Hopp til innhald
Oppgåve

Delta i debatten? Kva debatt?

I desse oppgåvene ser vi nærare på kva debattar som går føre seg om naturbruksnæringane. Skal vi engasjere oss i debattane, og i så fall på kva måte?
  1. Set opp ei liste over nettaviser. Fordel dei i klassen/gruppa slik at alle får ansvar for ei av dei. Gå inn på avisa, og sjå gjennom sakene på framsida. Finn de nokon nyheitssaker som gjeld ei eller fleire naturbruksnæringar? Kva handlar saka om? Noter ned stikkord og fortel att for dei andre.

  2. Ta utgangspunkt i ei naturbruksnæring de kjenner godt. Kva problemstillingar og debattar knytte til denne næringa kjenner de til? Kva er det delte meiningar om, kva blir diskutert?

  3. Ta utgangspunkt i ei sak eller problemstilling knytt til den naturbruksnæringa eller det yrket de kjenner best. Kva går meiningane i denne saka ut på ? Noter ned synspunkta på dei ulike sidene i saka.

  4. Rolleforståing: Viss du vel å engasjere deg i ein debatt som gjeld yrket eller næringa di, kva bør du ta omsyn til når du debatterer? Blir det stilt nokon spesielle krav til deg som profesjonell yrkesutøvar i ein slik debatt, i tilfelle kva for nokre?

  5. Finn saker i media der yrkesutøvarar innan naturbruk uttaler seg. Viser desse debattantane god eller dårleg rolleforståing?

Følg debatten!

  • Set opp ei turnusliste i klassen der ein eller to elevar kvar veke har ansvar for å følgje med i media.

  • Den eller dei ansvarlege kvar veke presenterer ei aktuell nyheitssak som gjeld naturbruk, for resten av klassen og forklarer kva saka går ut på.

  • Diskuter saka i klassen.

Relatert innhald