Hopp til innhald

Fagstoff

Å gradbøye adjektiv

Vi gradbøyer ofte adjektiv når vi samanliknar noko. Lær meir om korleis du gradbøyer adjektiv i denne fagartikkelen. I tillegg kan du lese om korleis du bruker gradbøying av adjektiv i setningar.
Zugspitze. Tysklands høgaste fjell. Foto.

Dette er ein del av ein læringssti om adjektiv. Første trinn er fagartikkelen "Alt om adjektiv".

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Adjektiv
Adjektiv er ein ordklasse som beskriv noko. Døme: Elefanten er stor, men musa er lita. Her er "stor" og "lita" adjektiv.
Regelrett bøying
Regelrett bøying betyr at eit ord følger dei vanlegaste reglane ordklassen har. Til dømes er substantivet "gut" regelrett fordi det følger regelen for korleis substantiv i hankjønn blir bøygde på norsk (nynorsk): ein gut – guten – gutar – gutane.
Ending (suffiks)
Ei ending, eller eit suffiks, er bokstavar som blir sette på slutten av eit ord for å forandre det. Til dømes set vi endinga -ar bak substantivet "gut" for å vise at det står i fleirtal: gutar.
Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme: hus, tanke, Adam.

Kva betyr gradbøying?

Gradbøying betyr at vi fortel kva grad eit adjektiv har. Når vi seier at "han er høgare enn henne", samanliknar vi "han" og "henne" ved å gradbøye adjektivet høg.

Vi bøyer adjektiv i tre gradar: positiv, komparativ og superlativ.

Gradbøying av adjektiv

Positiv

Komparativ

Superlativ

høghøgarehøgast
finfinarefinast
snillsnillaresnillast

Regelrett gradbøying av adjektiv

På norsk (nynorsk) er dette regelrett gradbøying av adjektiv:

  • Fin - finare - finast

  • Stygg - styggare - styggast

Vi bruker altså endingane (suffikset) -are og -ast når vi gradbøyer adjektiv regelrett.

Korleis bruker du gradbøying i setningar?

Positiv

Positiv form av adjektivet bruker vi når vi fortel om eigenskapen til nokon:

  • Han er klok.

  • Linda er ei snill jente.

  • Huset mitt er fint.

Vi kan òg bruke positiv når vi samanliknar noko. Sjå til dømes på desse setningane:

  • Eg er like flink som deg.

  • Katten min er like søt som katten din.

  • Huset mitt er like fint som ditt.

Her samanliknar vi to ledd og seier at dei er like ved å bruke frasen "like ... som".

Komparativ

Viss du vil samanlikne ting eller personar og seie at den eine har sterkare grad av noko enn den andre, bruker du komparativ saman med "enn".

  • Eg er flinkare enn deg.

  • Katten min er søtare enn katten din.

Superlativ

Når vi vil seie at noko er den høgaste graden av noko, bruker vi superlativ av adjektivet:

  • Han er flinkast.

  • Katten min er søtast.

Vi bruker ofte superlativ saman med substantiv i . Då skal adjektivet ha ei ending og bestemd artikkel (den/det/dei) framfor seg:

  • Han er den flinkaste i klassen.

  • Katten min er den søtaste i verda.

  • Fjellet er det høgaste i Europa.

  • Eg har det finaste huset av oss.

Samanlikn med førstespråket ditt

Korleis gradbøyer du adjektiv på førstespråket ditt? Prøv deg fram ved å omsetje nokre av døma over. Brukar du ei ending (eit suffiks), slik det er i norsk, eller gjer du det på andre måtar?

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å gradbøye adjektiv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2024

Læringsressursar

Adjektiv