Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på dobbelt bestemtheit

Saman med den/det/dei og dette/denne/desse skal substantivet og adjektivet alltid stå i bestemt form. Dette kallar vi dobbel bestemtheit. Her kan du finne øvingar som hjelper deg til å bli flinkare i dobbelt bestemtheit på norsk.
Ein liten hund og ein stor hund spring. Foto.

Dette er ein del av ein læringssti. Før du gjer oppgåvene under, er det lurt å lese fagartikkelen "Dobbel bestemtheit".

Oppgåve 1. Forstå dobbel bestemtheit saman

Jobb i par eller grupper med desse oppgåvene:

A. Kvifor bestemt form?

Under ser de tre setningar. Éin er rett og to er galne. Forklar for kvarandre kvifor det er slik. I forklaringa skal de bruke orda "", "bestemt form" og "adjektiv":

  • Eg kjøpte tre kaker. Den gule kake er veldig god.

  • Eg kjøpte tre kaker. Den gul kaka er veldig god.

  • Eg kjøpte tre kaker. Den gule kaka er veldig god.

B. Spør kvarandre

Hald fram med å sitje i par. Ein av dykk har pc-skjermen framfor seg og ber den andre gjere setningane om til bestemt form. Fasiten finn de ved å snu kortet.

Døme:

  • Ein ung mann sit på stolen.

Gjer om til:

  • Den unge mannen sit på stolen.

Oppgåve 2. Finn riktige ord

Dra orda til rett boks. Nokre av alternativa er galne, så dei skal stå igjen.

Oppgåve 3. Gjer om til dobbel bestemtheit

Gjer substantivfrasen om til bestemt form og skriv inn i boksen.

Døme

  • Ein gammal mann søv.

Gjer om til:

  • Den gamle mannen søv.

Oppgåve 4. Fyll inn bestemt form

  • Set inn orda i parentes i bestemt form. Døme:

    Eg har kjøpt [den nye boka] (ei ny bok).

Oppgåve 5. Beskriv eit bilete

  1. Beskriv biletet under ved å skrive på eit ark eller på pc-en din. Når du beskriv biletet, skal du prøve å lage flest moglege substantivfrasar med dobbel bestemtheit. Du kan få hjelp til ord du kan bruke i beskrivinga di viss du trykker på pluss-teikna på biletet.

  2. Byt teksten din med ein annan elev i klassen. Gi kvarandre tilbakemelding på om de har klart å bruke dobbel bestemtheit på rett måte.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.04.2024

Læringsressursar

Adjektiv