Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på å bruke biblioteket

Øv deg på å finne fram på biblioteket, både i hyllene og ved å laste ned og orientere deg i ulike biblioteksappar. Lær deg ord som er mykje brukt for å låne bøker på biblioteket.
Ei jente sit på eit bibiotek med ei skrivebok framfor seg og ein blyant i handa. Ho ser utover rommet. I bakgrunnen ser vi ein annan ung person. Foto.

Oppgåve 1

Det er nokre norske ord og setningar du kan treffe på når du låner bøker på eit bibliotek.

Forklar kva setningane under betyr ut frå samanhengen. Bruk Lexin eller Ordbøkene viss du treng hjelp med kva nokon av orda betyr:

  1. reservere ei bok

  2. utanom opningstid

  3. skanne ei bok

  4. finne boka alfabetisk på forfattaren sitt etternamn

  5. levere boka innan fristen

  6. tilgang til meiropent bibliotek

  7. nasjonalt lånekort på biblioteket

  8. få ei purring på ei bok

  9. betale eit gebyr på ei bok

  10. skrive ein avtale med signatur

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du bli betre kjent med biblioteket.

  1. Besøk skulebibliotek eller folkebiblioteket der du bur. Dette kan du gjere åleine, eller de kan gå saman to og to.

  2. Prøv å finne tre av bøkene som står under. Det er ikkje sikkert biblioteket har alle bøkene, men nokre av dei finn du sikkert. De kan gjerne samarbeide.

Hør her' a av Gulraiz Sharif

Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren

Litt redd, bare av Alexander Kielland Krag

Samlede dikt av Inger Hagerup

Håret til mamma av Gro Dahle

Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar

Skylappjenta av Iram Haq

Til ungdommen av Linn Skåber

Håndballskills av Bjarte Myrhol

Harry Potter og de vises stein av J.K Rowling

  1. Skriv ned namn (fornamn og etternamn) på forfattaren og tittelen på bøkene du har funne.

  2. Kva sjanger (type tekst) liker du best å lese? Finn ut kvar denne sjangeren står på skulebiblioteket eller folkebiblioteket. Ofte er ulike sjangrar merka på biblioteket, så sjå rundt deg om det er skilta med kategoriar som språk, lettlest, fantasy, dikt og liknande. Spør bibliotekaren viss du ikkje finn det ut sjølv.

  3. Finn kvar på biblioteket aviser og magasin ligg. Kva aviser og magasin er tilgjengelege på skulebiblioteket eller folkebiblioteket?

  4. Finn kvar på biblioteket det er teikneseriar.

  5. Finn tre bøker du har lyst til å låne. Grunngi kvifor du vil låne akkurat desse bøkene.

  6. Finn ut kor lenge du kan låne bøkene før du må levere dei tilbake.

Oppgåve 3

Les det som står om meiropent bibliotek i artikkelen "Bruk biblioteket!"

  1. Kva er eit meiropent bibliotek?

  2. Kor gammal må du vere for å ta meiropent bibliotek i bruk?

  3. Kva må du gjere for å finne ut om det er tilbod om meiropent bibliotek der du bur?

  4. Kva er fordelane med eit meiropent bibliotek?

Oppgåve 4

  1. Set bøkene under i ei liste i etter etternamn.

    • Gul bok av Zeshan Shakar (vaksne)

    • Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren (barn)

    • Harry Potter og de vises stein av J.K. Rowling (ungdom, fantasy)

    • Til ungdommen av Linn Skåber (ungdom)

    • Hvis jeg faller av Jan Grue (fagbok)

    • Hør her'a av Gulraiz Sharif (ungdom)

  2. Kva avdeling må du gå til for å låne boka Hør her'a av Gulraiz Sharif?

  3. Kva avdeling må du gå til for å låne boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren?

  4. Kva kan du gjere for å reservere boka Til ungdommen av Linn Skåber viss du ikkje kan gå innom biblioteket?

Oppgåve 5

  1. Kva kan du bruke biblioteksappen Bibliofil til?

  2. Korleis kan du laste ned appen Bibliofil?

  3. Korleis kan appen Bibliofil gjere det enklare for deg som brukar av biblioteket?

Oppgåve 6

  1. Kva kan du bruke biblioteksappen Bookbites til?

  2. Korleis kan du laste ned appen Bookbites?

  3. Korleis kan appen Bibliofil gjere det enklare for deg å lese bøker?

Oppgåve 7

  1. Kva kan du bruke Verdensbiblioteket til?

  2. Korleis får du tilgang til Verdensbiblioteket?

  3. Korleis kan Verdensbiblioteket hjelpe deg med å ta vare på og utforske fleire språk?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy