Er det berekraftig å ete kjøt? - Naturbasert næringsaktivitet (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Er det berekraftig å ete kjøt?

Debatten rundt kjøt og kor berekraftig kjøt er, kan vere heftig, og meiningane er mange. Kva vil det seie at noko er berekraftig? Er det berekraftig å ete kjøt? Set deg inn i problemstillinga gjennom oppgåvene på denne sida.

Det er mange sider som må bli granska når du skal ta stilling til ei sak. Mange debattar er baserte på kjensler eller at dei som debatterer, ikkje har sett seg godt nok inn i alle sider ved saka. I mange tilfelle er det heller ingen fasit på kva som er rett eller gale, men argument både for og imot.

Jobb med oppgåvene nedanfor og få meir kunnskap om problemstillingane knytte til om det er berekraftig å ete kjøt.

Oppgåve 1. Påstandar

I figuren ser du fleire ungdommar som diskuterer temaet kjøt og berekraft. Dei kjem med ulike påstandar. Trykk på påstandane for å få opp kommentarar til det dei seier.

Del klassen i grupper. Kvar gruppe jobbar med kvar sin påstand. De skal ta utgangspunkt i påstanden og finne argument som taler for og argument som taler imot. Alle gruppene presenterer arbeidet sitt for dei andre i klassen etterpå.

Tips! Når du skal finne informasjon på nettet, er det lurt å vere kjeldekritisk. Kven står bak informasjonen? Er avsendaren påliteleg, argumenta saklege og kan påstandane etterprøvast?

Oppgåve 2. Arranger ein debatt

Del klassen i to der den eine delen førebur argument for kvifor det er berekraftig å ete kjøt, og den andre delen førebur argument for kvifor det ikkje er berekraftig. Ta utgangspunkt i innhenta informasjon frå påstandane om kor berekraftig det er å ete kjøt, og sørg for at det er elevar som har jobba med kvar av påstandane over, på begge sider av debatten. Diskuter temaet i ca. 10 minutt.

Trekk fire–fem elevar frå kvar gruppe som så skal debattere temaet. Ein elev får i oppgåve å styre debatten. Ordstyraren rundar av debatten og kjem med ei oppsummering. Resten av klassen er tilhøyrarar og skal kåre den beste debattanten basert på kriterium for kva ein god debattant er.

Ein god debattant

  • svarer på det det blir spurt om
  • lyttar
  • er nyansert
  • debatterer sakleg
  • argumenterer godt for standpunktet sitt

Relatert innhald

Fagstoff
Berekraftig mat

Ta omsyn til miljøet! Kva vi vel å ete, er viktig – ikkje berre for deg og kroppen din, men òg for jorda vår.

Fagstoff
Berekraftig utvikling

Bærekraftig utvikling dreier seg både om miljø, økonomi og sosiale forhold.

Skrive av Jannike Gausdal og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2021