Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på adjektiv

Øv deg på å bøye adjektiv i kjønn, tal og bestemtheit.
Lærar står og skriv på tavla. Ein gut og ei jente sit i klasserommet. Guten ser på ein pc-skjerm. Foto.

Dette er del av ein læringssti om adjektiv. Før de gjer desse oppgåvene, bør de ha lese fagartikkelen "Alt om adjektiv".

Oppgåve 1. Beskriv klasserommet

Målet med denne øvinga er å øve på å bøye adjektiv i kjønn. I tillegg får de øvd på det-setningar og bestemtheit i substantiv.

  1. Sjå dykk rundt i klasserommet og leit etter ting som tilhøyrer ordklassen substantiv (til dømes tavle, stol og så vidare). Gå så éin og éin opp til tavla og skriv eit substantiv kvar på tavla. Skriv rett artikkel framfor substantivet (døme: ei tavle). Spør dei andre elevane, bruk ordbok eller spør læraren viss de er i tvil om kva kjønn substantivet har.

  2. Ein elev lagar ei det-setning med eit av substantiva på tavla og seier ho høgt, til dømes: "Det er ei tavle."

  3. Neste elev bruker eit adjektiv for å beskrive substantivet. Hugs rett bøying på adjektivet etter kjønnet til substantivet: Det er ei svart tavle.

  4. Så lagar den siste eleven ei setning som startar med substantivet i bestemd form og adjektivet som predikativ: Tavla er svart.

  5. Så vel neste elev eit nytt substantiv. Runden går vidare på same måte. Når alle har sagt noko, startar den første igjen. Hald fram til de har teke alle substantiva på tavla.

Oppgåve 2. Samanlikn med førstespråket dykkar

Korleis ville de ha sagt desse setningane på førstespråket dykkar?

  • Eg ser ei svart tavle. Tavla er svart.

  • Eg ser eit rundt bord. Bordet er rundt.

De går så éin og éin opp til tavla og omset setninga til førstespråket dykkar. Forklar etterpå kva likskapar og forskjellar det er i adjektivbøying på norsk og førstespråket dykkar. Dette kan det vere lurt å legge merke til:

  • Står adjektivet framfor substantivet, slik det gjer i dei norske setningane som startar med "eg" (subjektet i setninga)?

  • Blir adjektiva bøygde i kjønn slik som på norsk? Legg merke til at substantiv ikkje har kjønn på alle språk.

  • Anna?

Viss du er usikker på korleis adjektiva blir bøygde i førstespråket ditt, prøv å utforske det saman med klassen. Forklar høgt korleis du vil seie setningane, og kva ord som betyr "svart", "rundt", "tavle" og "bord".

Oppgåve 3. Finn rett form av adjektivet

Plasser rett form av adjektivet i parentes inn i boksane.

Oppgåve 4. Adjektiv i kjønn og tal

Denne oppgåva skal de gjere i heilklasse eller gruppe. Éin viser oppgåvene, dei andre kjem med forslag til svar.

De skal svare med pronomenet som kan erstatte kjønnet substantivet har + adjektivet i rett form.

Døme:

  1. Spørsmål: Kva farge har skjørtet mitt?

    • De svarer: Det er raudt.

  2. Spørsmål: Korleis er hunden?

    • De svarer: Han er stor.

NB! Nokre stader kan de trykke på ein i-knapp for å få adjektivet de skal bruke i setninga. Forslag til svar ligg òg i presentasjonen, rett etter kvar oppgåve.

Oppgåve 5. Adjektiv, kjønn og tal

Oppgåve 6. Konkret eller generelt?

Beskriv adjektivet noko generelt eller konkret? Det påverkar bøyinga. Døme: Denne pizzaen var god (ein konkret pizza), men Pizza er godt (pizza generelt).

Sit saman i par og diskuter kva som er rett løysing. Snu kortet for å sjå fasiten.

Oppgåve 7. Skriv sjølv

  1. Skriv ei kort historie. Målet er at du skal bruke adjektiva og substantiva i tabellen under i historia di. Prøv å variere setningane slik at adjektivet av og til står framfor substantivet (liten gut) og nokre gonger for seg sjølv som predikativ (guten er liten).

  2. Byt tekst med ein medelev og gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å bøye adjektiva rett. Spør læraren om de er i tvil.

Adjektiv og substantiv

Adjektiv

Substantiv

høg mann
lågdame
finhus
storhage
bråketebarn

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om adjektiv som har spesiell bøying i kjønn og tal.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2024

Læringsressursar

Adjektiv