Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk digitale ordbøker

Øv deg på å slå opp i ordbøker og undersøk kva slags informasjon du finn i digitale ordbøker som blir brukt når du skal lære språk. Det er lurt å øve mykje, slik at du er godt førebudd til skriveoppgåver og eksamen.
Framside i ordbøkene.no. Skjermbilete.

Oppgåve 1. Diskuter med ein klassekamerat

Svar på oppgåvene under saman med ein annan elev. Etterpå kan de ha ein felles gjennomgang i klassen.

  1. Kva ordbøker pleier du å bruke? Kva liker du best og dårlegast med ordbøkene du kjenner til?

  2. Når er det nyttig å bruke ordbok? Lag ei felles liste.

  3. Kva ordbøker har de tilgang til gjennom skulen? Spør ein lærar viss de er usikre.

  4. Finn ut kva ordbøker som er lov å bruke på eksamen. Spør ein lærar viss de er usikre.

Oppgåve 2. Finn fram i ordboka Ordbøkene

Jobb gjerne saman to og to.

Del 1

Gå inn på nettsida til ordbøkene.no.

  1. Korleis forandrar du språket på knappar, meldingar og menyar i ordboka?

  2. Kva for nokon språk kan du velje mellom?

Del 2

Slå opp på ordet "gråte" i ordbøkene.no.

  1. Kva ordklasse tilhøyrer ordet "gråte"?

  2. Korleis blir "å gråte" bøygd? Trykk på "Vis bøying".

  3. Kva vil det seie å gråte? Sjå på forklaringa i ordboka. Er det nokon av orda i forklaringa du er usikker på kva betyr? Slå i så fall opp og finn forklaring på ordet/orda.

  4. Sjå på døma der ordet "gråte" er brukt i ei setning. Diskuter kva dei ulike setningane betyr med ein klassekamerat.

  5. Kva for eit fast uttrykk er forklart i ordboka der ordet "gråte" er brukt? Kva betyr uttrykket? Diskuter med ein annan elev.

Oppgåve 3. Finn fram i ordboka Lexin

Jobb gjerne saman to og to.

Del 1

Gå inn på nettsida til Lexin.

  1. Kor mange ulike språk finst Lexin på?

  2. Kva språk kjenner du til som Lexin er tilgjengeleg på? Samanlikn svara dine med ein annan elev.

  3. Korleis kan Lexin vere til hjelp når vi lærer oss eit nytt språk?

Del 2

Slå opp på ordet "hund" på norsk i LEXIN-ordboka. I denne oppgåva er det lurt å jobbe saman to og to og diskutere det de finn ut.

  1. Kva ordklasse tilhøyrer ordet "hund"?

  2. Korleis blir ordet "hund" bøygd?

  3. Sjå på bøying av ordet "hund". Kva kjønn har ordet? Korleis finn du dette ut under bøying?

  4. Sjå på døma på uttrykk som ordet "hund" er brukt i frå LEXIN. Kva betyr uttrykka?

  5. Slå opp ordet "hund" på førstespråket ditt viss det er tilgjengeleg i LEXIN. Samanlikn kjønn og bøying av substantivet på norsk og på førstespråket ditt.

Oppgåve 4. Undersøk ulike betydningar av ord

Jobb gjerne saman to og to. Les informasjonen under og sjå på bileta før du svarer på oppgåvene.

Det er ekstra viktig å vere merksam på at nokre ord har fleire betydningar når du lærer deg eit nytt språk. I norsk gjeld det ganske mange ord. Nokre ord kan til dømes vere både substantiv og verb, og då har orda ulik bøying. Det er viktig at du vel rett betydning av ordet, slik at du òg vel rett bøying.

Bileta under viser døme på norske ord med fleire betydningar.

Trestamme med synlege røter. Foto.
Rotete rom med klede hulter til bulter på ein sofa. Foto.
Hoppe steller med følet sitt. Foto.
Tre glade barn som hoppar på ein sti i skogen. Foto.
  1. Søk opp ordet "rot" på norsk i ordbøkene LEXIN  og  ordbøkene.no. Kva for ulike betydningar av ordet "rot" får de opp?

  2. Slå opp på ordet "hoppe" på norsk i ei ordbok. Då ser du at dette ordet har fleire betydningar. Korleis blir ordet "hoppe" bøygd ulikt som substantiv og verb?

  3. Søk opp ordet "ball" i ordbøkene LEXIN og ordbøkene.no. Kva for nokre ulike betydningar av ordet "ball" får de opp?

  4. Kva tips vil du gi til nokon som skal finne rett betydning av eit ord i ordboka? Lag ei liste saman med ein medelev.

    • Snakk felles i klassen om innhaldet i lista etterpå.

Tips

I ordbøkene.no finn du hovudbetydninga av ordet ved å sjå der det er nummerert med dei romerske tala I, II, III og så vidare. Hovudbetydninga er måten ordet som oftast blir brukt på.

Oppgåve 5. Bøying av substantiv, verb og adjektiv

Jobb gjerne saman to og to.

Del 1: Substantiv

Slå opp på substantivet "hus" i ordboka. Vel sjølv kva ordbok de bruker.

  1. Kva kjønn har substantivet "hus" på norsk?

  2. Korleis blir substantivet "hus" bøygd på norsk?

  3. Slå opp på eit anna substantiv som er inkjekjønn på norsk, til dømes "tre", "eple" eller "menneske". Samanlikn med bøying av substantivet "hus". Kva er likt med endingane på substantiva i inkjekjønn?

  4. Kva tre kjønn har vi på substantiv i norsk? Korleis kan de bruke ordboka for å finne ut kva kjønn eit substantiv har?

Del 2: Verb

Slå opp på verbet "springe" i ordboka. Vel sjølv kva ordbok du bruker.

  1. Korleis blir verbet "å springe" bøygd på norsk?

  2. Kva heiter dei ulike verbtidene på norsk?

  3. Korleis blir "å springe" forklart i ordboka?

  4. Kva til verbet "springe" finn du i ordboka?

  5. Korleis blir "springe" bøygd i presens perfektum?

Del 3: Adjektiv

Slå opp på adjektivet "snill" i ordboka. Vel sjølv kva ordbok de bruker.

  1. Korleis blir adjektivet "snill" på norsk?

  2. Kva betydningar har ordet "snill"? Forklar med eigne ord til ein klassekamerat.

Oppgåve 6. Hjelp ein venn

Tenk deg at du har ein medelev som synest det er flautt å bruke ordbok.

  • Skriv ned ein kort oppdikta mellom to personar. Den eine personen skal overtyde kameraten sin om kvifor det er lurt å bruke ordboka.

  • Ha med tips ut frå det du sjølv kan om å bruke ordbøker.

  • Lengde på teksten: cirka 200 ord.

  • Spel ut dialogen som eit skodespel. Bruk storskjerm i klasserommet for å vise døme på smart bruk av ordbok undervegs i skodespelet.

Forslag til start på dialog

(Du kan gjerne velje ein annan start!)

Magdalena: Eg synest det er flautt å bruke ordbok når nokon i klassen ser det.

Ibrahim: Kvifor synest du det er flautt?

Magdalena: ...

Ei jente og ein gut sit ved ein skulepult i eit klasserom. Guten har ein pc framfor seg. Foto.

Relatert innhald

Lær korleis du kan bruke digitale ordbøker til å utvide ordforrådet ditt og forbetre rettskrivinga.

Lær korleis du kan bruke "Bildetema" til å utvide ordforrådet ditt.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2024

Læringsressursar

Nyttige lenker og verktøy