Hopp til innhald

Fagstoff

Skriv for hand!

Sjølv om du oftast skriv på eit tastatur, er det viktig å kunne skrive for hand. Du kan til dømes trenge handskrift for å notere ned det du tenker på, gi andre ein beskjed eller skrive under med namnet ditt.
Kvinnehand som skriv i ei bok. Foto.

Kan eg ikkje berre bruke tastaturet?

Det er mange fordelar med å skrive digitalt. Då kan du enkelt forandre på teksten din og bruke retteprogram for å unngå skrivefeil. Du kan òg sende teksten til andre ved hjelp av nokre tasteklikk. Viss den som får teksten din er blind, kan hen bruke skjermlesar for å spele av og lytte til det du har skrive.

Så kvifor seier læreplanen at du skal kunne skrive tekstar for hand? Det er fordi det er viktig å meistre fleire ulike verktøy når du skal uttrykke deg. Nokre gonger har du ikkje tilgang på digitale verktøy, og andre gonger er det å skrive for hand enklare eller lurare.

Kva er handskrift?

Du kan skrive for hand med ein penn, ein blyant eller ein pensel. Dei fleste forbind handskrift med det å skrive på papir, men det er òg mogleg å skrive med digital penn på ein skjerm. Du held pennen og skriv stort sett på same måten, uavhengig av kva du skriv på.

Eldre mann skriv kinesiske teikn med pensel på eit stort ark. Foto.

Ulike måtar å bruke handskrift på

I kva situasjonar skriv du? Tenk over korleis ein vanleg dag ser ut for deg. Du sender kanskje ei melding med mobilen eller legg igjen ein lapp på kjøkkenbenken til nokon du bur saman med. På skulen kan du bli beden om å notere det læraren forklarer, skrive ein tekst du skal levere inn eller lage eit tankekart. Når du kjem heim og skal lese til ein prøve, skriv du stikkord for å hugse betre. Kanskje avsluttar du dagen med å chatte med ein venn? Du vekslar altså mellom å skrive for deg sjølv og å skrive for at andre skal lese det du skriv.

Det kan vere at du løyser alle skriveoppgåver digitalt, og det er fullt mogleg. Likevel vil mange av oss ha behov, og ønske om, å bruke handskrift til nokre typar tekstar. Handskrevne tekstar blir gjerne opplevd som meir personlege.

Tenk over!

Mange set ekstra pris på å få ein handskriven tekst, som eit brev eller eit kort sendt i posten. Kvifor er det sånn, trur du?

Er du einig i at ein handskreven tekst er meir personleg enn ein tekst som er skriven digitalt? Forklar kvifor eller kvifor ikkje det er slik.

Å skrive for seg sjølv

Når du noterer stikkord for å hugse, eller du skriv tankar du får ned på eit papir, skriv du berre for deg sjølv. Du tenker ikkje så mykje over om det er riktig eller fint, for det er berre du som skal lese det som står. Vi kan kalle det "friskriving". Det å skrive slik for å lære er ein viktig læringsstrategi.

Når du skriv fritt, er det ein fordel om du klarer å skrive like fort som du tenker. Då stoppar ikkje tankane opp, og du får god flyt. Nokre gonger vil du kanskje skrive ned noko smart læraren sa, men så skriv du mykje saktare enn læraren snakkar. Då går du gjerne glipp av det som blir sagt.

Den gode nyheita er at du faktisk kan trene på å skrive raskt for hand. Det handlar om å få handa og pennen til å røre seg raskt over underlaget. Det treng ikkje sjå fint ut, men det er ein fordel om du klarer å lese det du sjølv har skrive!

Les meir: Blir du smartare av å skrive for hand?

Du har kanskje både høyrt og lese denne påstanden? Svaret er at vi ikkje veit nok om dette. Det er vanskeleg å finne ut om handskrifta påverkar korleis du lærer. Vi veit at det er lurt å vere aktiv når du skal lære noko. Når du skriv om det du har lese eller høyrt, er du aktiv på fleire måtar.

Vi veit også at det å skrive for hand, gjer at du bruker andre delar av hjernen enn når du skriv på tastatur. Det betyr ikkje nødvendigvis at du lærer betre då, men det kan bety det. Det viktigaste er antakeleg at du faktisk skriv, og at du bruker det verktøyet som passar best til akkurat den skriveoppgåva.

Å skrive for at andre skal lese

Veldig ofte skal vi skrive noko som andre skal lese, ikkje minst på skulen eller i arbeidslivet. Dei aller fleste vil velje å skrive slike tekstar digitalt. Men det finst òg situasjonar der andre skal lese handskrifta di, som til dømes når du

  • skriv under på eit dokument med namnet ditt (signerer)

  • legg igjen ein lapp med ein beskjed til venner og familie

  • sender eit postkort eller eit brev

  • lagar gatekunst med ein skriftleg bodskap

  • lagar ein plakat med eit dikt eller ein songtekst du liker

I alle døma over vil du at lesaren skal forstå det du har skrive, så du må forme bokstavar og ord slik at det er leseleg. Det tek gjerne litt tid. Du vil heller ikkje gjere for mange feil, for då må du kanskje starte på nytt. Heldigvis kan du òg trene på å få ei fin og leseleg skrift.

Litt for gøy: Kan handskrift avsløre kven du er?

Nokon meiner at dei kan lese kva slags personlegdom du har ved å sjå på handskrifta di (grafologi). Det er vanskeleg å bevise ein slik samanheng. Derfor er grafologi ingen anerkjend vitskap.

Men det finst faktisk nokon som har som jobb å studere folk si handskrift for å avsløre kven dei er. Ein skriftgranskar kan til dømes finne ut om du har forfalska ei underskrift. Skriftgranskarar jobbar ofte for politiet eller forsikringsselskap.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2023

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy