Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på å gradbøye adjektiv

Dette er del av ein læringssti om adjektiv. Før du gjer desse oppgåvene, bør du ha lese fagartikkelen "Å gradbøye adjektiv".

Del 1: Gradbøy adjektiva

Set inn rett form av adjektivet i dei tomme boksane. Forma du skal bruke (positiv, komparativ eller superlativ), står etter setninga dersom du treng hjelp.

Del 2: Positiv – når du seier at noko er likt noko anna

Når du seier at noko er likt noko anna, bruker du adjektivet i positiv form saman med frasen "like ... som":

  • Eg er like flink som deg.

  • Guten er like god som jenta i matte.

Lag setningar der du samanliknar.

Del 3: Skriv eigne setningar med adjektiv i positiv form

No skal du gjere det same som i oppgåve 2, men skrive heile setninga sjølv. Du får to substantiv/pronomen og eit adjektiv. Bruk desse til å lage ei setning med frasen "like ... som".

Døme:

I oppgåva står dette:

  • Guten smart jenta

Du skal skrive:

  • Guten er like smart som jenta.

Hugs stor bokstav og punktum!

Del 4: Samanlikn med adjektiv i komparativ form

Lag setningar der du samanliknar to ting med å bruke adjektiv i komparativ form. Du skal òg bruke ordet "enn".

Døme:

I oppgåva står dette:

  • Guten smart jenta

Du skal skrive:

  • Guten er smartare enn jenta.

Hugs stor bokstav og punktum!

Del 5: Adjektiv i superlativ form

Lag setningar der du seier at substantivet/pronomenet som står først, er aller høgaste grad av noko.

Døme:

I oppgåva står dette:

  • Sonen min smart i klassen

Du skal skrive:

  • Sonen min er den smartaste i klassen.

Du skal alltid bruket verbet "er". Hugs stor bokstav og punktum!

Gå vidare i læringsstien for å lære om uregelrette adjektiv.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2024

Læringsressursar

Adjektiv