språk

Jobb gjerne saman to og to.

Gå inn på biletboka Bildetema.

Del 1

Vel frukta "sitron" under temaet "mat og drikke". Vel så "frukt". Utforsk korleis ordet "sitron" blir uttalt og skrive på nokre ulike språk ved å sjå på skrivemåte og lytte til ordet.

  1. Korleis blir ordet "sitron" uttalt på ulike språk? Finn minst tre døme.

  2. Korleis blir ordet "sitron" skrive på ulike språk? Finn minst tre døme.

  3. Kva forskjellar og likskapar finn du mellom dei ulike språka du såg på i A og B?

Del 2

Bli einige om eit ord frå Bildetema som de vil utforske nærare på førstespråket, norsk og eit anna språk.

  1. Kva er likt og ulikt i skrivemåte og uttale i ordet de har valt på dei ulike språka?

  2. Var det noko som overraska dykk med kva som var likt og ulikt?

Del 3

Utforsk ord på ulike språk.

  1. Skriv ordet de valde i del 2 på tavla på dei ulike språka. Fortel og forklar om svara dykkar på A og B for resten av klassen.

Oppgåve 3. Kva heiter orda?

På biletet under er det åtte bilete som viser leiker og utstyr som er typiske for ein norsk leikeplass. Orda under kvart bilete er skrivne på ukrainsk.

Du kan finne kategorien "Leik og spel" og deretter "Leikeplass" i biletordboka Bildetema viss du treng hjelp til å svare på oppgåve A og B.

  1. Finn ut kva orda under kvart bilete heiter på norsk.

  2. Har du nokon av orda på førstespråket ditt òg? Kva heiter orda i så fall på førstespråket ditt?

Bilete frå kategorien "Leikeplass" med tekst på ukrainsk i biletordboka "Bildetema". Skjermbilete.

Relatert innhald

Lær korleis du kan bruke "Bildetema" til å utvide ordforrådet ditt.

Lær korleis du kan bruke digitale ordbøker til å utvide ordforrådet ditt og forbetre rettskrivinga.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2024

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy