Hopp til innhald

Fagstoff

Uregelrette adjektiv: gradbøying

I denne fagartikkelen kan du lære korleis du gradbøyer nokre adjektiv som ikkje følger dei vanlege reglane for gradbøying.
104 år gamle kinesiske tvillingar sit overfor kvarandre og ser kvarandre inn i auga. Foto.

Dette er ein del av ein læringssti om adjektiv. Første trinn er fagartikkelen "Alt om adjektiv".

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Adjektiv
Adjektiv er ein ordklasse som beskriv noko. Døme: Elefanten er stor, men musa er lita. Her er "stor" og "lita" adjektiv.
Uregelrett bøying
Uregelrett bøying betyr at eit ord ikkje følger dei vanlegaste reglane ordklassen har. Til dømes er substantivet "mann" uregelrett fordi det ikkje følger dei vanlege reglane for korleis hankjønnssubstantiv blir bøygde: ein mann – mannen – menn – mennene. Regelrett bøying av substantiv som er hankjønn, er: ein gut - guten - gutar - gutane.
Antonym
Eit antonym er eit ord som betyr det motsette av eit anna. Eit døme på eit antonym er: ny – gammal.
Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme: hus, tanke, Adam.

1. Ti vanlege adjektiv som ikkje følger reglane

No skal du lære deg gradbøying av ti vanlege adjektiv som er uregelrette. Åtte av desse er antonym. Antonym er ord som betyr det motsette av kvarandre. Desse er:

  • ung – gammal

  • stor – liten

  • mange – få

  • god – vond

I tillegg skal du lære gradbøying av desse to adjektiva:

  • tung

  • mykje

Bla gjennom presentasjonen under for å lære korleis du bøyer adjektiva, og korleis du bruker dei i setningar.

2. Gradbøying med meir og mest

Mange adjektiv forandrar ikkje form når dei blir gradbøygde. I staden blir orda meir eller mest lagde til framfor dei:

gradbøying med Meir og mest

Positiv

Komparativ

Superlativ

interessantmeir interessantmest interessant

Det er spesielt lange adjektiv og adjektiv som er frå andre språk du skal bøye slik. Her følger ei liste over nokre vanlege adjektiv som du skal bøye med meir og mest framfor:

Gradbøying med meir og mest

Positiv

Komparativ

Superlativ

modernemeir modernemest moderne
spennandemeir spennandemest spennande
praktiskmeir praktiskmest praktisk
typiskmeir typiskmest typisk
opptekenmeir opptekenmest oppteken
interessertmeir interessertmest interessert
nervøsmeir nervøsmest nervøs
populærmeir populærmest populær
einsammeir einsammest einsam
slitenmeir slitenmest sliten

3. Adjektiv som sluttar på -er, -el og -ein

Adjektiv som sluttar på -er, -el og -ein, får ein litt annan skrivemåte i komparativ og superlativ:

Adjektiv med -er, -el og -ein

Positiv

Komparativ

Superlativ

vakkervakrarevakrast
sikkersikraresikrast
travlaretravlast
openopnareopnast

Som du legg merke til, mister orda "vakker" og "sikker" ein konsonant. I tillegg mister alle orda den e-en som står nestsist i ordet.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bøye uregelrette adjektiv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2024

Læringsressursar

Adjektiv