Hopp til innhald

Fagstoff

Alt om adjektiv

Adjektiv fortel ofte om korleis noko eller nokon ser ut eller er. Lær (nesten) alt om adjektiv på 500 ord.
Ein stor elefant og ei lita mus. Illustrasjon.

Dette er første trinnet i ein læringssti om adjektiv.

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Predikativ
Predikativ er eit setningsledd som beskriv eit anna setningsledd, ofte eit subjekt eller objekt. I setninga Adam er sjuk er "sjuk" predikativ. Det beskriv Adam.
Setningsledd
Setningsledd er dei ulike delane i ei setning. "Subjekt", "verbal" og "objekt" er tre ulike setningsledd.
Subjekt
Subjektet er den som utfører ei handling i ei setning. I setninga Muhammed drikk vatn er "Muhammed" subjekt.
Substantiv
Substantiv er ein ordklasse med ord som handlar om ting, omgrep og namn. Døme: hus, tanke, Adam.
Pronomen
Eit pronomen tilhøyrer ein ordklasse med ord som kan erstatte eit substantiv i ei setning. Vi kan til dømes erstatte substantivet "jenta" med pronomenet "ho" eller substantivet "huset" med pronomenet "det".
Samsvarsbøying
Samsvarsbøying betyr at ord som høyrer saman, skal stå i same form. Eit døme på samsvarsbøying er "ein liten gut" og "den litle guten". I den første frasen står adjektivet i ubestemd form (liten), sidan substantivet (gut) gjer det. I den andre frasen står både adjektivet (litle) og substantivet (guten) i bestemd form.

Kva er adjektiv?

Adjektiv er ord som fortel om

  • Han er snill.

  • Dei har eit grønt hus.

Orda "snill" og "grønt" er adjektiv. Orda fortel korleis ein person er, eller korleis noko ser ut.

Adjektiv kan stå åleine

I setninga Han er snill står adjektivet "snill" for seg sjølv. Det beskriv "han". Dette er ein vanleg måte å bruke adjektiv på. Vi seier då at adjektivet er predikativ i setninga. Predikativ er eit setningsledd som beskriv .

Adjektiv framfor substantiv

I setninga Dei har eit grønt hus står adjektivet "grønt" framfor eit og beskriv korleis det ser ut. Også dette er ein vanleg måte å bruke adjektiv på på norsk.

Korleis bøyer vi adjektiv?

Vi bøyer adjektiv både når dei står åleine som eit predikativ, og når dei står saman med eit substantiv. Norske adjektiv blir bøygde i tre kategoriar:

  1. kjønn

  2. tal

  3. bestemtheit

1. Kjønn

Norske adjektiv blir bøygde i kjønn. Det er substantivet eller det står saman med, som bestemmer kva kjønn adjektivet skal ha.

Slik bøyer du adjektiva i kjønn:

Adjektivbøying – kjønn

Hankjønn

Hokjønn

Inkjekjønn

fin gutfin jentefint hus

Legg merke til at hokjønn og hankjønn har lik bøying. Du skal altså berre hugse på dette når du bøyer i kjønn: Viss substantivet er inkjekjønn, skal du legge til ein -t.

Døme

– Har du fått ein son? For ein fin gut.

– Ja, han er fin, men du har jo òg ei veldig fin jente!

– Har du forresten høyrt at mamma har kjøpt hus? Det er eit veldig fint hus.

Unntak!

No har du lært at du skal bøye adjektiv i kjønn. Under ser du tre setningar med substantiv som er hankjønn, men adjektivet blir bøygd i inkjekjønn. Kvifor er det slik?

  • Pizza er godt.

  • Det er fint å gå tur.

  • Kjærleik er vakkert.

Svaret er at vi her snakkar om "pizza", "tur" og "kjærleik" som fenomen, som noko generelt. Då skal adjektivet stå i inkjekjønnsform. Substantivet står i ubestemd form nettopp fordi det ikkje er ein spesiell "pizza", "tur" eller "kjærleik" vi snakkar om.

Men om du snakkar om "denne pizzaen", "denne turen" og "denne kjærleiken", altså noko konkret, blir dette rett:

  • Denne pizzaen er god.

  • Denne turen er fin.

  • Denne kjærleiken er vakker.

2. Tal

I tillegg til kjønn bøyer du adjektiv i tal. Det betyr at adjektivet får ulike endingar når substantivet står i eintal eller fleirtal:

Adjektivbøying – tal

Eintal

Fleirtal

snill gutsnille gutar

Døme

– Vennen min er ein snill gut.

– Eg synest alle vennene våre er snille, eg.

3. Bestemtheit

På norsk bøyer du òg adjektiv i bestemtheit. Dette er nokså uvanleg i språka i verda. Adjektivet skal stå i bestemd eller ubestemd form på norsk. Det er forma på substantivet adjektivet står saman med, som bestemmer kva form adjektivet skal ha. Står substantivet i bestemd form (huset), skal òg adjektivet gjere det (det fine huset). Men står substantivet i ubestemd form (eit hus), skal adjektivet stå i ubestemd form (eit fint hus).

Det viktigaste å hugse på her, er at adjektivet skal ha bokstaven -e etter seg når substantivet står i bestemd form:

Adjektivbøying – BESTEMTHEIT

Ubestemd form

Bestemd form

Hankjønnein fin gutden fine guten
Hokjønnei fin jenteden fine jenta
Inkjekjønneit fint husdet fine huset
Fleirtalfleire fine husdei fine husa

Døme

– Huset til mamma er eit fint hus.

– Eg synest heller ho bør kjøpe det fine huset der borte.

Samanlikn med førstespråket ditt

Klarer du å finne ut om adjektiva i førstespråket ditt blir bøygde i kjønn, tal og bestemtheit?

Prøv deg fram ved å omsetje eksempelsetningane til førstespråket ditt.

Kjelde

Golden & Mac Donald (1990). Hva er vanskelig i grammatikken? Sentrale emner i norsk som andrespråk. Universitetsforlaget.

Gå vidare i læringsstien for å øve deg på å bøye adjektiv i kjønn, tal og bestemtheit på norsk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2024

Læringsressursar

Adjektiv