Hopp til innhald

Fagstoff

Uregelrette adjektiv: kjønn og tal

Adjektiv blir bøygde i kjønn, tal og bestemtheit på norsk. Her kan du lære om adjektiva som ikkje følger hovudreglane for bøying i desse tre kategoriane.
Ein lærar rettleier tre studentar i eit klasserom. Dei har oppslåtte skrivebøker, lesebøker og blyantar og pennar på eit bord som dei står og sit rundt. Foto.

Dette er ein del av ein læringssti om adjektiv. Første trinn er fagartikkelen "Alt om adjektiv".

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i teksten:

Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme: hus, tanke, Adam.
Samsvarsbøying
Samsvarsbøying betyr at ord som høyrer saman, skal stå i same form. Eit døme på samsvarsbøying er "ein liten gut" og "den vesle guten". I den første frasen står adjektivet i ubestemd form (liten), sidan substantivet (gut) gjer det. I den andre frasen står både adjektivet (vesle) og substantivet (guten) i bestemd form.
Kjønn
Alle substantiv har kjønn på norsk. Det er tre kjønn: hankjønn (ein hund), hokjønn (ei veske) og inkjekjønn (eit hus).
Tal
Adjektiv og substantiv blir bøygde i tal. Vi har eintal og fleirtal på norsk: Eg ser ein snill gut og tre snille jenter.
Bestemtheit
Adjektiv og substantiv blir bøygde i bestemtheit på norsk. Vi har bestemd og ubestemd form. To døme på ubestemd form finn du setninga: Eg kjøpte ein genser og to bukser. To døme på bestemd form finn du setninga: Eg kjøpte denne genseren og desse to buksene.

Adjektiv og samsvarsbøying

Viss du har gjennomført dei første trinna i denne læringsstien, veit du at du skal bøye adjektiv saman med substantivet dei høyrer saman med. Dette kallar vi . Her er hovudregelen for korleis du bøyer norske adjektiv i kjønn, tal og bestemtheit på norsk:

Adjektiv og samsvarsbøying

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

Fleirtal

Svak bøying

ein fin mannei fin dameeit fint husfleire fine hus

Sterk bøying

den fine mannenden fine damadet fine huset

dei fine husa

I tillegg bør du lære deg nokre viktige frå denne regelen. Her er dei seks viktigaste:

Unntak 1: Adjektiv som endar på -el, -er og -en

Adjektiv som sluttar med bokstavane -el, -er og -en, mister -e i fleirtal og bestemd form. Sjå til dømes på adjektivet "" i denne setninga:

  • Det var ein enkel prøve. No har vi hatt to enkle prøvar denne veka.

Nokre andre døme på adjektiv som endar på -el, -er og -en, er adjektiva sikker – sikre og naken – nakne:

  • Ho var sikker på svaret, men dei andre elevane var ikkje sikre.

  • Den vesle guten bada naken, sidan dei to små jentene òg var nakne.

Unntak 2: Ord som sluttar på dobbel konsonant

Du har lært at du skal legge til ein -t på adjektivet når det står saman med eit inkjekjønnssubstantiv: Det var eit gammalt hus.

Men adjektiv som sluttar på , mister ein konsonant før -t. Sjå til dømes på grøngrønt, villvilt og snillsnilt i desse setningane:

  • Eg har ein grøn bil og eit grønt hus.

  • Eg har ein vill katt. Det er verkeleg eit vilt dyr.

  • Du er så snill. Det er snilt av deg å hjelpe meg.

Unntak frå unntaket

Adjektiva full, viss og spiss beheld begge konsonantane før -t:

  • Beklagar, det er fullt her.

  • Eg har visst gløymt å ringe.

  • Det var eit spisst sverd.

Unntak 3: Korte adjektiv med trykksterk vokal

Korte adjektiv som har på siste , får to t-ar i staden for éin. Sjå til dømes på ny nytt, frifritt, blå blått og grå grått:

  • Eg har ein ny genser og eit nytt belte.

  • Eg er fri, sidan Noreg er eit fritt land.

  • Ho kasta ein blå pose og eit blått band.

  • Vi har ein grå bil og eit grått hus.

Unntak 4: Adjektiv som endar på -ig

Mange adjektiv sluttar på bokstavane -ig (eit ). Døme er vanskeleg, kjedeleg og merkeleg. Desse adjektiva skal ikkje ha -t til slutt:

  • Eg fekk eit vanskeleg spørsmål.

  • Det var eit kjedeleg møte.

  • Dei har eit merkeleg hus.

Unntak 5: Adjektiv som endar på -sk

Mange adjektiv som sluttar med bokstavane -sk, skal ikkje ha t-ending. Dette gjeld mellom anna adjektiv om nasjonalitet. Døme er norsk, arabisk og kinesisk:

  • Han har eit norsk pass.

  • Vi åt eit arabisk måltid.

  • Ho kjøpte eit kinesisk skjerf.

Unntak 6: Adjektiv som endar på -e

Adjektiv som endar på -e, blir ikkje bøygde i kjønn, tal og bestemtheit i det heile tatt. Sjå til dømes på adjektiva moderne, stille og spennande:

  • Vi har eit moderne hus og mange moderne bilar.

  • Ho er ei stille jente og lever eit stille liv.

  • For ein spennande film! Vi må sjå fleire spennande filmar og besøke eit spennande teater.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bøye adjektiv som er unntak.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.08.2024

Læringsressursar

Adjektiv