Bruk digitale ordbøker
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Ordbok
- Ei ordbok er ei bok der alle orda i eit språk står. Orda står i alfabetisk rekkefølge.
- Fysisk ordbok
- Ei fysisk ordbok er ei bok som er i papirutgåve. Du blar i ho med hendene til du finn ordet du skal undersøke.
- Digital ordbok
- Ei digital ordbok er ei ordbok som du bruker til dømes på pc, nettbrett og mobil. Der kan du søke etter orda du vil undersøke.
- Ordtilfang
- Ordforrådet ditt er alle orda du kjenner og kan bruke rett i eit språk.
- Målform
- Omgrepet målform er eit anna ord for skriftspråk. I Noreg har vi til dømes to målformer – skriftspråka bokmål og nynorsk.
Ordbøker kan hjelpe deg med å få eit meir presist og godt språk. Du kan mellom anna få hjelp til å
finne betydninga av ord du ikkje veit kva betyr eller er usikker på om du har forstått rett
sjekke rett skrivemåte på ord
sjå kva som er rett bøying av mellom anna substantiv, verb og adjektiv
få forklaring på faste uttrykk
utvide ordforrådet ditt
Vi menneske utviklar språket vårt gjennom heile livet. Jo meir nysgjerrig du er på å lære fleire ord og uttrykk på eit språk, jo betre blir du i språket. Då kan ordboka, både den fysiske og den digitale, vere til god hjelp og støtte. Det er ekstra viktig å bruke ordboka når du held på med å lære deg eit nytt språk.
Hugs
Digitale ordbøker har ulike måtar å vise bøying på. Av og til må du trykke på "Vis bøying" for å få opp bøyinga av ordet.
Her får du litt informasjon om dei mest brukte digitale ordbøkene. Det er lurt å undersøke alle og finne ut kva for nokre du sjølv liker best å bruke.
Ordbøkene – ei mykje brukt ordbok
Ordbøkene.no er nettsida til dei trykte ordbøkene "Bokmålsordboka" og "Nynorskordboka".
Språkval og hjelp til søk finn du øvst på nettsida.
Du kan slå opp både bokmål og nynorsk, eller velje berre den eine målforma.
Du kan få forslag til omsetjing mellom bokmål og nynorsk.
Ordboka kan brukast på eksamen.
Du kan laste ned ordboka som app.
Ordboka blir mykje brukt på norske høgskular og universitet.
LEXIN – digital ordbok spesielt for minoritetsspråklege
LEXIN-ordboka er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar i grunnskulen, vidaregåande og vaksenopplæring.
Ordforklaringane er tilpassa personar med norsk som andrespråk.
I tillegg til bokmål og nynorsk kan du få ordforklaringar på engelsk og mange av dei store innvandrarspråka i Noreg.
Du kan få lese opp ordet ved å klikke på lyd-ikonet ved sida av ordet.
Ordboka kan brukast på eksamen.
Døme
Viss vi slår opp på substantivet "katt" i LEXIN, kjem først ei forklaring og bøying av ordet. Viss du vel polsk som språk, så kjem forklaring opp på nynorsk, engelsk og polsk. Etterpå kjem det fleire uttrykk der ordet "katt" er brukt på norsk.
Lurer du på kva nokon typiske norske uttrykk betyr? Då kan du bruke LEXIN for å sjå om uttrykket er forklart.
Legg merke til
Sjå på biletet frå ordboka LEXIN. Vi har valt nynorsk og polsk som språk og søkt opp substantivet "katt". Korleis blir bøying av substantiv vist i LEXIN? Legg òg merke til forklaring av uttrykk.
Du kan òg søke opp ordet "katt" direkte i LEXIN og undersøke bøyingane der.
Relatert innhald
Lær korleis du kan bruke digitale ordbøker til å utvide ordforrådet ditt og forbetre rettskrivinga.