Hopp til innhald

Fagstoff

Dobbel bestemtheit

Dobbel bestemtheit er veldig uvanleg i språka i verda. Det er ei av årsakene til at så mange synest det er vanskeleg å lære seg. Lær meir om kva dobbel bestemtheit er, og når du skal bruke det.
Ein gammal mann sit i ein stol og ser på eit raudt plastikkfjernsyn. Foto.

Dette er del av ein læringssti. For å komme til første trinn går du til oppgåva "Kva kan du om bestemtheit?".

Før du les:

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Bestemtheit
Bestemtheit er ein grammatisk kategori vi bøyer substantiv og adjektiv i. Til dømes er "mannen" bestemt form av substantivet "mann". På norsk viser vi altså bestemtheit ved å setje ei ending (eit suffiks) på substantivet.
Ubestemt artikkel
Dei ubestemte artiklane på norsk er "ein", "ei" og "eit". Når substantivet står i ubestemt form, bruker vi den ubestemte artikkelen før substantivet: "Eg ser ein gut".
Bestemd artikkel
Dei bestemte artiklane er endingar på norsk. I hankjønnsord er endinga -en (guten), i hokjønnsord -a (dama), i inkjekjønnsord -et (huset) og i fleirtal vanlegvis -ane (gutane).
Frase
Ein frase er eit ledd som inneheld eit eller fleire ord og som høyrer saman. Til dømes er "Den vesle jenta" ein frase i setninga Den vesle jenta kjøper ein sjokolade.
Substantivfrase
Ein substantivfrase er eit ledd med eit substantiv som kjerne. Det betyr at substantivet er det viktigaste ordet i frasen. "Den vesle jenta" er eit døme på ein substantivfrase sidan substantivet "jente" er kjerneordet.
Demonstrativ
Demonstrativ er ord vi bruker når vi viser til ein person eller ein ting. "Den", "denne" og "dei" er døme på demonstrativ: Denne kaka var god.

Kva kan de frå før?

Diskuter i par. Kva er forskjellen på dei to setningane under? De kan snakke om både forma på orda og innhaldet i setningane. Bruk fagomgrep om substantiv og bestemtheit.

  1. Den snille pappaen kjøpte den store bamsen til den vesle dottera.

  2. Ein snill pappa kjøpte ein stor bamse til ei lita dotter.

Kva er dobbel bestemtheit?

Dobbel bestemtheit er når vi lagar bestemt form av fleire ord i ein . Sjå til dømes på denne setninga:

  • Den gamle mannen var veldig snill.

I substantivfrasen "Den gamle mannen" bruker vi både bestemt artikkel "den" og viser bestemtheit på substantivet "mannen" med -en. Derfor kallar vi det dobbel bestemtheit.

Den ubestemte forma av den same frasen hadde vore "ein gammal mann".

Når bruker vi dobbel bestemtheit?

Vi bruker dobbel bestemtheit når eit adjektiv står framfor eit substantiv i bestemt form. Sjå på dømet under. I den første setninga står "bok" i ubestemt form sidan det er ny informasjon. I den andre setninga står substantivet i bestemt form, sidan det er kjend informasjon.

Sidan det står eit adjektiv saman med substantivet i bestemt form, må vi setje inn ein bestemt artikkel: "den":

- Eg har ei ny bok.
- Kvar har du kjøpt den nye boka?

No har vi laga dobbel bestemtheit i den andre setninga. Legg merke til at det ikkje går an å seie Kvar har du kjøpt nye boka? På norsk må alltid den bestemte artikkelen vere med når eit adjektiv står saman med eit substantiv som står i bestemt form.

Test deg sjølv

Éi av setningane under er riktig, mens dei andre to er galne. Klarer du å forklare kvifor?

  • Eg gjekk inn i det store huset.

  • Eg gjekk inn i store huset.

  • Eg gjekk inn i det store hus.

Fasit

  • Eg gjekk inn i det store huset er den riktige setninga. Når substantivet har bestemt form (huset), og det står saman med eit adjektiv (store), må bestemt artikkel (det) stå framfor adjektivet.

  • Eg gjekk inn i store huset er feil fordi substantivfrasen manglar bestemt artikkel (det).

  • Eg gjekk inn i det store hus er feil fordi substantivet alltid må stå i bestemt form saman med bestemt artikkel (det).

Denne/desse/dette

Vi bruker alltid bestemt form av substantivet etter demonstrativa den/det/dei/denne/desse/dette. Dette er ord vi bruker for å peike på noko: Denne leksa var veldig vanskeleg eller Desse kakene var skikkeleg gode.

Demonstrativa viser til noko heilt bestemt, og derfor må substantivet stå i bestemt form. Etter desse må substantivet alltid stå i bestemt form, anten eit adjektiv er med eller ikkje.

  • Denne boka er skikkeleg god!

  • Desse jordbæra smakte lite.

  • Dette året har eg reist mykje.

Adjektivet i bestemt form

Når substantivet står i bestemt form, må òg adjektivet gjere det. Den vanlegaste måten å lage bestemt form av adjektivet på er at det endar på -e, slik det gjer når det står saman med substantiv i fleirtal.

  • Gammal – gamle: Ho kasta dei gamle kleda sine.

  • Snill – snille: Eg koste med den snille hunden.

  • Dyr – dyre: Dei dyre skoa du kjøpte, var fine.

Ei oversikt

Under kan du sjå ei oversikt over bestemt og ubestemt form med artikkel, adjektiv og substantiv:

Dobbel BESTEMTHEIT

Hankjønn

Hunkjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

BESTEMT FORMDen gamle mannenDen snille damaDet fine husetDei fine bøkene
UBESTEMT FORMEin gammal mannEi snill dameEit fint husFleire fine bøker

Enkel hugseregel:

Viss du seier eller skriv den/det/dei eller desse/dette/denne, skal du alltid ha både adjektivet og substantivet i bestemt form.

Vanlege feil

1. Å gløyme suffiks på substantivet

Ein vanleg feil er å bruke bestemt artikkel saman med ubestemt form av substantivet:

  • Den gut er veldig flink til å sykle. (Rett: "Den guten").

  • Den bok var veldig morosam. (Rett: "Den boka").

Ei årsak til feilen kan vere at mange av språka i verda har bestemt artikkel framfor substantivet, men ingen suffiks, slik norsk har. Nokre døme er:

  • Engelsk: A boy – The boy

  • Fransk: Un garçon – Le garçon

  • Tysk: Ein Junge – Der Junge

  • Arabisk: Walad – alwalad

2. Å ikkje bøye adjektivet

Ein annan vanleg feil er å ikkje gi adjektivet bestemt form:

  • Dei norsk tradisjonane er rare. (Rett: Dei norske tradisjonane).

  • Den gammel mannen er snill. (Rett: Den gamle mannen).

Gå vidare i læringsstien for å øve på dobbel bestemtheit.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2024

Læringsressursar

Adjektiv